Anne B. Ragde åt egg som blei kalla tilbake: – Eg var dritsjuk

3 hours ago 2


Eg skjønte ingenting av kvifor eg blei så dårleg, fortel Ragde.

Torsdag blei det klart at over 100 tonn med egg blir kalla tilbake frå butikkane. Grunnen er for høgt innhald av vitamin-D i dyrefôr hønene har ete.

Også fleire hundre grisar har fått i seg fôret og har blitt sendt til naudslakt.

Ragde seier ho tidlegare stolte på at egg var ein trygg råvare.

– Det er rett og slett eit tillitsbrot, seier Ragde.

Anne B Ragde på Instagram

Ragde fortalde først om sin oppleving på Instagram.

Foto: Anne B Ragde/Instagram / NRK

– Blei ekstremt kvalm

Folkehelseinstituttet uttalte torsdag at eit vakse menneske må ete over 25 av dei omtalte egga i løpet av dei siste tre-fire vekene for å få i seg nok D-vitamin til å bli forgifta.

– Det trur eg ikkje noko på, seier Ragde.

Ho fortel at ho i tillegg til egga også tar D-vitamin som kosttilskot kvar morgon.

Forfattaren fortel at ho åt to egg søndag. Kort tid etter blei ho dårleg.

Det vara tre-fire timar. Eg sat på ramma, hadde hovudpine og blei ekstremt kvalm, fortel Ragde.

Ho skjønte ikkje kvifor ho blei dårleg og åt eit nytt egg måndag.

– Da gjekk det ei halvtime også var det på ramma igjen.

Etter å ha sett nyheita om egga som blei tilbakekalla, skjønte Ragde kva som var på ferde. På nettet fann ho sine to eggekartongar på lista over dei råka egga.

– Alt er mogleg

Dag Jacobsen er overlege ved Giftinformasjonen i FHI.

Han seier han ikkje ønsker å kommentere Ragde sin oppleving spesielt, men seier generelt at det er mogleg at kosttilskot i kombinasjon med egga kan gi forgifting.

– I ein slik situasjon så bør ein kanskje gå til fastlegen sin og få målt kalsiumnivået i blodet.

– Ikkje minst hjelper det dersom ein sjølv er engsteleg.

Han forklarer at for høgt inntak av D-vitamin gjer at kalsiumnivået i kroppen blir for høgt.

– Det er veldig god behandling for det, fortel overlegen.

Egg

For høgt inntak av D-vitamin kan i neste omgang gi for høge kalsium-verdiar i blodet, fortel overlege Dag Jacobsen.

Foto: Adobe Stocks

Han seier tilstanden kan gi diffuse symptom.

– Det kan vere symptom som litt svimmelheit, kvalme, brekningar og nokon vil også merke høg vasslating og auka tørste.

– Har ein slike symptom bør ein gå til fastlegen eller legevekt og få kontrollert kalsium-nivåa i kroppen.

Kallar tilbake 100 tonn egg

– Dette er egg som kan ha blitt selt over heile landet, sa pressesjef John Trygve Tollefsen i Nortura torsdag kveld.

Seks produsentar av slaktegris og ni eggprodusentar i Trøndelag har fått levert fôr med alvorleg forhøgde verdiar av D-vitamin.

– Det viktigaste no er at dei som har nokon av dei aktuelle egga i kjøleskapet, ikkje eter dei. Dei som har spist mykje egg og har symptom på vitamin D-forgifting bør kontakte lege.

Det sa Ingunn Midttun Godal, administrerande direktør i Mattilsynet i ei pressemelding torsdag.

Publisert 07.02.2025, kl. 11.31 Oppdatert 07.02.2025, kl. 11.32

Read Entire Article