– Brukar 185.000 dollar på eit privatfly over Atlanterhavet for å signere eitt einaste papir i Romania, skriv Tate i eit innlegg på X.
– Uskuldige menn flyktar ikkje.
Beskjeden kjem nesten ein månad etter at brørne fekk oppheva reiseforbodet og flaug til USA.
Den britiske avisa Financial Times hevda at Trump-administrasjonen pressa landet til å la dei få reise. Romanias president Ilie Bolojan seier at han ikkje har hatt nokon slik samtale med Trump.
Andrew (v) og Tristan (h) Tate har vore i USA i nesten ein månad. Her er dei på eit UFC-arrangement i Las Vegas 8. mars.
Foto: John Locher / AP / NTBTate er ein sjølvutnemnd mannssjåvinist, og har blitt utestengd frå blant andre TikTok, YouTube og Facebook for sine mange kontroversielle utsegn.
Slik han gjorde då han kom til USA, minte han fredag sine 10.8 millionar følgarar på X om at «han aldri ein gong har vore igjennom ei rettssak».
Han skriv vidare at han og broren Tristan er i Romania for å «reinvaske seg i retten».
BBC erfarer at dei skal møte i retten førstkomande måndag. Dei har heile tida nekta straffskuld.
Skulda for valdtekt og menneskehandel
Tate-brørne har både britisk og amerikansk borgarskap, men har dei siste ti åra budd i Romania.
Der er dei skulda av påtalemakta for menneskehandel og å ha forma ei organisert gruppe for å seksuelt utnytte kvinner.
Andrew Tate er også skulda for valdtekt, og blei dømd til husarrest av rumenske styresmakter i august 2024.
To rumenske kvinner er skulda saman med dei, og nektar også straffskuld.
Brørne blir i tillegg etterforska av britiske styresmakter for separate skuldingar der, også for valdtekt og menneskehandel.
I tillegg bestemte ein britisk domstol i desember at dei skulda 27 millionar kroner i skattepengar til styresmaktene, som politiet kunne beslaglegge.
Tate svarte den gongen at dommen var urettvis, og kalla den for eit koordinert angrep.
Publisert 21.03.2025, kl. 19.56 Oppdatert 21.03.2025, kl. 19.58