Anders og Eirik si sprø julefeiring: Gjekk Kilimanjaro på ski på julaftan

12 hours ago 7


– Eit utruleg eventyr, seier Anders Aukland.

Julaftan kom han og kameraten seg til toppen av Kilimanjaro, den høgaste fjelltoppen i Afrika.

Det er nokre veker sidan Aukland fekk ein spesiell telefon frå ein guide.

– Han hadde fått lov til å ta med nokon til å gå på ski opp Kilimanjaro. Ingen har vore der på ski før, seier Aukland.

Han erkjenner at det har vore nokon på ski på Kilimanjaro før, men det er uoffisielt og gjort utan tillating. Dessutan er det ingen som har køyrt på ski nedi krateret på toppen, meiner Aukland.

Dobbelt så fort som vanleg

Før jul reiste Aukland og Bruland frå Noreg. Med seg på turen sørover hadde dei særleg éi stor bekymring.

Høgdesjuke.

– Det kan komme brått og bli så alvorleg at du må dra rett ned, seier Aukland.

Faren for å bli sjuk var ekstra stor sidan Aukland og Bruland skulle klatre opp på Kilimanjaro på kort tid i forhold til kva som er vanleg.

I podkasten «Skiklubben» fortalde Aukland om korleis turen kom i stand.

– Vi skal opp fire dagar, og det er vanleg å gå opp på sju–åtte dagar og gå ned igjen på dag ni. Det blir dobbelt så fort, fortalde Aukland før avreise.

Anders Aukland og Eirik Bruland ankommer toppen.

HEILT TOPP!: Anders Aukland og Eirik Bruland på toppen av det høgaste fjellet i Afrika.

Foto: PRIVAT

Nå er toppen nådd. Dermed fekk han det han ønskte seg til jul: Å få gått ein ordentleg skitur. At kameratane fekk gå ein stad ingen andre har gått på ski, er nok ein solid bonus.

– Vi er i alle fall dei første som har gått på ski nedi krateret, og vi sov på toppen. Eit utruleg eventyr, seier Aukland, og legg til at dei er «ganske slitne».

Utrulege rekordar

Etter enda karriere har Anders Aukland nærast blitt eventyrar. I 2018 prøvde han å sette rekord i å gå over Grønland. Også den gong var Eirik Bruland med på laget.

I 2021 gjekk Aukland «den lengste skituren i verda» da han gjekk 700 kilometer. Det brukte han 41 timar på. Eirik Bruland var med da òg.

Publisert 25.12.2024, kl. 14.25 Oppdatert 25.12.2024, kl. 14.32

Read Entire Article