– Då skal eg få lov til å overlate klubba til ny leiar for Trøndelag Ap, Amund Hellesø.
Det seier Ingvild Kjerkol når det no er klart kven som tar over etter at ho går av som leiar for Trøndelag Ap.
Amund Hellesø blei einstemmig vedtatt som ny leiar for Trøndelag Ap, til både applaus og jubel frå salen.
Amund Hellesø blei einstemmig vald inn som ny leiar for fylkespartiet.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK– Takk for meg og lukke til Amund, seier Kjerkol til slutt.
Hellesø ordførar i Nærøysund kommune og går frå rolla som nestleiar til å bli leiar for Trøndelag Arbeidarparti.
– Dette blir artig. Det er viktig at me skal ha det artig. Det me held på med artig og viktig, seier den nyvalde leiaren.
– Har vore ein del uro i partiet
Årsmøtet i Trøndelag Ap gjekk føre seg nokså roleg – utan opne personkonfliktar frå talarstolen.
– Det har vore ein del uro i partiet her i Trøndelag, og kanskje spesielt i det gamle Sør-Trøndelag. No handlar det om å samle oss og sjå framover.
Det seier leiar for valkomiteen, Gunnar Thorsen. Han siktar til at det dei siste åra har personkonflikt og dritslenging frå open talarstol prega møta særleg i Trondheim Ap.
– No handlar det om å samle oss, sjå framover og få med folk som kan jobbe godt i lag.
Og som komiteen ønska blei Amund Hellesø vald inn som ny leiar for Trøndelag Ap og får jobben med å samle troppane.
– Han har stor arbeidskapasitet. Han har eit stort nettverk og er dyktig. Han har eigentleg alt som skal til for at me no skal same oss, seier Thorsen.
På årsmøtet har Trøndelag Ap diskutert politikk og ikkje krangla om personar.
Ingvild Kjerkol saman med Emil Raaen som held fram som nestleiar og ny leiar Amund Hellesø.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKKjerkol gjer seg i politikken
– Talen min er prega av at eg no forlèt politikken.
Slik opna Ingvild Kjerkol årsmøtet i Trøndelag Arbeidarparti.
– Me som parti fornyar ikkje politikken vår raskt nok. Dette må me jobbe med, seier ho til dei som no skal ta partiet vidare.
Ingvild Kjerkol blei takka av med ståande applaus.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK– Har me på mi vakt i partiet evna å sette ubehagelege tema på dagsorden?, undrar Kjerkol.
Dette meiner ho partiet må bli flinkare til framover.
Kjerkol avsluttar talen med å takke partikollegaane sine for at ho i 30 år har fått halde på med politikk.
– Det har vore eit formidabelt privilegium. Tusen takk alle saman.
Publisert 16.03.2025, kl. 12.26 Oppdatert 16.03.2025, kl. 12.51