Amerikanske forskarar til NRK: Slik går Trump til angrep på vitskapen

7 hours ago 4


Effektane av Donald Trump sin nye forskingspolitikk kan merkast heilt til Noreg.

Det seier Studentanes og akademikaranes internasjonale hjelpefond (SAIH), som denne veka heldt konferanse om akademisk fridom i Oslo.

– Akademikarar som har blitt inviterte hit frå USA har blitt bedne av sine tryggingsnettverk om å halde ein låg profil og ikkje snakke med media, seier leiar Selma Bratberg.

Blond kvinne med kort hår og en gul strikket vest

Selma Bratberg, leiar i SAIH.

Foto: SAIH

Slike tendensar er ikkje nye for arrangørane, fortel ho. Dei har i ei lang årrekke invitert medlemmer av det internasjonale forskingssamfunnet til Noreg.

– Men metodane vi ser at Trump-administrasjonen brukar, som å arrestere studentaktivistar og kalle dei for terroristar, og å seie opp akademisk tilsette, er vi vane med å sjå frå autoritære leiarar.

Sidan Trump igjen blei president i januar, har han innført ei rekke tiltak som avgrensar moglegheita til å drive forsking på tvers av akademiske institusjonar.

NRK har snakka med to forskarar i USA (ikkje konferansedeltakarar) om korleis dei har merka endringane på sine universitet.

Frysing av midlar til forsking

Carina Curto er professor i omvendt matematikk ved det private eliteuniversitetet Brown university.

I starten av januar sat Curto i ein av komiteane som bestemmer kva for nokre forskingsprosjekt som skal få føderal pengestøtte.

Men med ein gong Donald Trump blei president på nytt, blei denne prosessen sett på pause, fortel Curto til NRK.

– Komiteleiaren forsvann i ei stund. Vi byrja å få automatiske svar på e-post om at dei ikkje var på kontoret, seier ho.

Merker i gresset etter teltene til pro-palestinske demonstranter utenfor Brown-universitetet.

Brown er eitt av universiteta i USA som har hatt store pro-palestinske demonstrasjonar etter 7. oktober 2023. Her er merke i graset etter teltleiren på universitetsplassen, i april 2024.

Foto: David Goldman / AP / NTB

– Utbetalinga av alle stipendpengar, til og med stipenda som allereie hadde blitt godkjente, blei stoppa.

Styresmaktene måtte ha tid på seg til å luke ut søknadar som ikkje var i tråd med presidenten sine nye retningslinjer.

Carina Curto

Carina Curto ved Brown University.

Foto: Brown University

– Det var det første teiknet på at noko var alvorleg gale, seier Curto.

No meiner ho at administrasjonen har gått til målretta angrep på forskingsfridomen i USA.

– Visepresidenten vår, for eksempel, har gjort det veldig tydeleg før at han meiner universiteta er fienden, held ho fram.

– Han har talar der han har sagt at dei kontrollerer kunnskapen, og at ein ikkje bør tillate at dei fortset slik.

– Panikk

Trump-administrasjonen har bestemt at alle forskingsbevillingar frå Dei nasjonale helseinstitutta (NIH) skal kuttast.

Det er den største finansieringskjelda til medisinsk forsking i heile verda.

Celeste Kidd, psykologiprofessor ved Berkeley-universitetet i California, seier dette særleg råkar universiteta.

– Når eg får eit stipend frå Det nasjonale forskingsrådet (NSF) eller NIH, går delar av budsjettet til universitetet som husar forskinga, seier ho til NRK.

en gruppe mennesker demonstrerer utenfor en bygning

Etter at forskingsbevillingane blei kutta, var det stordemonstrasjon utanfor NIH-bygget i Maryland.

Foto: MICHAEL MATHES / AFP / NTB

Denne blei endra 7. februar frå drygt 50 prosent til 15 prosent over natta.

– Det førte til panikk. Alle universiteta opplevde eit umiddelbart tap på mange millionar dollar, seier Kidd.

– På eit visst nivå, dersom delen til universitetet er for låg kan dei ikkje støtte forskarane. Då vil dei ikkje ha pengane, for det er betre å ikkje drive med forskinga.

Administrasjonen har også sagt opp ein av ti tilsette i NSF.

I løpet av dei neste to månadane er planen å også seie opp mellom ein fjerdedel og halvparten av alle tilsette ved NIH, skriv forskingstidsskriftet Science.

Til no er det sagt opp 1200.

Ei liste over forbodne ord

PEN America, som jobbar for å verne om ytringsfridom i USA, har samla ei liste over ord som har blitt systematisk fjerna frå offentlege nettsider og dokument.

Administrasjonen til Trump har også bede om at orda blir fjerna frå ei rekke materiale, som skulepensum. Blant dei er «LGBT», «funksjonsnedsetting», og «kvinne».

Liste over fy-ord frå PEN America

Liste over fy-ord, publisert av PEN America. Kjelda er nyheitsartiklar frå New York Times, Reuters, Washington Post, Pro Publica, Science, Gizmodo, 404 Media, Popular Information og More Perfect Union.

Foto: PEN America

Som del av sitt initiativ mot mangfald og inkluderingsregelverk (såkalla DEI), blir forskingsartiklar og universitetsprogram flagga dersom dei inneheld nøkkelord som dette.

– Dersom du er nokon som driv med medisinsk forsking, og du ser på helseforskjellane til kvite og svarte pasientar, for eksempel, kan stipendet blir flagga, seier Kidd.

– Forsøket på å gjere slutt på DEI-program gjer også slutt på mykje grunnleggande forsking, slik det blir gjennomført.

Kvinne med kort brunt hår og høyhalset mørk genser

Celeste Kidd ved UC Berkeley.

Foto: UC Berkeley

Det er likevel ikkje all forsking i USA som blir råka. Forsking på kunstig intelligens og kvantecomputerar er skjerma frå Trump sine tiltak.

Det at innstramminga skjer så raskt, og over så mange fagfelt, er ein del av Trump sin plan, meiner Kidd. Ikkje minst ved at den skapar frykt.

Det er også viktig at forskarar i Noreg held eit auge med endringane, meiner Bratberg i SAIH.

– USA er det landet norske institusjonar for høgare utdanning samarbeider mest med. Difor tenker eg at dette er ein realitet vi også må forhalde oss til, seier ho.

– Det at det skjer i eit land som vi er vane med å sjå på som ein tett alliert, og ein av dei fremste nasjonane innan akademia og forsking, er veldig nytt og sjokkerande.

Publisert 27.04.2025, kl. 22.33

Read Entire Article