Amalie (26) og Fanny (22) er i verdstoppen – det vil USA utnytte

2 hours ago 2


– Vi blir intervjua og dei dokumenterer vår reise inn mot VM, seier Fanny Nupen (22).

Ho er ein del av det norske landslaget i cheerleading saman med Amalie Barvang (26).

Rundt dei kokar det i Oppsal Arena i Oslo. Tolv norske lag har oppvisning før VM som nyleg var i Orlando.

Cheerleading

LUFTIG: 12 norske lag hadde oppvisning i Oppsal Arena. Det betyr luftige svev og akrobatikk.

Foto: Håvard Bergheim / NRK

Hallen er stappa med publikum. Det hoiast og det heiast. Det løftast og det hoppast. Bevegelsane er samstemte og koordinerte.

Noreg er i verdstoppen i cheerleading. Det har dei oppdaga i USA.

Cheerleading

STOR SPORT: Cheerleading er ein dei mest ikoniske lagidrettane i USA

Foto: AP

– Gode genar

På oppdrag frå Det internasjonale cheerleading-forbundet (ICU) har eit amerikansk TV-selskap følgt norsk cheerleading tett i to månader.

ICU blir no leia av amerikanaren Karl Olson, som har gjort det klart at eit av hovudmåla hans er å bidra til at sporten veks globalt.

Cheerleading 2

TETT PÅ: Det amerikanske produksjonsselskapet Knockout Shorts på jobb i Oppsal Arena.

Foto: Håvard Bergheim / NRK

Resultatet av arbeidet tv-selskapet gjer, skal bli ein dokumentar som skal visast fram til Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) til sommaren. Målet er å overtyde IOC om å ta sporten inn på OL-programmet i Brisbane i Australia i 2032.

– Eg veit ikkje kva de har i genane, men nordmenn er veldig atletiske, smiler produsent Chris Crema.

Chris Cerma

PRODUSENT: Chris Crema har følgt norsk cheerleading i to månader.

Foto: Håvard Bergheim / NRK

– Noreg er eit land som er kjent for å produsere idrettsutøvarar på høgt nivå. I USA er dei ikkje klar over kor stort cheerleading er blitt i resten av verda. Noreg er best i Europa og tek medaljar i VM. At eit så lite land er gode i cheerleading vil vi vise fram for IOC, seier Crema vidare.

Oppsal Arena er full av topptrente og sterke unge menn og kvinner. Amalie Barvang og Fanny Nupen er botnseriøse.

– Det blir trening kvar dag med lagtrening og styrketrening, seier Amalie.

– Vi er oppe i ni økter i veka, seier Fanny.

Benedicte Brønner

LANDSLAGSTRENAR: Benedicte Brønner Arnestad har lang erfaring i norsk cheerleading.

Foto: Håvard Bergheim / NRK

– Det er toppidrett på lik linje med dei som driv med fotball og ski, men dessverre ein idrett ein ikkje kan drive med utan ein jobb ved sidan av. Det drivast på hobbybasis, seier landslagstrenar Bendicte Brønner Arnestad.

– Trongt nålauge

Det er registrert rundt 7000 utøvarar i Noreg fordelt på rundt 50 klubbar, ifølge Noregs Amerikanske Idretters Forbund.

Til samanlikning har USA rundt 4 millionar registrerte utøvarar. Og sporten blir rekna som ein av landets mest ikoniske idrettsaktivitetar.

– Det er den ultimate lagidretten. Det handlar om samarbeid, akrobatikk, energi og uttrykk. OL er ute etter denne type idrettar som fenger publikum, samtidig som det er ein sport med høg vanskegrad, seier president Richard Vogt i det norske forbundet.

Cheerleading i Norge

MASSE: Det er registrert rundt 7000 cheerleading-utøvarar i Noreg.

Foto: Håvard Bergheim / NRK

Han trur nålauget for å komme inn i OL likevel blir trongt.

– Det internasjonale forbundet skal prøve å overtyde IOC i løpet av sommaren, men avgjerda om å komme med kjem ikkje før om to år, seier Vogt.

Produsent Chris Crema meiner Noregs suksess i vinter-OL kan påverke IOC. Noreg sette ny historisk OL-rekord under Vinter-OL 2026 i Milano og Cortina med totalt 40 medaljar i eitt og same meisterskap.

– Det blir vanskeleg for komiteen å sjå bort ifrå det, meiner han.

Produksjonsselskapet følgde dei norske laga i VM i Orlando i USA nyleg der Noreg blant anna kom heim med ein bronsemedalje. I tillegg til Noreg skal dei filme i Mexico, Australia og USA.

– Så får vi sjå kva IOC bestemmer seg for. Eg kryssar fingrane.

Oppsal Arena

HARD KAMP: Richard Vogt er president i Noregs Amerikanske Idretters Forbund.

Foto: Håvard Bergheim / NRK

– Viking-blod

I Oppsal Arena jublar publikum når utøvarane tek salto i lufta. I kiosken er dei tome for pølser, men du får framleis vaflar og toast.

Det er ein idrett langt ifrå medienes søkelys i Noreg. Det er norsk breiddeidrett på sitt beste.

Cheer

OPPVISING: Både cheerleading og danselag hadde oppvisning i Oppsal Arena i Oslo.l

Foto: Håvard Bergheim / NRK

Landslagstrenar Benedicte Brønner fortel at Noreg har bevega seg mot verdstoppen over fleire år.

– Vi er sterke og har litt vikingblod i oss som gjer at vi stiller litt sterkare enn dei andre, ler ho.

NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt meiner sporten har det som skal til for å bli ei framtidig OL-grein.

Jan Petter Saltvedt

NRK-KOMMENTATOR: Jan Petter Saltvedt.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

– Det er ekstremt atletisk, men samtidig glamorøst. Dei har også klassar der kjønna konkurrerer saman og det har vore veldig attraktivt for IOC de siste åra.

– I tillegg appellerer sporten til eit publikum ein verkeleg ønsker å fange opp i OL-nettet, nemleg unge, kjøpekraftige kvinner, seier Saltvedt.

– Kanskje for gamle

– Det er gøy at vi får meir merksemd og at vi blir meir sett, seier Amalie Barvang i Oppsal Arena.

cheerleading 3

Foto: Håvard Bergheim / NRK

No håpar ho idretten blir innlemma i dei olympiske leikane, men med ein bismak.

– Eg synest det er kult at vi blir anerkjent. Men det er synd at det er så lenge til - fordi eg byrjar å bli litt for gammal til å kunne vere med, ler 26 år gamle Amalie

– Kanskje eg har lagt opp i 2032, vi får sjå kor lenge kroppen held, smiler 22 år gamle Fanny Nupen.

Publisert 05.05.2026, kl. 05.17

Read Entire Article