Alvorleg ulykke på E39 i Volda

1 hour ago 4


To bilar, med tre personar, er involverte i ei trafikkulykke på E39 ved Egset i Volda.

Dei tre personane blir tatte med til traumemottak til Volda sjukehus. Skadeomfanget er ukjent, melder politiet.

Kø ved ulykke i Volda

E39 mellom Volda og Ørsta blei stengd på grunn av ulykka.

Foto: Berge Myrene / NRK

Vegen blei stengd som følge av ulykka. Det går nå føre seg omkøyring, og det går føre seg undersøkingar på staden.

Ein krimteknikar er send til ulykka frå Hovdebygda.

Politiet seier det er ei alvorleg ulykke. Dei ber om eventuelle vitne å melde seg til dei på 02800.

Politiet melde om ulykka klokka 08.00.

Publisert 27.02.2026, kl. 08.32 Oppdatert 27.02.2026, kl. 08.58

Read Entire Article