To personar skal vere involvert i ei sykkelulukke i Fjaler kommune i Sunnfjord i Vestland. Ein forbipasserande kom over dei to liggande ved vegen. Det er ukjent kva som har skjedd og om det er nokon skadar på personane.
Luftambulansen og brannvesen er staden, og politiet er på veg.
– Brannvesenet er på staden og bistår helsevesenet. Det er ei alvorleg sykkelulukke, seier vaktkommandør Shahrooz Lahooti ved 110-sentralen.
Like før klokka 19 blir den eine personen frakta bort i luftambulanse. Tilstand og skadeomfang er ukjent, ifølgje Kolltveit.