Almesjuka spreier seg – kan føre til massiv almedød

1 day ago 3


Innimellom den frodige lauvskogen i Framfjorden i Sogn, stikk visne, grå og døde almetre opp.

Dei er råka av almesjuka, også kalla «almedøden».

Sjukdommen er ein visnesjukdom som kan drepe eit tre i løpet av éin eller to sesongar.

Seniorrådgjevar hos Statsforvaltaren i Vestland, Maria Knagenhjelm, er uroa.

– Denne sjukdommen kan føre til ein massiv almedød i store delar av landet.

Alma er strekt truga og på raudlista.

Samstundes er den heimen til mange artar som biller, insekt, flaggermus, og fuglar.

– Det er veldig mange artar som er avhengig av alm for å fullføre sin livssyklus, seier Knagenhjelm.

Trea kan bli 40–50 meter høge og 400 år gamle.

Breier seg utover

Det finst ingen oppdatert nasjonal kartlegging av kor utbrett sjukdommen er i Noreg, men i utsette område kan opp mot halvparten av trea vere smitta.

Sjukdommen blei oppdaga rundt Oslofjorden på 60-talet og har lenge berre vore på Austlandet.

Men dei siste fem åra har sjukdommen spreidd seg meir.

I 2020 blei almesjuke observert i Arendal, og i 2023 blei den påvist i Sogn og i Kristiansand.

Året etter blei det gjort ei mindre kartlegging som viser at almesjuke har starta å breie seg ut langs Sognefjorden, noko Sogn Avis har skrive fleire saker om.

Kartlegginga viste også smitte i Vennesla, Kristiansand, Arendal og Gjerstad.

I Moss har kommunen bede innbyggarane om hjelp til å overvinne sjukdommen etter ein kraftige auke i sjuke tre i fjor sommar.

Sjukdommen herjar også i Europa. Enkelte stadar kan opp til 90 prosent av trea vere skadde, særleg Storbritannia, Nederland og Tyskland.

En skog av trærEt nærbilde av en tregren

Både blada og stammen visnar av sjukdommen.

Bille- og menneskesmitte

Sjukdommen spreier seg i hovudsak via ei bille, Almesplintboren, som ber på soppsmitte.

Soppen hindrar vasstransporten i treet, noko som fører til at treet visnar og døyr.

– Almesjuke er ein av dei mest akutte sjukdommane forårsaka av soppar vi har på store tre, seier Isabella Børja.

Ho er seniorforskar ved Nibio og professor ved NMBU.

almesplintborer

Slik ser gangsystemet til almesplintborer ut.

Foto: Lars Ove Hansen / NIBIO

Ifølge Børja er vidare spreiing i Noreg avheng av om billene ber soppsmitte og kor mange biller som angrip kvart enkelt tre.

Også menneske kan bidra til smitte ved å frakte smitta materiale, utan å vere klar over det.

– Eg er meir bekymra for uvitenheiten som kan ende opp i konsekvensar som vi helst ikkje vil ha.

Menneske har truleg frakta sjukdommen til Vestlandet og Sogn.

almesplintborer

Almesplintborer (Scolytus laevis) er utbreitt der det finst alm, både på Austlandet og Vestlandet.

Foto: NIBIO

Vanskeleg å bli kvitt

Ein kan først sjå smitta i krona, der blada blir gule, deretter brune.

Når sjukdommen først har fått tak, kan den vere vanskeleg å bli kvitt.

Det finst ein vaksine, men vaksineringa må gjerast ofte. Den blir derfor berre brukt på nokre få, spesielt verdifulle tre.

Viss det er lite smitte, er det også mogeleg å skjære vekk sjuke greier.

Men ifølge Knagenhjelm vil det krevje mykje arbeid.

– Alt av lovverk, kvist og stammen, må brennast og destruerast.

Ho rår folk til å ta kontakt med kommunen dersom dei oppdagar almesjuke på tre.

Maria Knagenhjelm ser på ei frisk alm

Maria Knagenhjelm har ein stor, frisk alm på tunet sitt. Ho håper den ikkje blir råka av sjukdommen.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Publisert 01.08.2025, kl. 16.58

Read Entire Article