– Eg ville ikkje sagt at kvisene berre forsvann, men eg kjente på ein stor forskjell, seier Aline Catarina (22).
Ho begynte å ta sea moss gel tidlegare i år.
Dette er ein tjukk gelé laga av ein alge frå hava i Karibia, som seljast på glas i helsekostbutikkar.
NRK har snakka med fleire slike butikkar, som seier det har blitt populært – spesielt blant dei under 30 år.
Mange deler eigne erfaringar på sosiale medium.
Søker du på «sea moss» på TikTok får du opp over 300.000 videoar.
Dei mange minerala stoffet inneheld skal visstnok gi helsefordelar som reinare hud, betre fordøyingssystem og styrka immunforsvar.
Å ete ei spiseskei eller to kvar dag skal vere nok.
Eit «TikTok-produkt»
– Salet har verkeleg eksplodert. Ofte kan vi sjå det på kunden når dei kjem inn døra, kva dei er på utkikk etter.
Dagleg leiar og medeigar av naturkostbutikken Røtter i Oslo, Anders Petersen, visar veg til kjølehylla.
Her står glasa med sea moss gel på rekke og rad, med ulike smakar og fargar.
Hos Røtter har dei selt produktet lenge, seier Petersen. Men det er først no det har vorte verkeleg populært.
Han trur sosiale medium påverkar kva som blir populært av kosttilskot.
– Det er ei veldig her-og-no-marknadsføring. Mykje er jo reine såkalla «TikTok-produkt», som berre sel godt fordi folk snakkar om det på TikTok.
Det var nettopp TikTok som gjorde at Aline først prøvde det.
– Eg såg veldig mange forskjellige videoar om kva det gjer. Eg var i ei fase der eg ville starte med sunt kosthald og måtte ha ei ny rutine. Så eg tenkte eg ville prøve sea moss, fortel Aline.
Ho meiner ho såg resultat etter ein månads tid.
– Det var huda og håret, men spesielt huda. Det høyrest litt rart ut, men den gløda.
– Bortkasta pengar
Men ikkje alle er like begeistra for alge-geléen frå havet.
– Dette er totalt bortkasta pengar, seier klinisk ernæringsfysiolog Tine Sundfør.
Ho lar seg ikkje imponere over innhaldet.
– Det gir deg ingen verdi, for innhaldet av alle desse vitamina og minerala er så lågt at det ikkje vil gi nokon helsegevinst.
Men eitt stoff meiner ho det er for mykje av: natrium.
– Det inneheld såpass mykje natrium, som er den delen av saltet som kan vere skadeleg, at om det skal ha nokon som helst effekt så er den negativ, seier ho.
Sundfør trur unge kan la seg påverke av at dei får opp mykje reklame på sosiale medium.
– Det er berre trist, fordi unge menneskje i dag er jo så kloke!
Ho oppfordrar dei til å gjere research og tenkje seg om før dei hoppar på nye kosthalds-trendar.
– Om du skal kjøpe deg ein genser til vinteren, vil du kanskje sjekke om det er ull i den eller ikkje. Det same gjeld kosttilskot, du må begynne å sjå kva som står bak på pakka, og samanlikne med kor mykje du skal ha av desse stoffa.
Sundfør påpeiker at det ikkje er bra å få i seg verken for lite eller for mykje av ting.
– Det viktigaste er å ete bra mat. Det er det som gir deg god helse, seier ho.
Aline er einig med ernæringsfysiologen om at «sea moss gel» ikkje er nokon mirakelkur.
Likevel trur ho at det kan motivere til å ta sunnare val.
– Det tvinger deg til å ha ei rutine. Det hjelper deg med å føle at «no må eg faktisk ete sunt om eg skal drive med det her», seier ho og legg til:
– Eg kan ikkje ta det her og ete McDonald's, liksom.
Publisert 12.01.2025, kl. 15.05