Ein sommardag i 2023 sette Åge Rosenberg og kona ut fem garn i sjøen utanfor turistbygda Rosendal ved Hardangerfjorden.
Garna vart sette over 100 meter frå utløpet av elva, men i ein munningsfredingssone.
Der burde dei aldri ha vorte sett. For i denne sona gjeld det spesielt strenge reglar.
– Heile greiene har vore eit mareritt, seier 66-åringen til NRK.
Omringa av høge fjell, under steikande seinsommarsol, peiker han på staden der garna vart sette.
Folk på land såg kva han heldt på med og tipsa Statens naturoppsyn.
170 meter med garn vart sett i Rosendal. Det er strengt forbode å fiska med garn i forbodssona, men både Rosenberg og andre i området seier det ikkje er eit einaste skilt som opplyser om det.
Foto: Statens naturoppsyn / NRKLang runde i rettsapparatet
Dei var på plass allereie same natt, og då Rosenberg tok opp garna neste morgon slo dei til.
– Garna vart sett i eit område der bestanden av laks og sjøaure er aller mest kritisk. Dessutan vart garna sett om sommaren. Då er sjansen størst for at det står laks eller aure i sona og ventar på å gå opp i elvene. Difor er det potensielt veldig alvorleg, seier Rune Mikkelsen i Statens naturoppsyn.
Han fortel at fredingssona skal beskytta i alt tre elver i området, og at bestanden er mest kritisk i Rosendalselva.
Då garna vart teke opp, var det fire aure i dei.
– Dette kunne potensielt ha hatt store negative konsekvensar for elva, meiner Mikkelsen.
Fangsten vart beslaglagt og saka meldt til politiet.
– Eg la meg langflat, og erkjente forholdet, seier Rosenberg.
Men det han trudde skulle verta ei bot, enda i staden opp med ein lang runde i rettsapparatet.
Både Rosenberg og kona er tidlegare ustraffa.
I dette området i Rosendal må du vera nøye om du skal fiska. Dette er ein så kalla munningsfredingssone, der det er spesielt strenge reglar.
Foto: Olav Røli / NRKVille inndra båten
Påtalemakta meinte nemleg dette var eit grovt lovbrot, og la ned påstand om fengsel utan vilkår i 24 dagar, tap av rett til garnfiske for alltid, og inndraging av verdien av båten.
Rosenberg har ein 17 fot stor skjergardsjeep, med ein motor på 90 hestekrefter.
– Det er heilt sjukt at dei ville inndra verdien av båten. Den brukar eg også i samband med jobben min, seier Rosenberg sjølv.
Men Haugaland og Sunnhordland tingrett var ikkje samd med påtalemakta og landa på anna straff.
Dei meinte straffa skulle vera 30 dagar fengsel på vilkår, ei bot på 10.000 kroner, inndraging av fem garn og fangst, og forbod mot garnfiske i tre år.
Båten fekk han behalda.
Kona vart dømt til 24 dagar i fengsel, på vilkår, og tap av rett til garnfiske i tre år.
Dommen vart avsagt under dissens, det vil seia at fagdommaren var usamd med dei to meddommarane. Ho meinte dette skulle vera fengsel.
Det same gjorde påtalemakta som anka saka vidare til Gulating lagmannsrett.
– Om ein gjer seg skuldig i slike lovbrot må ein rekna med at straffa vert fengsel utan vilkår, skriv statsadvokat Sigurd Åsnes Granli.
Han var aktor då saka vart behandla av Gulating lagmannsrett.
Granli understrekar at både tingrett og lagmannsrett slo fast at utgangspunktet for fiske med garn i ein forbodssone er fengsel utan vilkår.
Men at begge rettsinstansane, ut ifrå ei heilskapsvurdering av formidlande omstende, landa på anna straff.
Her i Rosendal har Åge Rosenberg båten. Men garnfiske heldt på å senda han i fengsel og ta frå han båten.
Foto: Olav Røli / NRKAdvokat: – Min klient følte på stor skam
For heller ikkje Gulating lagmannsrett meinte Rosenberg og kona skulle i fengsel.
Dei forkasta anken, og dommen frå tingretten vart ståande.
Men saka stoppa ikkje der. Påtalemakta meinte straffa var for låg, og anka vidare til Høgsterett.
– Etter at strafferamma vart heva i 2020 for å kjempa mot ulovleg fiske, finst det ikkje straffeutmålingspraksis frå Høgsterett. Me ynskte dette, skriv Granli.
Men Høgsterett sa nei. Og dommen er no rettskraftig. Ekteparet slepp fengsel.
– Dei kunne jo berre ha gitt meg bot med ein gong, seier Rosenberg til NRK, og lurar på kva det offentlege har brukt i pengar på saka i to rettsinstansar, og med anke til Høgsterett.
Advokat Gunnveig Breistein, som representerte kona til Rosenberg, fortel at prosessen har vore tung.
– Eg forstår at påtalemakta ville ta denne saka vidare, men det vart utruleg tungt for min klient. Ho vart rett og slett sjuk, og har følt på ein stor skam. Ho visste ikkje eingong at ho gjorde noko gale, seier Breistein.
Gunnveig Breistein representerte ei kvinne som var på tiltalebenken for medverknad til ulovleg fiske. Ho fortel at kvinna har hatt det tungt.
Foto: Olav Røli / NRKVanskeleg å veta reglane
Statsadvokat Sigurd Åsnes Granli understrekar at det er viktig å reagera strengt på slik fiske sidan det kan ha svært negative verknadar for bestanden.
– Det er spesielt problematisk når det råkar sårbare og truga bestandar, som i Rosendal, meiner han.
Fiskaren sjølv har erkjent ulovleg fiske. Men meiner det heilt håplaust å veta at reglane er så strenge.
– Rosendal er turiststad, og her er det både båtturistar og folk i bubilar her. Ingen stader på land står det skilt om spesielle fiskereglar. Sjølv folk som fiskar fast her visste ikkje om dei strenge reglane, hevdar han.
Miljødirektoratet meiner det er godt merka (Sjå svaret deira lenger ned i saka).
Det er mange turistar som er i Rosendal, og Åge Rosenberg meiner mange ikkje får informasjon om dei strenge fiskereglane.
Foto: Olav Røli / NRKRosenberg sin advokat, Per Ivar Hessen, bur sjølv i området der fisket skjedde.
– Mange fastbuande, som har fiska heile livet, veit ikkje om dei strenge reglane, seier han.
Rune Mikkelsen i Statens naturoppsyn meiner skilta om fiskeforbod, som står to stader ute i skjergarden, er godt synlege.
– Den som fiskar har plikt til å setja seg inn i reglane, påpeiker stadsadvokat Granli.
For både Rosenberg og kona vert det lenge til dei kan fiska igjen med garn.
– Eg skal aldri fiska meir med garn, seier han.
Hei!
Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post.
Publisert 09.09.2025, kl. 12.21