– Nokre kallar oss «putschiste». Me er ikkje franskmenn, så me forstår ikkje kva det er, seier Ibrahim Traoré og smiler breitt.
«Putschiste» er det franske ordet for kuppmakar, noko Ibrahim Traoré er. Likevel får han full jubel for sin udemokratiske spøk.
Blir hylla frå både fjern og nær
Han er kjent for å vere ein god talar, og akkurat desse orda kjem han med på ein stadion i Ouagadaougou – hovudstaden i Burkina Faso.
Stadion er stappfull, og Traorés spøk om at han latterleggjer dei som meiner han er kuppmakar blir møtt med ein god dose latter frå tribunen.
Denne talen, og ein lang rekke andre videoar om Traoré, florerer på YouTube og nettet forøvrig.
«Eg er etiopiar og eg kan ikkje få nok av han»
«Eg er svart amerikanar, og eg ber Gud om å legge si hand over denne mannen»
«Afrika er så velsigna som har ein leiar som dette»
På TikTok og X dukkar han stadig opp. Spesielt i feedane til unge afrikanarar, eller europearar med røter i Afrika.
Ibrahim Traoré er kjend for sin røde berret og militæruniform. Han er ein kuppleiar, og ikkje demokratisk vald president.
Foto: ReutersBodskapen hans er noko dei gjerne vil høyre:
- Ein ung afrikansk president står opp mot korrupte presidentar, ofte allierte med Vesten
- Han taler Vesten midt imot, og spør kvifor det framleis er så mykje fattigdom i Afrika etter årevis med samarbeid med Europa og USA
- Han meiner vestlege selskap utnyttar Burkina Fasos ressursar, og har innført høgare skattar på gruveselskap og andre
– Representerer noko nytt og ungdommeleg
– Han har lukkast med å skape ein profil som ung, karismatisk, afrikansk, ideologisk leiar. Og det gjer at han er veldig populær.
Det seier Jesper Bjarnesen, som er Vest-Afrika-ekspert og seniorforskar ved Universitetet i Uppsala.
Jesper Bjarnesen, seniorforskar ved Universitetet i Uppsala
Foto: Uppsala UniversitetHan følger med på den unge presidenten, og seier at Traoré har fleire populære meiningar.
Spesielt det at det er på tide at Burkina Faso frigjer seg ordentleg frå Frankrike, den tidlegare kolonimakta som har hatt stor påverknad også etter at kolonitida var over.
– Han har blitt eit internettfenomen.At han representerer noko nytt og ungdommeleg er noko mange har sakna å sjå frå andre afrikanske statssjefar. Dei er ofte godt oppi åra, og ganske anonyme. I alle fall i sosiale medium, seier Bjarnesen.
«God protect Ibrahim Traoré» syng Rihanna av full hals. Eller, det som skal sjå ut som Rihanna i alle fall. I ein video som tydeleg er laga av kunstig intelligens (KI) hyllar Rihanna og R Kelly den burkinske presidenten.
Mest sannsynleg er også songen eit resultat av KI.
Videoen under er KI-generert:
Videoen er tydeleg uekte, og viser mellom anna Rihanna synge i ei kyrkje, Traoré på slagmarka og eit flagg som har både raudfarge, grønfarge og ei gul stjerne. Men som elles er ganske langt unna Burkina Fasos eigentlege flagg.
Men ikkje alle videoar er falske. Nokre er ekte, og nokre har titlar som gjer det tydeleg at målet med videoen er å hylle Traoré.
Kven som står bak videoane er ofte uklart. Og det er heller ikkje tydeleg om alle kommentarane, som ofte er unisone i sin hyllest av Traoré, kjem frå ekte kontoar.
Ven med Putin
Ein av dei mange songane om Traoré omtaler hans forhold til Vladimir Putin, og deriblant Traorés veldig nylege besøk til Moskva.
– Traoré og Putin verkar å like kvarandre. Men kor djupt relasjonen mellom dei går, det tør eg ikkje seie noko om, seier Bjarnesen.
Men han meiner at vennskapet mellom Russland og Burkina Faso uansett ikkje treng ikkje vere så djuptgåande for at symbolikken skal ha effekt.
– Berre det at dei omgåst og støttar kvarandre er ein retorisk vinn-vinn-situasjon for begge, seier seniorforskaren.
Demonstrantar i Burkina Faso har brukt russiske flagg og bilete av Putin for å vise støtte til Traoré. Folk som vil demonstrere mot Traoré og Russland blir derimot slått hardt ned på.
Foto: AFPDei to presidentane har til felles at dei er sterkt kritiske til Vesten og Europa, og ikkje minst har dei ein felles fiende i Frankrike, landet som koloniserte Burkina Faso.
– Slutt med å opptre som marionettar som dansar kvar gong imperialistane drar i snorene, sa Ibrahim Traoré då han for første gong fekk merksemd på verdsscena.
Det var i 2023, året etter at han kuppa makta. Og talen vart halden på eit Russland-Afrika-toppmøte i St. Petersburg.
Desse orda er som musikk i øyra til russiske toppolitikarar, som har stor interesse av å få flest mogleg afrikanske land på si side.
Spesielt etter krigen i Ukraina har Afrika blitt ein arena for stormaktspolitikk og dragkamp.
Tidlegare forsøkte Burkina Faso å demobilisere terroristar, slik som desse mennene. Traoré har køyrd ein mykje hardare stil, og sett hardt mot hardt i form av direkte kampar mot islamistgruppene.
Foto: AFPMen trass populariteten på nettet og i Moskva, så går ikkje alt etter planen for Traoré. Han kuppa makta, og sa at det var fordi krigen mot islamistar gjekk for dårleg. Etter kuppet hans har alt berre blitt verre.
– Eg trur ikkje den burkinske hæren er noko som helst nær ein siger. Det er også difor denne her virale merksemda kjennest endå meir kunstig, fordi det går føre seg ein krig kor regjeringshæren slit. Eg trur me dessverre kjem til å sjå at jihadistgrupper i regionen berre kjem til å få endå meir støtte i tida framover, seier Bjarnesen.
Interessert i meir stoff frå utanriksavdelinga? Høyr redaksjonens siste podkast:
Publisert 22.05.2025, kl. 21.19 Oppdatert 22.05.2025, kl. 22.54