Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_e064696e0d54beac54ab65b808fc43ac, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
AFP: Russisk «skugge­flåte» mistenkt for drone­flygingar - NorwayToday

AFP: Russisk «skugge­flåte» mistenkt for drone­flygingar

5 days ago 8


Den siste tida har det vore ei rekke observasjonar av dronar over fleire lufthamner i Danmark.

Samstundes har minst fire russisk skip vore observert i farvatnet rundt landet.

En båt med mennesker på

Biletet viser franske soldatar som har tatt seg om bord i «Pushpa».

Foto: DAMIEN MEYER / AFP / NTB

No har væpna franske styrkar tatt seg om bord på det russisk-tilknytt tankskipet «Pushpa».

Ifølgje nyheitsbyrået AFP er skipet mistenkt for å vere involvert i droneflygingar over Danmark.

Vil ikkje kommentere skipet

Danmark sin statsminister Mette Frederiksen sa under ein pressekonferanse at ho ikkje kan kommentere ei pågåande etterforsking, men la til:

– Generelt kan eg seie at vi lenge har hatt problem med skip med tilknyting til skuggeflåta, sa Frederiksen.

Statsministeren tok opp droneaktiviteten under pressekonferansen, og peika på Russland.

– Dei truar og testar oss, og vil ikkje stoppe, sa ho.

Mette Frederiksen snakker inn i en mikrofon

Pressekonferansen byrja over tre timar etter planlagt tidspunkt. Under pressekonferansen tok Mette Frederiksen opp den nylege droneaktiviteten som har vore i Danmark.

Foto: Piroschka Van De Wouw / Reuters / NTB

– Alvorlege lovbrot

«Pushpa» blei observert utanfor danskekysten mellom 22. og 25. september, viser ein analyse frå den maritime nettstaden VesselFinder.

Franske styrkar tok seg om bord etter at skipet segla inn i farvatnet utanfor Saint-Nazaire vest i Frankrike.

et stort skip i vannet

Skipet skal vere del av den russiske skuggeflåta.

Foto: DAMIEN MEYER / AFP / NTB

– Franske myndigheiter har sett i gang etterforskinga av skipet for alvorlege lovbrot.

Det seier Frankrike sin president Emmanuel Macron om situasjonen, melder France 24.

Macron har ikkje bekrefta at etterforskinga er knytt til droneaktiviteten i Danmark.

Emmanuel Macron i dress og slips

Frankrike sin president Emmanuel Macron har ikkje bekrefta at etterforskinga er knytt til dronane i Danmark.

Foto: Thomas Traasdahl / Reuters / NTB

Under etterforsking

Ifølgje AFP er mistanken at skipet enten har blitt brukt som plattform for å skyte opp dronane, eller som eit lokkemiddel.

Skipet er også under etterforsking for «manglande dokumentasjon av nasjonalitet og flagg» og «nekting av å etterkomme ordre», ifølgje Le Parisien.

To personar frå besetninga på skipet er pågripne av franske myndigheiter, ifølgje aktoratet melder AFP.

Russisk «skuggeflåte»

Det 244 meter lange skipet skal vere del av den russiske skuggeflåta, og er svartelista av EU.

Skip knytt til den russiske skuggeflåta er ofte vanskeleg å spore etter som dei seglar under forskjellige flagg.

«Pushpa» skal ha skifta namn og flagg fleire gongar den siste tida, melder Le Parisien.

nærbilde av et stort skip på havet

Nærbilete av «Pushpa» utanfor Frankrike.

Foto: DAMIEN MEYER / AFP / NTB

Den siste tida har skipet segla under Benin sitt flagg.

Det kom opphavleg seglande frå Primorsk i Russland og er på veg mot Vadinar i India.

EU-toppmøte i Danmark

Onsdag samla 27 stats- og regjeringssjefar frå EU-landa i København.

Det uformelle toppmøtet diskuterte blant anna den aukande dronetrusselen og den eskalerande hybridkrigen i Europa.

Macron er blant statsleiarane som deltek på møtet.

en mann og en kvinne som skal til å klemme

Stemninga var god då Frankrike sin president Emmanuel Macron og Danmark sin statsminister Mette Frederiksen møtte kvarandre i København under toppmøtet.

Foto: LISELOTTE SABROE / AFP / NTB

Danmark har også nyleg vedteke at landet må styrkje luftforsvaret.

Danskane skal bruke over 90 milliardar kroner på nye system.

Følg utviklinga i Danmark her:

Interessert i meir utanriks? Lytt til redaksjonen sin podkast:

Publisert 01.10.2025, kl. 23.03

Read Entire Article