ADHD og autisme: – Ofte veit dei ikkje at det finst tiltak som kan hjelpe dei

6 hours ago 4


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen i Volda - les mer

Ny forsking viser at det ikkje er lett for studentar med funksjonsnedsettingar å finne eller få den støtta dei har krav på.

Studentar med funksjonsnedsettingar skal kunne få tilrettelegging på eksamen, seier lovverket. Men ny forsking viser at det ikkje er så lett å verken finne eller få den støtta ein har krav på. (Foto: Colourbox)

Ein av studentane med dysleksi fortel at det er vanskeleg å finne fram på nettsidene med mindre du veit nøyaktig kva du skal søkje på. 

– Andre fortel at det er krevjande å forstå kva tiltak som kan vere aktuelle for dei, seier Beate Farstad, høgskulelektor ved Høgskulen i Volda. 

I ein ny studie deler studentar med funksjonsnedsettingar kva erfaringar dei har med tilrettelegging på eksamen. Desse studentane har dysleksi, ADHD eller autismespekterforstyrring (ASD).

Har funne store forskjellar mellom institusjonane

Studien viser at det ofte mangler god nok informasjon om tilrettelegging på eksamen, ifølge høgskulelektor Beate Farstad ved Institutt for pedagogikk. (Foto: Steinarr Sommerset)

Studentar med funksjonsnedsetting har rett på tilrettelagd eksamen. Det står både i universitets- og høgskulelova og likestillings- og diskrimineringslova. 

Dei tre forskarane bak studien ønskte derfor å finne ut om sårbare studentar i Noreg faktisk får det dei kan ha krav på.

Dei analyserte først tekst på nettstadene til 32 universitet og høgskular. Målet var å finne ut kva tiltak institusjonane informerer om til studentar med dysleksi, ADHD eller ASD. 

Deretter intervjua forskarane 14 studentar med ei av dei aktuelle funksjonsnedsettingane.

Studien viser stor variasjon i informasjonen om tilrettelegging på eksamen mellom dei ulike institusjonane. Ein ting er kva universiteta og høgskulane skriv om tilrettelegging på nettsidene sine. Ein annan ting er kva studentane seier at dei har motteke.

Ein student med dysleksi sa det slik: «Eg skal eigentleg ha alle eksamenstekstar opplesne, det har eg fått éin gong.»  

Lite målretta tiltak på eksamen for ADHD og ASD

27 av 32 institusjonar har lagt ut informasjon om tilrettelegging på eksamen på nettstaden sin, viser studien.

Dei fem vanlegaste tiltaka er ekstra tid, bruk av PC, lese- og skrivestøtteprogram, alternativ vurderingsform og tilgang til eit rom åleine på eksamen.

At ekstra tid er viktig og fungerer bra som tilrettelegging på eksamen, forklarer nokre av studentane som er intervjua godt sjølve:

  • Student med dysleksi: «Ein føler seg litt hjelpelaus når ein bruker fire gonger så lang tid på å formulere gode setningar som dei andre.»
  • Student med ADHD: «Dersom eg mistar fokus, kan eg ta meg inn igjen.»
  • Student med ASD: «Eg bruker så lang tid på å kome over alt stresset og overstimuleringa.»

Mange av tiltaka for tilrettelagd eksamen er generelle, andre er målretta. 

Har du «feil diagnose», er sjansen for tilgjengelege tiltak lågare.

Desse tre forskar på studentar med funksjonsnedsetting: Kari Eldby Rygg, Liv Ingrid Aske Håberg og Beate Farstad. (Foto: Lene Flataker)

22 av 32 institusjonar skriv om korleis dei kan legge til rette for eksamen om du har dysleksi. Men om du har ADHD eller ASD, finn du informasjon om målretta tiltak på berre 4 av 32 nettstader.

På nettsidene får studentane samla sett tilbod om ni ulike spesifikke tiltak for tilrettelegging. Intervjua viser at studentane forskarane har snakka med, har fått tildelt til saman berre fem ulike tiltak, mest om dysleksi.

– Ofte ser vi at dei som har ADHD eller ASD, ikkje veit om det finst tiltak som kan hjelpe dei, seier Farstad.

Vanskeleg å finne hjelpa ein treng

Forskarkollega Kari Eldby Rygg forklarer at informasjonen om tiltak ofte blir presentert i ei form som desse studentane har utfordringar med: skriftleg på nettsider og munnleg informasjon berre heilt i starten av studieåret:

– For dei med ADHD eller ASD er det lite konkret informasjon om kva type hjelp dei kan få. Fleire av informantane våre beskriv at dei ønsker å få alternativ vurderingsform, som munnleg eksamen i staden for skriftleg, men ingen av studentane vi intervjua, hadde fått det, seier ho.

Forskarane ser også at uttrykk som alternativ eksamensform kan forvirre. Det kan gjere studentane meir bekymra for kva som blir annleis enn dei er vande med.

– Du må omtrent vere inne i stammespråket for å forstå kva alternativ vurderingsform eigentleg er, seier Rygg.

Når tiltaka varierer mykje frå institusjon til institusjon, blir arbeidet lett sårbart i staden for systematisk. Dette går ut over dei studentane som treng hjelp og støtte.

– Vi ser at det kan vere behov for meir kunnskap og kompetanse. Det gjeld både hos dei administrative som sit og fattar vedtaka for eksamenstilrettelegging, og hos faglærarane som møter og informerer studentane i det daglege, understrekar Rygg.

«Eg er veldig sensitiv for lydar, så alle lydar rundt meg forstyrrar meg noko forferdeleg, så eg mistar fullstendig konsentrasjonen når eg må sitje saman med andre.», seier ein student med ASD.

Når det gjeld dysleksi, seier fleire av informantane at dei har fått betre tilrettelegging i grunnskulen og vidaregåande opplæring enn kva som møter dei i høgare utdanning.

Hinder for høgare utdanning

Kva er konsekvensane av at studentar med dysleksi, ADHD eller ASD ikkje får den tilrettelegginga på eksamen som dei har krav på?

Forskarane meiner dette kan gjere at studentar med funksjonsnedsettingar ikkje i tilstrekkeleg grad får prøvd kunnskapane og ferdigheitene sine. 

I eit samfunnsperspektiv kan dette medføre både utanforskap og vanskar med tilgang til høgare utdanning, konkluderer dei i studien.

– Intensjonane i lovverket blir ikkje oppfylte dersom universiteta og høgskulane ikkje klarer å legge til rette og informere studentane om kva tiltak dei kan ha krav på, seier Rygg.

– Studentane som ikkje finn den hjelpa dei treng før eksamen, kva anbefaler de at dei skal gjere?

– Rådet er å be om hjelp frå studieadministrasjonen eller medstudentane sine og å sjå etter informasjon om tilrettelegging på nettsidene til studiestaden. Det skal finnast hjelp, men utfordringa er å få denne informasjonen fram til studentane, seier Rygg.

– Det finst også gode brukarorganisasjonar for dei ulike diagnosane, og desse sit med mykje kompetanse og kan hjelpe studentane med å navigere i systemet. Dei fleste opplever å få hjelp når dei er opne om sin eigen diagnose.

Fleire studenter er fortvila

Forskarane er no i gang med fleire vitskapelege artiklar i prosjektet. Det har vore stor interesse for å delta i forskingsprosjektet.

– Over hundre studentar frå heile landet ønskte å vere del av studien. Sjølv om vi måtte avgrense utvalet vi intervjua, er den store interessa for temaet, både blant studentar og tilsette, svært gledeleg. Nokre av intervjua fekk vi rett og slett gåsehud av. Fleire er svært fortvila og opplever eksamen som ein urimeleg stor barriere fordi dei har funksjonsnedsettingar.

For forskarane er dei personlege historiene til studentane ein sterk motivasjon for å jobbe vidare.

– Vi meiner ikkje at krava til eksamen skal senkast, men at studentane skal få betre hjelp til å vise fram kva dei kan, utan at det går utover krava til utdanninga, seier Rygg.

Referanse: 

Kari Eldby Rygg, Liv Ingrid Aske Håberg og Beate Farstad: Tilrettelegging på eksamen for studenter med funksjonsnedsettelser. Nordisk tidsskrift for utdanning og praksis, 2025.

Om studien

Beate Farstad har utført studien saman med to tidlegare kollegaer ved Høgskulen i Volda (HVO): førsteamanuensis Liv Ingrid Aske Håberg (NLA) og lektor Kari Eldby Rygg (StudieHub/Inviro).

Trioen danna prosjektgruppa SMART i 2022. Med denne vitskapelege artikkelen er dei i gang med å publisere det som skal bli fleire vitskaplege artiklar i prosjektet om studentar med funksjonsnedsetting.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article