«Å leva på Cuba er ingen dans på roser»

6 hours ago 5


Vesle Camino forlag har spesialisert seg på å gi ut bøker frå mellom anna den spansktalande delen av verda.

Når dei no gir ut livs­historia til den kubanske journalisten Abraham Jiménez Enoa, kjennest timinga spesielt god.

Den sosialistiske øya i det kapitalistiske verds­havet vart igjen førsteside­stoff då USAs avtroppande president fjerna Cuba frå lista over land dei meiner støttar terror.

Det heldt i eit par veker, til den påtroppande presidenten (med eksil­kubansk utanriks­minister) førte dei opp på lista igjen.

Cuba lid under USAs økonomiske boikott og saman­brotet til Sovjetunionen. Enoa skildrar ikkje årsakene til at landet vart eit mangelvare­samfunn, men han syner oss konsekvensane.

For vanlege kubanarar utan turist-dollar er kvar dag ein kamp for å få mat på bordet.

Livskrønike

«Å lande i verden» er litterær journalistikk av høg klasse. Enoa skriv med utgangs­punkt i den såkalla Cronica-tradisjonen, ein sjanger han oppdaga då han studerte journalistikk i den kubanske hovud­staden.

Han kom over ei bok av den argentinske forfattaren Rodolfo Walsh, «Operasjon massakre», der Walsh skreiv om eit anna diktatur, det argentinske, seint på 1970-talet.

Etter å ha lese den, skjønte Abraham Enoa korleis han skulle kunne skrive ei sannare historie om landet han vaks opp i.

Magasin utan glans

Saman med ei gruppe unge journalistar startar han opp det digitale magasinet El Estornuda.

Snart blir Enoa plukka opp av internasjonale aviser som Washington Post, spanske El Pais og andre medium, som ønskjer seg noko anna enn glans­bilete og propaganda frå den karibiske øya.

Men då vekkjer han også merksemda til den kubanske sikkerheits­tenesta, som gjer det dei kan for å knekke dette forsøket på fri og uavhengig journalistikk.

Kommersiell propaganda

Historia byrjar i 2022. Abraham Enoa er 33 år gamal, og er nyleg blitt kasta ut av heimlandet. Han er hamna i Barcelona, og kjenner seg, for å seie det med Stavanger-diktaren Sigbjørn Obstfelder, som om han er landa på feil klode, i ei anna verd.

Dører opnar og lukkar seg automatisk. Den politiske propagandaen han er van med, er bytta ut med gedigne reklameskilt.

Folk er også mykje meir rasistiske enn til vanleg. Enoa, som er afro­kubanar, oppdagar til si store overrasking at folk blir vett­skremde når dei møter han på gata.

På plussida noterer han at folk kan gå i demonstrasjonstog utan å bli arresterte.

Derifrå blir vi med han tilbake i tid, til oppveksten på Cuba. Dette seine kapittelet i Cubas moderne historie blir fortald frå synsvinkelen til ein ung mann, som mest av alt drøymer om å bli sports­kommentator, og som betalar ti pesos i timen for å kunne få spele ein time på den einaste PlayStation-spelkonsollen i nabolaget.

Abraham Jiménez Enoa, a Cuban writer and journalist exiled in Spain poses for a photo during an interview with the Associated Press in Barcelona, Spain, Tuesday, May 23, 2023. Enoa says he identified with the racist abuse suffered by Brazilian soccer star Vinicius Junior. Since moving to Spain 16 months ago, Enoa has recorded in writing more than 180 episodes of daily racism he has faced, including being followed around stores, asked for his ID on public transport, and watching Spaniards compliment his lighter-skinned son. ()

FORFATTAREN: Abraham Jiménez Enoa fotografert i Barcelona, Spania i 2023. I intervjuet som vart gjort med den spanske avisa El Pais, fortalde Enoa om rasismen han opplevde etter å ha flytta til landet.

Foto: AP Photo/Renata Brito / NTB Bilder

Slikt fanst ikkje då Hemingway sat på Cuba og skreiv «Den gamle mannen og havet». Heller ikkje då Graham Greene skreiv spion­romanen «Vår mann i Havanna».

Vi er med Abraham då han lener seg ut av vindauget for å kople seg opp via naboen sin mobil. Han kranglar så busta fyk med bestemora på 83, som ikkje kan tilgi han for at han skriv dårlege ting om samfunnet, som ho og hennar generasjon har trudd på heile livet.

Den revolusjonen har barnebarnet mista all tru på. Landet er blitt eit galehus. Boka hans er ei krigs­erklæring til makt­havarane.

Men ei kjærleiks­erklæring til landet og folket.

Eg får absolutt lyst til å reise til Cuba når eg les skildringane til Abraham Enoa. Ja, eg finn til og med fram musikken til Buena Vista Social Club, og får til og med lyst til å sjå filmen til Wim Wenders om igjen.

DDR med dårleg internett

Men når eg les om dei kafkaske kontroll­mekanismane som møter dei unge journalist­studentane når dei skal ut i praksis i statlege medium, får eg ein mistanke om at det ikkje blir lenge til straumen går også i dette sosialistiske fyrtårnet.

Cuba i Abraham Enoa sin versjon minner meg om det kommunistiske DDR på slutten av åttitalet, berre med (litt) meir internettilgang.

Eit liv i fridom i det alt anna enn perfekte vestlege demokratiet synest å vere å føretrekke.

Lykka finn han først når han buset seg i den vesle lands­byen Horta i utkanten av Barcelona, men også der lengtar han heim:

Abraham Jiménez Enoa skriv så eg høyrer suset frå heimlandet.

Sjå litteraturkritikar Knut Hoem melde boka i «Nyhetsmorgen»:

Publisert 24.01.2025, kl. 15.12

Read Entire Article