– Å hindre tilgang til kontantar for lovlydige borgarar er å starte i feil ende

3 hours ago 2


– Eg forstår frustrasjonen til politiet veldig godt. Men å hindre tilgang til kontantar for lovlydige borgarar er å starte i feil ende.

Slik reagerer justispolitisk talsperson i Frp, Helge André Njåstad, på saka om at politiet vil ha vekk minibankar frå belasta område i Oslo.

Søndag sa den erfarne politimannen Lasse Johnsen at minibankar i Oslo sentrum er arnestad for mange tilfelle av vald, ran og omsetning av narkotika.

– Vi opnar for å sjå nærare på å fjerne minibankar på gateplan, spesielt i område som er belasta, sa Johnsen.

Vil gi meir til politiet

Ei rundspørjing til fleire politiske parti viser at dette ikkje er beint fram og noko partia vil kjempe for.

Frp vil heller gje politiet auka ressursar for å fjerne kriminaliteten – ikkje minibankane.

– Vi vil heller gi politiet dei verktøya dei treng for å få bukt med narkotikakriminalitet, og sørge for at barn og ungdom ikkje blir kriminelle, seier Helge André Njåstad.

I NRK sin reportasje søndag kunne vi sjå fleire tilfelle av kriminelle handlingar rundt minibankar på Grønland og Hammersborg i Oslo.

Blant anna dette ranet:

Vil ha fleire minibankar

Denne minibanken blei fjerna etter mykje bråk og uro av eigaren Loomis. Dei er eit av selskapa som driv minibankar i Noreg.

– Men reint generelt er det klart at vi er interesserte i å setje ut fleire minibankar der publikum er, seier Morten Grud i Loomis.

Hadia Tajik er Arbeidarpartiet sin justispolitiske talsperson. Ho forstår at politiet er oppgitt.

– Vi opnar for å sjå nærare på å fjerne minibankar på gateplan, spesielt i område som er belasta, seier Tajik.

Høgre støttar politiet

Stortinget vedtok i haust mot røystene til Høgre at alle butikkar, hotell og serveringsstader skal ta i mot kontantar.

Stortingsvedtaket seier ingenting om minibankar.

Men at det å ta ut desse kontantane kan føre til at du blir rana, meiner Høgre er eit godt argument for å tenke seg om.

– Eg håpar at bankane og dei som driv minibankane lyttar til politiet, seier Mari Holme Lønnseth, Høgre sin justispolitiske talsperson.

Lasse-johnsen, politikontakt Grønland

Lasse Johnsen er ein svært erfaren politimann. No vil han ha vekk minibankar frå gateplan.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Sel narko åpenlyst

Politiet i Oslo håpar no at politikarane også set makt bak krava og sørger for at tilgangen på kontantar i belasta område blir strupa inn.

Politioverbetjent Lasse Johnsen viser NRK ein video der vi ser kjøp og sal av narkotika.

– Her står det ganske mange narkotikaseljarar. Nokre av dei er maskerte. Det skapar ikkje akkurat skaper tryggleik for dei forbipasserande, seier Johnsen.

Publisert 19.12.2024, kl. 05.25

Read Entire Article