– Mange sat med hjarta i halsen, men det ser ikkje ut til å ha vore dei heilt store konsekvensane.
Det seier Oliva-Marie Bakketun hjå statsforvaltaren i Vestland.
Torsdag hagla det med farevarsel for både svært kraftig styrtregn og mykje lyn.
Det oransje farevarselet for styrtregn gjaldt store delar av Sør-Noreg, og innebærte ein potensielt alvorleg situasjon der regnet overstig minst 35 millimeter i løpet av ein time.
Fleire kommunar sette inn ekstra beredskap og bemanna opp, som følgje av varselet.
Ein låve i Eidsbygda i Rauma er overtent. Brannvesenet jobbar med å redde bustadhuset like ved.
Meteorologane åtvara samtidig om at det var utfordrande å vita akkurat kor striregnet ville treffa.
Fredag morgon tyder det på at ting har gått nokolunde greitt. Men i Lærdal i Vestland sperrar framleis eit stort ras E16.
Der skal geolog vurdera situasjonen, og ny oppdatering er venta klokka 19.
Ved Trollstigen i Møre og Romsdal går det også føre seg ein stor leiteaksjon etter ein mann som er sakna etter fjelltur.
– Det ser ut som om konsekvensane har vorte mindre enn me såg føre oss på førehand, seier assisterande fylkesberedskapssjef i Møre og Romsdal, Renate Frøyen.
Det omfattande, oransje farevarselet for styrtregn torsdag gjaldt frå Trøndelag i nord til Agder i sør.
Grafikk: yr.no– Må rope ulv, ulv
Sjur Kolberg, hydrolog i NVE, seier også at det vart mindre konsekvensar enn frykta.
– Det er svært få innrapporterte hendingar knytt til skred og flaum i elvar. Det bekreftar også målestasjonane våre, opplyser han fredag.
– Vart dette litt ulv, ulv?
– Eg trur både me og meteorologane sit att med ei kjensle av at det kanskje hadde vore nok å nøya seg med gult varsel denne gongen. Det vil vere naturleg å evaluera og følgja dette opp med meteorologane.
Veronika var blant dei første på staden ved skredet i Lærdal torsdag. Ho beskriv store variasjonar i vêret.
– Men ein veit jo aldri dette på førehand. Det me frykta, var at byene skulle bli liggjande i ro på éin stad – det blir jo som å tømma alt vatnet på ein og same plass. Men det ser ikkje ut til å ha skjedd, og når byene rører på seg, minkar konsekvensane ganske mykje, seier han, og legg til;
– Eg tenkjer at ein heller må ropa ulv-ulv med opne auge, enn å risikera at folk ikkje blir informert. Samtidig må me tenkja på risikoen for slitasje, og at folk til slutt ikkje tek varsla på alvor.
«Berre» 29,3 millimeter på ein time
Likevel – det regna kraftig mange stader i Sør-Noreg i går ettermiddag og kveld. Aller verst gjekk det utover indre strok av Rogaland, Ryfylke.
– På Sand regna det 29,3 millimeter på ein time i går. I løpet av to timar kom det 51,7 millimeter på stasjonen, opplyser statsmeteorolog Julie Solsvik-Vågane fredag morgon.
Altså oversteig ikkje regnet dei 35 millimeterane som var varsla.
Men til samanlikning har den tørraste staden i Noreg, Sjåk i Gudbrandsdalen, 278 millimeter nedbør i løpet av eit heilt år.
Innerdalen i Møre og Romsdal fekk 27,1 millimeter nedbør på éin time i går.
– Det er sjeldan me ser så mykje nedbør på våre stasjonar. Utfordringa med styrtregn er også om det treffer våre stasjonar eller går utanom. Me ser at private vêrstasjonar, som t.d. på Sand, har målt endå meir nedbør i går enn me, fortel Borander.
37.000 lyn på ein dag
Onsdag og torsdag var det også sendt ut farevarsel om mykje lyn, til både vestlege delar av Sør-Noreg, og deler av Sørvestlandet. Dette farevarselet låg på gult nivå.
Kraftig lynaktivitet førte til fleire brannar i Sør-Noreg torsdag. Aller verst gjekk det utover ein låve i Rauma, der 15 høner måtte bøta med livet etter brann.
Brannårsaka var lynnedslag.
– Totalt var det registrert over 37.000 lyn frå Agder og til og med Trøndelag i går, seier statsmeteorologen.
Julie Solsvik-Vågane, vakthavande meteorolog hos Meteorologisk institutt.
Foto: METI tillegg er det registrert fleire skogbrannar, både i Ullensvang og i Kvinnherad.
På Varaldsøy i Kvinnherad bad dei torsdag kveld om bistand frå brannhelikopter for å få sløkt skogbrannen.
Trass i at konsekvensane vart mindre enn først venta, meiner meteorologen det var riktig å varsla om styrtregnet. Og bruka oransje farge.
– Me varslar alltid basert på kor ille me ser føre oss at situasjonen skal verta. Så kan ein alltid sei etterpå om det trefte eller ikkje. Men, spesielt på styrtregn er det stor usikkerheit og store lokale skilnadar. På skred og rasutsette stader kan styrtregn, om det vert riktig ille, i verste fall ta liv, seier ho.
I Vestland har dei ikkje gløymd sommarregnet i Jølster i 2019, eit kraftig lokalt regnvêr der menneskeliv gjekk tapt.
– Me er van med å handtera ekstremvêr på Vestlandet, og var godt førebudde i går. Men styrtregn er vanskeleg å melda, og me har Jølster friskt i minne, seier Oliva-Marie Bakketun hjå statsforvaltaren i Vestland.
Solsvik-Vågane samanliknar varsling av styrtregn med ei boblande gryte.
– Det er vanskeleg å veta akkurat kvar det skal bobla, seier ho.
Publisert 25.07.2025, kl. 11.09 Oppdatert 25.07.2025, kl. 16.51