30 år etterpå: – Det betyr mykje

1 day ago 5


– Å bruke riktige ord er viktig, juridisk og politisk, men også som menneskeleg forplikting, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) då han tala på minnekonserten for folkemordet i Srebrenica onsdag kveld.

I juli 1995 blei minst 8372 gutar og menn drepne i den vesle byen Srebrenica i det nordaustlege Bosnia.

  • Bildet viser skjeletta, et daudinghovudet og klede, som vart funnet etter folkemordet i Srebrenica.

    Arkivbiletet frå 1996 viser skjeletta og klede som vart funne etter folkemordet i Srebrenica, Bosnia-Hercegovina.

    Foto: Alexander Zemlianichenko / AP / NTB
  • Bildet viser fleire menneske som leitar etter slektningane sine mellom rader av massegraver. Gravene er dekt med jord og blenker, samt grøne gravstøtter.

    Over 8000 muslimske menn og gutar vart drepne i folkemordet. Framleis er ikkje alle identifisert.

    Foto: DANILO KRSTANOVIC / Reuters / NTB
  • Ein dame lener fjeset sitt i handa. I bakgrunnen ser man Jugoslavias tidlegare president Slobodan Milosevic på TV under rettssaka mot han.

    Rettssaka mot Slobodan Milosevic vart vist på TV i 2002. Alle dei mannlege familiemedlemmane til Fatima Begovic, i forgrunnen, var sakna.

    Foto: AMEL EMRIC / AP / NTB

Støre viste til at Noreg i fjor støtta FN-resolusjonen som innførte ein årleg internasjonal minnedag 11. juli, og fordømde både fornekting av folkemordet og forsøka på å løfte fram dømte krigsforbrytarar som heltar.

Det meiner Edin Kozaric, styremedlem i Bosnia-Hercegovina Forbundet i Noreg, betyr mykje.

Rekke på rekke med gravstener på gravlunden i Srebrenica.

Rekke på rekke med gravsteinar på gravlunden i Srebrenica. Kvart år blir nye ofre gravlagt etter kvart som de finst i området.

Foto: Kristian Elster / NRK

Meiner den norske forteljinga har endra seg

– Det betyr mykje at statsministeren no held tale, slik Erna Solberg gjorde på 20-års markeringa for ti år sidan. Det bekreftar at det i dag er tverrpolitisk einigheit om å anerkjenne at det som skjedde i Srebrenica var eit folkemord, seier Kozaric.

Han har sjølv bosnisk bakgrunn, og meiner det betyr mykje for etterkommarar:

Mann med brunt hår som ser i kamera

Edin Kozaric, styremedlem i Bosnia-Hercegovina Forbundet i Noreg

Foto: NRK

– Vi som er etterkomarar, har sett det som vårt ansvar å sørge for at den norske forteljinga speglar det som faktisk skjedde, slik det blei dokumentert i Haag og av historikarar. Våre foreldre hadde ikkje ressursane til å ta den kampen sjølv.

I ein kronikk i Aftenposten skriv han «Den norske forteljinga om folkemordet i Srebrenica er i ferd med å endre seg. Det er på tide.»

Kva meiner du med det?

– Den norske forteljinga blei i stor grad forma undervegs i krigen på 1990-talet seier Kozaric.

Han viser til at Noreg, i likskap med mange europeiske land, tok ei nøytral linje i starten, og bygget mykje av forståinga av krigen på ideen om «gamle etniske konfliktar».

– Ein lytta til Slobodan Milosevic, og såg på han som ein del av løysinga snarare enn problemet. Etter krigen har mange land hatt eit oppgjer med denne haldninga. I Noreg kom det aldri noko slikt.

NRK har vore i kontakt med Utanriksdepartementet om kritikken, men dei har førebels ikkje svara.

Kritikk av NRK

Slobodan Milosevic i dress.

Slobodan Milosevic var president i tidlegare Jugoslavia. Etter folkemordet blei han skulda for krigsbrotsverk, men døde før rettssaka var over.

Foto: FRED ERNST / AP / NTB

Kozaric viser også til at NRK i 2011 publiserte dokumentaren «Byen som kunne ofres», som seinare blei felt i pressens faglege utval (PFU) og kritisert av FN-tribunalet i Haag (ICTY).

Sjølv om PFU også gav NRK honnør for filmen, skreiv PFU mellom anna at dokumentaren blei felt fordi fleirtalet i utvalet meiner at «filmen underslår, overser eller utelèt basale kjensgjerningar som høyrer med i ei kvar forteljing om krigen i Bosnia».

– Det var det einaste dokumentarinnhaldet om Srebrenica i mange år, og det opplevde som eit svik. Mange i det bosniske miljøet følte seg skuffa av NRK, seier han.

Srebrenica ligg i Bosnia-Hercegovina.

Ekspertar: Difor tok det tid før Srebrenica blei kalla folkemord

– Srebrenica var ein enkeltståande massakre i ein stor krig. Det gjer det vanskeleg å skilje mellom vanlege krigshandlingar og folkemord. Det kan dessutan opplevast meiningslaust for dei som blei råka av mindre massakre at de hamnar utanfor omgrepet folkemord, seier Ellen Stensrud ved HL-senteret.

Svart-hvitt bilde av dame som smiler i kamera

Ellen Stensrud ved HL-senteret

Foto: HL-senteret

Ho peikar på at det folkerettslege kravet om å bevise ein intensjon om å utrydde ei etnisk eller religiøs gruppe ofte er nesten umogleg å påvise medan krigen går føre seg.

– Jussen reflekterer ikkje alltid realitetane i ein brutal krigssituasjon, seier Stensrud.

Professor emeritus Jasna Dragovic-Soso, ekspert på Balkan og tilknytt Goldsmiths, University of London, seier at FN-tribunalet i Haag faktisk brukte ordet «folkemord» allereie i 1995, men at den første domfellinga kom i 2001.

Seks kvinner holder deler av et banner, hvor det med røde, store bokstaver står "Genocide".

Bosniske muslimske kvinner held her deler av et banner kor det sto «Srebrenica is the symbol of genocide». Dette var under ein protest i Sarajevo i 2007.

Foto: AMEL EMRIC / AP / NTB

– Takka vere rettsoppgjer, identifisering av massegraver og aktivismen til «Mødrene frå Srebrenica», veit vi i dag mykje meir om kva som faktisk skjedde, seier ho.

Interessert i meir utanriks? Lytt til podkasten vår:

Publisert 04.06.2025, kl. 21.15

Read Entire Article