Dronemur, leseskam, audestad og eit fåmannsvelde av tekoligarkar som monopoliserer og koloniserer sinna våre.
Lista over årets nyord frå Språkrådet gav ny ammunisjon til dei som meiner at natta senkar seg.
Sjølv julesongane og julekalendrane er visst deprimerande.
Som ein innsendar i Aftenposten spør: Kor blei det av kunsten å lage glade julesongar?
Til liks med dei andre annus horribilis-årene på 20-talet har 2025 vore prega av krig og sabelrasling, og romjula kan kalle på vemodet hos nokon kvar.
Men årsskiftet er også tida for å bere lykter.
NRK har difor spurt eit utval samfunnsdebattantar om kva for ein 2025-tendens dei vil sjå meir av i 2026.
Kvifor går dei inn i det nye året med friskt mot – trass alt?
Svara spriker alle vege, men kan samanfattast slik:
- Naturvern er tilbake på dagsorden!
- Det gule rosetoget til minne om Tamima Nibras Juhar!
- Det norske herrelandslaget i fotball!
- Auka boksal!
- Oppgjeret med skjermbruk («avlogging har blitt great again»)!
- At sosialisten Zohran Mamdani vann ordførarvalet i New York!
- Folk har blitt mindre materialistiske!
- Fornybar energi dytter kol ut av kraftmiksen!
- EU-landa blei einige om 90 prosent mindre klimagassutslepp innan 2040!
- Kristendommen gjer comeback!
Håkon Mosv
Knut Olav Åmås, direktør i Fritt Ord
Eg håpar at den gode utviklinga for folkebiblioteka fortset i 2026 – dei siste tala fortel om rekordaktige besøkstal. Biblioteka er den samfunnsinstitusjonen vi har med lågast terskel og størst integrerande verknad – som ein stad både å låne, lære og vere. Eg håpar kommunestyra rundt omkring ser dette og ikkje kuttar i budsjetta – vi veit at 4 av 10 kommunar kuttar i kulturen.
Viktor Sødal / NRK
Erik Lunde, generalsekretær i Strømmestiftelsen
I året som har gått har vi sett Gen Z ta til gatene for å krevje demokrati og rettferd i fleire fattige land. I Nepal og Tanzania førte dette dessverre til valdelege samanstøytar. Eg trur og håpar at denne rørsla av unge menneske, som kjenner verdigheita si og rettane sine, vil gjere seg enda meir gjelda 2026. Forhåpentleg ved å konfrontere urett på fredeleg vis.
Snorre Tønset / NRK
Lars H. Gulbrandsen, forskingsleiar ved Fridtjof Nansens Institutt
At EU-landa klarte å bli einige om 90 prosent reduksjon i netto klimagassutslepp innan 2040 og 90 milliardar euro i lån til Urania på tampen av 2025 gir håp om at EU kan ta leiarskap for klima og europeisk sikkerheit i ei uroleg verd.
Terje Pedersen / NTB
Ole Erik Almlid, direktør i NHO
I første halvår 2025 blei det for første gong produsert meir straum frå fornybar energi enn frå kol på verdsbasis. Den trenden ser eg gjerne at fortset til neste år. Eg liker også veldig godt tendensane vi har sett frå Det VM-kvalifiserte fotballandslaget vårt i 2025 og håpar vi får sjå eit Noreg som pregar meisterskapen neste år!
Bård Larsen, historikar
For det nye året håpar eg at fleire blir enda meir klar over dei kolossale angrepa vi er vitne til mot demokratia våre. Vi treng verken å vere naive optimistar eller handlingslamma fatalistar. Snarare bør vi vere optimistiske pessimistar: optimistar fordi demokratiet er betre enn alle alternativ og pessimistar fordi vi kjenner dets sårbarheit. Og så håpar eg sjølvsagt at IK Start tar gull.
Frederik Ringnes / NTB
Einar Frogner, leiar i Nei til EU
I løpet av 2025 har vi sett kor viktig det er at samhandlinga mellom land fungerer samtidig som det å ta vare på sjølvstyre og sjølvråderett er viktigare enn nokosinne. Meiningsmålingane på slutten av året med tydeleg motstand mot EU-medlemskap og auka skepsis til konsekvensane av EØS viser at det norske folket forstår dette. Folka ser kva som skjer og tenker sjølv.
Civita / CF-WESENBERG/kolonihaven.no / CF-WESENBERG
Mathilde Fasting, tankesmia Civita
Eg vil sjå eit EU som samlar seg mot Putin og bidrar til at Ukraina held fram med å vere eit sjølvstendig liberalt demokrati og blir innlemma i Europa, det vil seie EU. Eg vågar ikkje vere så optimistisk at Noreg også blir eit europeisk land på alvor, men det er lov å håpe. Ungarns val i april 2026, blir viktig. Eg håpar Péter Magyar avsluttar Orbáns illiberale demokrati.
Sylo Taraku, tankesmia Agenda
Ein positiv trend i 2025 er at fleire unge har blitt meir klar over eigen skjermbruk og søker betre balanse mellom digitale og fysiske arenaer. Fleire vel pausar frå sosiale medium, prioriterer søvn, fritidsaktivitetar og tid med venner. Denne auka refleksjonen rundt digitalt liv gir håp om betre trivsel og psykisk helse i 2026.
Mats Arnesen
Solrun Toft Iversen, teatersjef DNs
Eg håpar på meir folkelegheit i kunsten i 2026. At fleire vågar å lage kunst med breidde. Kunst som når mange og tek publikum på alvor. Kanskje er tida inne for å vere sjenerøse. Samtidig må vi hugse at kunsten har eit beredskapsansvar og vernar om ytringsfridommen.
Vi tenner lyktene våre når det mørknar
Ordførar i Gloppen, Arnar Kvernevik (Ap), minner om at «melankoli og glede heng saman som hand i hanske».
– Eg håpar 2026 blir eit år der vi i enda større grad enn før satsar på fellesskap og tru på framtida, seier han.
– At håpet viser seg i handling.
Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk gler seg over straumen av unge menneske som søkar til kyrkjene:
– Eg håpar trenden med at menneske finn fram til kristen tru, vil fortsette i 2026. Det har vore ei knippe høgprofilerte kristne omvendingar det siste året. Det gir håp!
Det same gjer Asle Toje i Nobelkomiteen.
– Fleire menneske finn eit ankerfeste i kristentrua. Ikkje som identitetsmarkør eller politisk verktøy, men som eksistensiell forankring, seier han.
– I ei tid der mykje blir opplevd flytande, gir trua språk for plikt, håp, skuld og nåde – størrelsar som ikkje lèt seg erstatte av slagord.
Trond Isaksen
Jonas Bals, historikar, politisk rådgivar, fagforeiningsmann og forfattar
Eg håpar å sjå enda meir sivilt mot! I ei tid der mange prøver å skape eit «oss» og eit «dei», finst det heldigvis mange fleire som framleis insisterer på «vi»; folk som seier frå mot urett, som ikkje ser ein annan veg. Eg håpar det gule rosetoget til minne om Tamima går vidare inn i 2026, saman med oppfordringa frå familien hennar: Å stå opp mot rasisme og vald med styrke, fellesskap og kjærleik.
Kaja Melsom, filosof og forfattar
Ein tendens frå 2025 eg håpar vi får meir av i 2026, er dei gryande teikna til ei litt langsamare offentlegheit. Det inneber å vente litt før ein reagerer, lese ferdig før ein deler, og at redaksjonar gir meir rom for nyansar og kompleksitet framfor tempo og temperatur. Eg trur det vil gjere oss både klokare og friare.
Vidar Ruud / NTB scanpix
Audun Lindholm, redaktør i Vagant
I Noreg ser vi gjerne på «redaktørstyrte medium» som gullstandarden for offentlege ytringar. Men medie-alternativ treng ikkje å innebere alternative fakta og fjerne verkelegheitsforståingar. I 2025 begynte for alvor norske forskarar, forfattarar og kommentatorar å ta i bruk publiseringsmoglegheiter som Substack og podkastar. For 2026 ønsker eg enda meir variasjon og substans i offentlegheita.
Øivind Haugen / NRK/Øivind Haugen
Arve Hjelseth, sosiolog
Eg meiner å merke ei aukande forståing for at vi er i ein skjebnefellesskap med Europa, som med dagens USA-administrasjon med eitt har fiendar både i aust og vest. Tendensen til at ein slik forståinga breier seg, håpar eg blir tydelegare.
Milana Knezevic / NRK
Magnus Marsdal, redaktør i Manifest Media
Positive alternativ til det beståande! Det store gjennombrotet for progressiv populisme i 2025 var da den demokratiske sosialisten Zohran Mamdani vann valet til ordførar for 8 millionar innbyggarar i New York City. I København fekk søsterpartia til Raudt og SV 40 prosent. Progressive utfordrarar frå venstre, det vil eg sjå meir av i 2026.
Robert Rønning / Robert Rønning / NRK
Dag Olav Hessen, biolog og forfattar
Kanskje blir 2026 eit vendepunkt til det betre for klimaet? Omlegging frå fossil til «grøn» energi skyt fart, og Kina leier an. Mange industrialiserte land har reduserte utslepp, og marknaden gir draghjelp fordi mange former for grøn energi har blitt billigare enn fossil. Det er også auka merksemd rundt verdien og betydninga av natur.
Kai Spurkland, direktør for Noregs institusjon for menneskerettar (NIM).
2024 fekk vi grunnlovfesta den frie stillinga til domstolane, og i 2025 blei FNs konvensjon om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) inkorporerte i menneskerettslova. Denne trenden med å forankre viktige rettstryggleiksmekanismar håpar vi fortset i det nye året, blant anna med grunnlovfesting av redaksjonell fridom og av sjølvstendet til påtalemakta.
Eivind Senneset
Hjørdis Losnedahl, leiar for Litteraturhuset i Bergen
Boksalet i Noreg går opp. Det er sjølvsagt ein tendens eg inderleg ønsker fortset langt forbi 2026! I 2025 har også avlogging blitt great again. Vi må få ned skjermtida, få digitale dingsar ut av skolen, få oss ein skikkeleg lesestrategi for både barn og vaksne. Det er som om fornufta sakte begynner å sige inn i oss igjen. Kva i alle dagar har vi utsett oss for dei siste 20 åra?
– Meir positiv naivitet og kraft til å forme verda vi ønsker oss
Gunnar Bovim (65) kunne fort blitt motlaus.
Tidlegare i år fekk han den «umoglege oppgåva» med å leie Helsereformutvalget, som skal finne ut av korleis Noreg kan skaffe nok hender i helsestellet når eldrebølga set inn.
Tala og framskrivingane kan ta luven frå dei fleste, men når han kastar eit blikk ut av vindauget går han på med ny giv:
– Ungane i nabolaget der eg bur speler fotball, går til skolen, tullar og skråler på. Meir av det, håpar eg på. Meir ungdommeleg begeistring, meir positiv naivitet, meir fokus på kva verd vi ønsker oss. Meir kraft til å forme henne slik.
– Det er lov å drøyme. Heldigvis. Det er lov å drøyme.
DNK
Olav Fykse Tveit, preses i Den norske kyrkja
Fleire unge menneske, ofte med lite kjennskap og utan fordommer som foreldre måtte ha, viser aukande interesse for kristen tru. Ein del blir døypte og melder seg inn i kyrkja. Der er dei svært velkomne.
Lars Svendsen, filosof og forfattar
Eg håpar Trumps popularitet fortset å falle, sjølv om han allereie er den mest upopulære presidenten i moderne tid, og at splittinga internt i Maga-rørsla aukar. På sikt kan dette svekke dei mest destruktive politiske kreftene i Europa, som i stor grad støttar seg på amerikanske – og russiske – allierte.
Joakim Magnus, dagleg leiar i Skaperkraft
Det er teikn til at unge menneske i aukande grad søker tilbake til kyrkjene. Denne tendensen ser vi også i Noreg, med smekkfulle kristne leirar og historier om menneske som vedkjenner seg den kristne trua si. Utviklinga er særleg tydeleg blant unge menn. I tillegg opplever eg ein større openheit og respekt for den felles kristne kulturarven vår. Måtte denne utviklinga fortsette i 2026.
Heiko Junge / NTB
Asle Toje, medlem av Den norske Nobelkomite
Ein av dei tydelegaste og mest håpefulle tendensane frå 2025, som eg inderleg håpar får vekse seg sterkare i 2026, er ein gryande vilje til realisme – både politisk, kulturelt og åndeleg. Etter år prega av moralsk posering og høglydte vedkjenningar utan tydeleg forankring i konsekvensar, har vi sett konturane av ei meir nøktern haldning hos leiarane våre.
Nora Hindenes / ZERO
Stig Schølset, leiar i Zero
2025 blir truleg det første året der ein større del av straumproduksjonen i verda kjem frå fornybar energi enn frå kol. For 2026 håpar eg at fornybar vil fortsette å dytte ut kol og gass av kraftmiksen, at ein tredel av alle bilane som blir selde i verda vil vere elektriske og at Kinas utslepp av klimagassar vil begynne å falle.
Jan Heggheim, leiar for Musea i Sogn og Fjordane
I ei verd der polarisering er eit uttrykk som kan brukast om dei fleste saksområde, meiner eg å registrere at den politiske debatten er vorta meir lågmælt. Dette må ikkje forvekslast med at standpunkta har vorte mindre sprikande. Difor håpar eg vi får sjå at dette held fram, det vil også vonleg stanse den aukande tendensen til politikarforakt.
Trond Vestre
Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag
I 2026 håpar eg enno fleire, særlege unge, lèt seg inspirere av Sophie Elise og andre som les, reflekterer og deler nynorsk kvalitetslitteratur. Den nynorske litteraturskatten er rik og fleire bør finne han.
David Torch / Juvodden agenter
Tale Hungnes, leiar for Framtiden i våre hender
I 2025 passerte vi 50.000 medlemmer. Det er ein del av ein større trend der folk har fått nok av overforbruk og miljøgifter som truar helsa og klimaet, og organiserer seg for endring. Vi håpar og trur at 2026 blir året enda fleire tar steget inn i klimarørsla.
Olav Øyehaug Opsvik, direktør for Nynorsk kultursentrum
Eg vonar vi ser meir av eit ordskifte om språk og kultur der ein kjenner at noko står på spel. Den spente geopolitiske situasjonen gjer at spørsmål om identitet og fellesskap blir viktigare og dette forpliktar oss til å finne gode svar på kva rolle språk og kultur skal spele i Noreg i åra framover. Det bør også resultere i konkrete politiske løysingar. I tillegg: Medlemsauke i Noregs Mållag!
Publisert 03.01.2026, kl. 21.02








English (US)