Det vankar milliardbot til bilprodusentar som ikkje innfrir strenge EU-krav om utslepp.
Reglane har blitt strengare i år, og mange er nøydde til å auke elbil-salet.
Problemet er at kundar i Europa vil ha bensintank, ikkje batteri.
Men i Noreg er elbil-appetitten stor. Dermed håpar mange produsentar å selje i bilar i bøtter og spann til nordmenn.
For Toyota-forhandlar Ørjan Solvang i Måløy er éin ting sikkert:
– Konkurransen blir knalltøff, seier han.
Kjøpars marknad
Mange produsentar kjem til å senke prisane for å auke salet, ifølge redaksjonssjef Vegard Møller Johnsen i Broom.
– Dette er kjempegode nyheiter for norske bilkjøparar, seier han.
Elektriske bilar stod for 13 prosent av det europeiske bilsalet i fjor. I år må det opp på rundt 20 prosent, ifølge Broom-Vegard.
Øyvind Solberg Thorsen, direktør Opplysningsrådet for Veitrafikken.
Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRKOpplysningsrådet for Veitrafikken (OFV), som lager statistikk over bilsalet i Noreg, trur at EU-reglane vil dra opp salet i Noreg.
Og sjølv om Noreg er ein liten marknad i Europa, kan det ha noko å seie for bilprodusentane, seier OFV-direktør Øyvind Solberg Thorsen.
– Alle monner drar, seier han.
Smittar over til bruktmarknaden
EU-reglane fører også til at Toyota-forhandlar Solvang ikkje får tak i mange dieselbilar å selje.
Til dømes kjem berre 700 eksemplar av den nye Toyota Land Cruiser til Noreg. Den vesle handfulla bilar som Solvang fekk å selje, gjekk unna som varmt kveitebrød.
Nye Land Cruiser har 2,8 liter turbodiesel og bruker rundt ein liter på mila, ifølge Toyota.
Foto: NRK– Vi har fleire kundar enn biler, seier Solvang.
Tidlegare årgangar av modellen har vist seg å halde bra på verdien. Verre er det med mange elbilar, der prisfallet kan vere blodig.
Og no som prisane truleg skal ned på mange nye elbilar, vil det nok smitte over på bruktmarknaden.
– Det kan bli litt frustrerande å sjå at prisen på nybilen du nettopp har kjøpt, går ned, seier Broom-Vegard.
Sjå kva dei norske importørane svarar:
Toyota
Det vil vere eit press for å selje mange elbilar i Noreg for å støtte oppnåing av CO2-krava. Det betyr at vi bør sjå ein positiv volumvekst samanlikna med 2024.
Vi har ikkje fått nokon instruks om å pushe elbilar i Noreg. Men gitt nivået av elbiladopsjon i Noreg, er vi den største marknaden for elbilsal i Europa for Toyota.
Volkswagen/Audi/Skoda/Cupra
No er personbilmarknaden veldig tett på fullelektrisk i Noreg, og skjerpa krav frå EU gjer marknaden vår endå viktigare for produsentane. For vår del er ikkje elbil-push frå fabrikken i Tyskland noko tema, ganske enkelt fordi vi gjennom over eit tiår har jobba aktivt sjølv for å elektrifisere.
Allereie 1. januar 2024 gjorde vi Volkswagen til eit fullelektrisk personbilmerke i Noreg, og vi får solid støtte frå fabrikken rundt elbiltilnærminga vår. Sjølv om vi frå norsk side tidvis har vore endå litt meir utolmodige enn det partnaren vår i Tyskland har vore.
Alfa Romeo/Citroën/DS/Fiat/Opel/Peugeot
For Stellantis i Noreg er så godt som alle personbilar allereie elektriske – så der er vi så godt som i mål.
For varebil er vi også godt på veg, i fjor var 40 prosent elektrisk, i år reknar vi med at det aukar til 50 prosent.
Det er jo sannsynleg at vi vil kunne merke at Noreg og andre land der elbilar sel, får meir merksemd frå produsentane som ein følge av Cafe-måla.
Samstundes ser vi jo ute i Europa at hybridar framleis er viktig for å redusere utsleppa – og da med volum som ligg ganske langt over det norske bilsalet.
Mercedes-Benz
Vi følger naturleg nok situasjonen tett, men kan ikkje gi definitive svar på kva konsekvensar dette vil få.
Når det gjeld føringar frå toppleiinga, er ikkje dette eit tema. Vi har allereie marknadens breiaste portefølje av elektriske modellar, frå kompakte EQA til ultraluksuriøse Mercedes-Maybach EQS SUV. I tillegg innførte vi spesialmodellar tilpassa det norske marknaden i april 2024, og har vore på oppadgående trend sidan. Dette gjer at vi kan tilby modellar marknaden spør etter, utan føringar frå sentralt hald.
Volvo
Vi forventar at det blir tøff konkurranse i marknaden i år, uavhengig av Cafe-reglane, men det kan hende dei vil bidra. Volvo tilfredsstiller allereie CAFE-krava med god margin.
Ford
EUs stadig aukande krav til lågare gjennomsnittleg CO₂-utslepp av det totale bilsalet, vil ikkje påverke sals-mixen av personbilar nemneverdig.
Når vi snakkar om salet av nyttekøyretøy, har ikkje elektrifiseringa kommet like langt, så Cafe-reglementet vil kunne vere ein positiv pådrivar for å raskare auke marknadsdelen av det heilelektriske. For Ford ser vi på dette som ein fordel.
Pris vil bli nytta som et av fleire verkemiddel for å raskare auke andelen av selde elektriske nyttekøyretøy.
Bransje i krise
EU-reglane skal etter planen bli strengare i åra framover. Dette skjer i ei tid kor europeiske bilindustri slit med raude rekneskapstal.
Utsleppsdata er ramsa opp på ein skjerm i lokala hos Solvang.
Foto: NRKDet ingen naturlov som seier at alle bilmerkande skal overleve denne stormen, men situasjonen gir europeiske makthavarane mykje å tenke på. Industrien er nemleg veldig viktig for mange land.
– Det er ein del politikarar i Europa som har tatt til orde for at det kan kanskje er feil med veldig strenge bøter nå, når dei slit for å overleve økonomisk, seier OFV-direktør Thorsen.
Publisert 27.02.2025, kl. 21.13