Til saman er 104 personar evakuerte som følge av brannen i Kristiansand, opplyser operasjonsleiar Ole Robert Strandhagen i Agder politidistrikt.
– Det blir tatt ei fortløpande vurdering om når dei kan flytte tilbake. Det er per no uklart kor mykje røyk som har komme inn i leilegheitene og dette må bli undersøkt, skriv Strandhagen i politiloggen.
Brannen skjedde i sentrum. Brannårsaka er ikkje kjent.













English (US)