28. desember 1924 blei gudstenesta i Vår frelsers kyrkje i Oslo sendt på radio. 100 år seinare blir det framleis sende radiogudstenesta på P1+ kvar søndag.
Det gjer radiogudstenesta til eit av dei eldste programma i Noreg som framleis går.
– Radiogudstenesta er verkeleg ein institusjon, seier biskop Herborg Finnset.
– Ho har vore utruleg viktig for veldig mange.
– Vi kan kjenne at vi høyrer saman
Finnset trur radiogudstenestene har betydd mykje for Noreg, spesielt da det tidlegare var vanskelegare å ta seg til kyrkja.
– Vi veit at det har betydd mykje for den som ikkje kan kome til gudstenesta, fordi du ikkje har helsa til det, fysisk eller psykisk. Og også for dei som kjenner seg utanfor.
Sidan 2022 har NRK også sendt gudstenestene på TV. Til saman får mellom 110.000 og 130.000 med seg sendingane kvar søndag.
Sjølv om det beste er å vere samla fysisk, er det også verdifullt å kunne oppleve gudstenester saman via TV eller radio, meiner biskopen.
– Om ein høyrer og følgjer med så får ein med seg ganske mykje av det som skjer, og kan kjenne at vi høyrer saman.
100 nye år?
For å markere 100-årsdagen sender NRK ein jubileumssending på P1+ 29. desember.
Programleiar Ove Gundersen vil sjå tilbake på dei 100 åra med radiogudsteneste saman med historikar Hans Fredrik Dahl.
Gundersen trur det er den «eldre garde»» som utgjer den største gruppa av lyttarar og sjåarar.
– P1+ har jo 65 år og oppover som målgruppe, så det er jo godt vaksne folk.
– Trur du radiogudstenesta står seg i 100 nye år?
– Det tviler eg på, men eg trur ho held ganske lenge enno. Ifølgje kringkastingssjefen fortsette ho så lenge ho er etterspurd i befolkninga og lyttartala er gode.
– Innhald fleire set pris på
Kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen, meiner radio- og TV-gudstenesta er ein del av NRK sitt oppdrag om å spegle mangfaldet av religion og livssyn i det norske samfunnet.
– Så eg tenker vel eigentleg at det er ganske naturleg at gudstenesta er den mest lengstlevande tradisjonen vi har, seier Fürst Haugen.
– Dette er innhald som fleire set pris på. Det er viktig innhald for lyttarane og sjåarane våre.
Ho seier NRK dei siste åra har laga meir mangfaldig innhald om både tru, religion og livsstil og peiker mellom anna på sendingane rundt den islamske høgtida id.
Om radiogudstenestene vil bli sendt i nye hundre år er kringkastingssjefen usikker på.
– For oss er det jo veldig viktig at vi klarer å formidle godt innhald som speglar samfunnet vårt, seier ho.
Fürst Haugen seier det er avgjerande å utvikle innhaldet i tråd med at samfunnet utviklar seg.
– Det er veldig vanskeleg å spå om framtida. Om eg må svare på det, så trur eg at vi kjem til å fortsette å sende gudstenester i veldig mange år framover.
– Håper det ikkje blir eit nytt jubileum
Ikkje alle er like fornøgde med at radiogudstenestene blir sendt på NRK kvar søndag.
– Eg må nok innrømme at eg håper at det ikkje blir eit nytt 100-årsjubileum, seier Christian Lomsdalen, leiar i Human-Etisk Forbund.
Han meiner Den norske kyrkje får ein særposisjon i NRK som andre trussamfunn ikkje får.
– Enten så må ein sleppe til fleire trus- og livssynssamfunn og sørge for likebehandling på den måten, eller så må ein sørge for likebehandling gjennom at ingen får dette særprivilegiet som Den norske kyrkje har i NRK.
At NRK lagar program i forbindelse med religiøse høgtidar som id, meiner han ikkje kan bli samanlikna med gudstenester.
– Det er ikkje same type sendingar. Hadde ein tatt opp ein id-bønnestund eller ei preike i forbindelse med det, så hadde det vore samanliknbart med ei radiogudsteneste.
Slutt for andakta
Da NRK i fjor flytta den daglege andakta frå P1 til P1+ skapte det reaksjonar blant dei faste lyttarane.
– Eg tykkjer det er veldig trist. Det er nokre gode ord å starta morgonen med, og som ein har med seg i løpet av dagen, sa Asbjørn Austnes til NRK den gongen.
– Dette er jo ein tradisjon som me har her i Noreg,
Andakta blei sendt kvar vekedag rundt klokka 08.20 under dei lokale morgonsendingane.
Radiogudstenestene blir sendt kvar søndag klokka 11 på P1+.
Publisert 28.12.2024, kl. 13.39