Volda ute av cupen etter kjempetabbe

1 month ago 17



– Det er jo litt komisk når du ser på resultatet, seier Godøy-spelar Maria Ulla og ler.

Laget ho spelar på gjekk på eit kjempetap då dei møtte Volda i noregsmeisterskapet i handball denne veka.

Resultatet blei nemleg heile 45–6.

Men i ettertid viste det seg at Volda stilte med ein spelar som enda ikkje var klarert for å spele kampar for klubben.

Det gjer at resultatet blir annullert. Førstedivisjonslaget Volda, som nyleg rykka ned frå Eliteserien, er dermed ute av cupen.

Samtidig er Godøy, som nyleg rykte opp til andredivisjon, vidare.

Det er jo litt gøy òg

– Eg fekk litt sjokk eigentleg, men det er jo litt gøy òg, sjølv om det er Volda som hadde fortent å gå vidare, seier Ulla.

Igor Koprivica, som er trenar for Godøy, fekk seg også eit sjokk da han fekk vite at dei var vidare.

Det er jo kjempegøy at ein er vidare, for viss ein vinn og forhåpentleg får ein ny heimekamp kan vi fylle hallen, seier Godøy-trenaren og fortset beskjedent:

Men vi har ikkje ambisjonar om å vinne noregsmeisterskapen i handball.

Godøy håndball

Godøy tok seg vidare i cupen sjølv om dei tapte kampen med 39 mål.

Foto: Privat

Koprivica er eigentleg trenar for Spjelkavik sitt herrelag, men blei henta inn til Godøy då dei nyleg rykte opp til andredivisjon. Det gav laget ein tøff inngang til cupen.

– Eg kan ikkje namna på spelarane mine og dei kjenner ikkje meg. Vi har ikkje trena på noko, og så møter vi eit lag som er profesjonelle og langt over nivået vårt.

Trenaren legg vekt på at dei synest synd på Volda, og meiner det var dei som fortente å gå vidare.

Men trass i nivåforskjellar og kjempetap er det altså Godøy som er vidare til neste runde.

Innrømmer tabbe

Arild Bakke, som er styreleiar i Volda handball, seier at dei burde ha oppdaga at spelaren ikkje var klarert for å spele kampar.

– Her er det gjort ein formell feil frå klubben si side.

Arild Bakke, leiar for Volda handball

Arild Bakke, styreleiar for Volda Handball, seier dei burde ha fanga opp feilen før kampen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Han fortel at dei fekk fleire nye spelarar inn i troppen i juni, og at dei ikkje har oppdaga at det var ein spelar som ikkje var klarert for å spele kampar.

– Eg trur ikkje eg har opplevd dette dei 20 åra eg har jobba med dette. Det er første gongen det har skjedd.

Styreleiaren legg til at tabben er spesielt trist for spelarane.

– Kva skjer no?

– No skjer det ikkje noko anna enn at vi er ute av NM, og vi må ta lærdom av det, naturlegvis. Og skjerpe rutinane våre på dette området. Utover det er hovudsaka vår å kjempe i toppen av førstedivisjon.

Publisert 22.08.2024, kl. 19.37 Oppdatert 22.08.2024, kl. 20.05

Read Entire Article