Vil redde matjorda

2 days ago 3



For kornbøndene er hausten først og fremst tida for skuronn. Det modne kornet skal i hus og bli til mat.

Anders Næss i kornåkeren

Anders Næss studerer rota på det modne kornet.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Då er det kanskje litt rart at bonde Anders Næss står i utkanten av jordet sitt og nappar kornplanter opp med rota:

– Me er ute etter å sjå korleis røtene har utvikla seg.

Det er forsking han driv med. I våronna la han eit lag god kompost på halve forsøksfeltet, der jorda i utgangspunktet er dårleg.

Fleire ulike kornsortar vart deretter sådd i jord, både med - og utan denne komposten.

Når vekstsesongen no er over, er det spennande å samanlikne kornplantene. På kva slags måte pregar jordkvaliteten det modne kornet?

Eldre type såmaskin på en kornåker i Sigdal

Kornet vart sådd mai. Dei mørke felta er kompost.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Korleis berge jorda?

Næss er ikkje berre bonde. Han er også prosjektleiar for forskingsprosjektet «Jordhelse og karbonfangst». 19 bønder i Buskerud testar her måtar å dyrke jorda på, slik at ho skal halde seg fruktbar.

Det handlar om å betre livet i jorda og auke karboninnhaldet.

Hans André Tandberg heller såkorn oppi ei trakt på ei gammaldags såmaskin.

Forsøksteknikar Hans André Tandberg passar på at såkorna hamnar på rett område i forsøksfeltet.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Hans André Tandberg frå Norsk landbruksrådgiving hjelper også til i forskingsarbeidet.

– Kanskje oppnår me ei betre og meir robust jord, som gir større avling og korn med godt innhald av næringsstoff, seier han.

– Målet er å bevise at dette er noko som løner seg for bøndene.

Erik Kolsrud på jorde

Dagleg leiar, Eirik Kolsrud

Foto: Grønt fagsenter, Buskerud

Prosjektet ligg under Grønt fagsenter Buskerud.

– Me har ein tendens til å tenkje på jord som eit livlaust materiale, seier dagleg leiar Eirik Kolsrud. Slik er det ikkje.

– Det er det største biologiske mangfaldet på kloden vår.

Kolsrud forklarar at jord er eit komplekst økosystem.

– Eit utal ulike organismar har levestaden sin der. Og dei er heilt avhengige av karbon og organisk materiale for å overleva.

Matjorda døyr

To jordprøver. Den lyse jorda har ikkje noko organisk materiale i seg, medan den mørke er rein organisk jord.

Døme på sjuk og frisk jord: den lyse jordprøva har ikkje noko organisk materiale i seg, medan den mørke er rein organisk jord (kompost).

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Der ikkje mange husdyr att på norske gardsbruk som driv med korn. Det merkast. I mangel på husdyrmøkk, har kunstgjødsla mange stader vorte einaste næringstilførsel, og moldinnhaldet i jorda blir svekka.

– Saman med einsidig dyrking av dei same vekstane år etter år, har dette vist seg å gjera jorda mindre egna for matproduksjon, seier mikrobiolog Erik Joner ved Nibio. Han har forska på jordhelse og jordkvalitet i 35 år, og ser at matjorda i Noreg gradvis blir dårlegare.

Mikrobiolog Erik Joner

Erik Joner er avdelingsleiar for Bioressursar og kretslaupsteknologi ved Nibio.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Ein klarar seg i normalår, men i år med mykje nedbør eller tørke, får ein dårlegare avling eller ikkje noko avling i det heile tatt.

Joner fortel at ein rapport som EU kom med for nokre år sidan, seier at heile 60-70% av jorda i EU har dårleg helse.

– Det er kritisk, for det betyr at me kan ikkje importere mat frå andre stader. Dei har sine eigne problem.

Difor hastar det med å finne ut korleis ein kan dyrke næringsrik mat og samtidig halde jorda frisk og vital.

Komposten leverer

I Sigdal har hausten komme, og det lyser gult frå det modne kornet i forsøksfeltet.

Eit forsøksfelt med modent korn i Sigdal. Andersnatten i bakgrunnen.

Forsøksfeltet på Evje gard i Sigdal.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Anders Næss står og samanliknar to kornplanter med moden kveite. Dei har vokse med berre nokre meters mellomrom. Med og utan kompost.

– Det er forskjell både på akset og rota, men den ekstreme forskjellen ser du på rotutviklinga.

Kornplanter av kveite, som viser vekst i frisk og sjuk jord.

Kornplanter av kveite, som har vokse i jord, med og utan kompost.

Foto: /Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Hypotesen er at med kompost får kornplanta tilført fleire mineral og næringsstoff, og dermed vil også kornakset bli større og innehalde meir næring.

For hageeigarar, som er vant til å bruke kompost på blomster og grønsaker i hagen, seier det seg kanskje sjølv.

Men her kan det vera snakk om fleire tusen kilo kompost på eitt jorde. Å drive i så stor skala på denne måten, er ikkje vanleg i dagens landbruk.

No blir det tatt jordprøver som skal analyserast nøye.

Anders Næss

Anders Næss vil redde jorda.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Det unike er at det også skal gjerast ei DNA-kartlegging for å finne ut eksakt kva slags mikrobar som faktisk lever i jorda.

Forsøka må gjerast fleire sesongar for å få sikre svar. Difor meiner Næss dei treng minst ti år på å finne ut om dette kan vera løysinga på jordhelse­situasjonen.

Skal de redde verda eller bøndene?

– Begge delar. Me må finne ut korleis me kan endre måten me driv på, slik at me tek meir omsyn til mikrolivet og biologien, og samstundes får stabile og gode avlingar på lang sikt.

Har du noko på hjarta etter å ha lese artikkelen?

Publisert 16.09.2024, kl. 21.08

Read Entire Article