– Etterspørselen eksploderte etter sommaren

21 hours ago 5



Fastrentelån er mykje lettare, for da har du alltid noko å gå ut frå. Og du får så å seie same rekning kvar månad, seier Jasmin Øverland.

Ho har ein kombinasjon av fastrente og flytande rente på bustadlånet sitt.

– Med flytande rente har du alltid ei usikkerheit rundt kva du skal betale i månaden, seier Øverland.

Jasmin Øverland ser på klær

Jasmin Øverland skulle ønske renta var lågare slik at det blei enklare for einslege og dei med usikker økonomi å komme seg på bustadmarknaden.

Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK

Tonje Braut har på si side flytande rente. Ho seier avtalen måtte vore særs god for at ho skulle ha bytt til fastrente.

Renta aukar og søkk, og fastrenta er ofte litt høgare for å ta omsyn til variasjon i marknaden. Så eg hadde nok ikkje bytt til fastrente.

Tomas Nordbø har valt å ha fastrente på rundt halve bustadlånet sitt. Han er finansdirektør i Rogaland Sparebank.

Banken merkar at fleire og fleire ønsker å binde renta.

Vi har fått mange førespurnader om fastrente. Det er fordi forskjellen til flytande rente er over 1 prosentpoeng, seier han.

Og fleire andre bankar har det på same vis. DNB, som sette ned fastrenta onsdag, har merka ein kraftig auke sidan i sommar. I Nordea er det sju gonger så mange denne veka samanlikna med snittet tidlegare i år.

I SpareBank 1 SR-Bank har tre gonger så mange bunde renta i august som 2024 sett under eitt. Også Handelsbanken og Sbanken har merka auka interesse.

Har du fastrente eller flytande rente?

Tidobling i førespurnader

Den siste veka i august tok 100 personar kontakt for å sjekke fastrentetilbodet hos Rogaland Sparebank. Veka før var talet ti.

Det var altså vore ei tidobling av førespurnader.

Sist månad var det fire gonger så mange som valde å binde renta. Fem personar månaden før og 20 personar denne månaden.

Fastrenta på bustadlån i fleire bankar er nå billigare enn flytande rente.

Du får ein umiddelbar lågare rentekostnad med fastrente slik marknaden er nå, men verken vi eller kundane veit jo korleis renta endrar seg med tida, seier Nordbø.

Finansdirektør Tomas Nordbø i Rogaland Sparebank

Tomas Nordbø, finansdirektør i Rogaland Sparebank, har sjølv fastrente på halve bustadlånet.

Foto: Rogaland Sparebank

DNB: – Etterspørselen eksploderte

Han påpeikar at Noregs Bank spår at renta skal ned i januar, men at dei har ombestemt seg ofte det siste året.

– Eg trur det kan ta litt lengre tid. Gjerne ut mot våren og sommaren. Inflasjonen er framleis litt høg og valutakursen er svak.

Også DNB har auka pågang.

– Etterspørselen eksploderte etter sommaren. Andelen har stort sett sokke stabilt kvar månad fram til nå i sommar, der vi har sett ein kraftig auke i interesse rundt fastrentelån, seier Terje Fanebust, regionbanksjef for Rogaland og Agder i DNB.

Han påpeikar at det er verd å merke seg at det er ein auke frå eit veldig lågt nivå. Og sjølv om salet av fastrente går opp, vel dei aller fleste framleis flytande rente på bustadlåna sine.

Terje Fanebust

Terje Fanebust, regionbanksjef Sørvest, meiner det er naturleg at fleire ønsker fastrente nå.

Foto: DNB

– Eg trur dei fleste ekspertar er einige om at renta skal ned, men usikkerheita ligg i når og til kva nivå. For kundar som ønsker føreseielegheit og lågare lånekostnader allereie, kan dette vere eit fint høve til å binde renta.

Kva svarer seg eigentleg over tid?

Nordbø i Rogaland Sparebank meiner at vi i Noreg har ein innbakt ryggmergsrefleks om at flytande rente er det beste.

Det er litt uvisst kva som svarer seg over tid. Det er sånn i Noreg at flytande rente er billigast over tid. Men det er noko med at ein skal tole dei svingingane når ein ikkje veit kva svingingane er. Så særleg dei med ei pressa økonomi har ein fordel av å ha ei føreseieleg betaling.

Onsdag er styringsrenta frå Noregs Bank 4,5 prosent.

– Ein burde ikkje skaffe seg fastrente fordi ein trur renta skal opp eller ned. Ein skal inngå ei fastrente for å ha ei føreseielegheit i kvardagen. Da veit ein kva bustadlånet vil koste dei neste tre eller fem åra, seier Nordbø.

Publisert 18.09.2024, kl. 22.24

Read Entire Article