Oddbjørg (24) vil tape mykje pengar om ho flyttar heim: – Kjipt

8 hours ago 3



Onsdag blei det klart at regjeringa ønsker å slette deler av studiegjelda til studentar om dei flytter til distriktskommunar.

Mellom anna student Sindre Pettersen (23) frå Innlandet håper ordninga kjem i stand:

– No er det endå ein grunn til å flytte heim igjen, seier han.

Men ikkje alle er einige.

Sindre Stenseth Pettersen (23) frå Trysil og Andrea Fiske (19) frå Surnadal

Studentane Sindre Stenseth Pettersen (23) frå Trysil og Andrea Fiske (19) frå Surnadal synest begge det er ein god idé å skrive ned gjelda til studentar som flyttar til distriktskommunar.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

I Vesterålen gjeld nemleg ordninga for alle kommunar utanom éin, Sortland.

– Eg synest det er ganske kjipt, seier student Oddbjørg Merete Høwe (23), som kjem derfrå.

Ordføraren i kommunen trur ordninga kan gjere at nabokommunar må kappast om studentane.

Blir dyrt å flytte heim

Høwe er nyutdanna sjukepleiar. Ho kjem frå Sortland og kan i grunn tenkje seg å flytte heim.

– Det hadde vore litt rart å flytte til ein annan kommune. Men no ville eg nok busett meg ein annan stad om eg flytta nord, seier ho.

For med regjeringas nye ordning vil ho tape mykje pengar på å flytte heim.

Oddbjørg Merete Høwe har lyst halvlangt hår og briller. Hun sitter utendørs i grønn singlet og smiler til kamera. I bakgrunnen synes tropiske busker.

Sjukepleiarstudent Oddbjørg Høwe (23) meiner kommunar i vekst, slik som Sortland, bør bli sett på som noko positivt. – Det kan gagne alle nabokommunane.

Foto: Privat

Dei som bur i dei usentrale kommunane, kan nemleg få sletta 25.000 kroner av studielånet sitt årleg frå januar 2026, om regjeringa får fleirtal i Stortinget for saka.

Men som einaste kommune i regionen er Sortland den einaste som fell utanfor ordninga.

Høwe synest i utgangspunktet det er ein god idé for å få fleire til å flytte heim eller busetje seg i Nord-Noreg.

Sortland.

Det bur om lag 10.000 menneske i Sortland. I nabokommunen Hadsel bur det litt over 8000. Skilnaden på 2000 menneske er nok til at Sortland ikkje fell under ordninga.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr

– Men visst ein først skal satse på det, synest eg ikkje sentralitetsindeksen skal styre korleis ordninga skal fungere, seier ho.

23-åringen meiner det er feil å straffe kommunar i vekst, slik som Sortland.

– Om poenget er at ein skal få vekst i Nordland, synest eg ikkje det burde vere nokon forskjell om ein er akkurat litt for stor. Det er framleis veldig lite.

Ordførar: – Heilt hol i hovudet

Ordførar i Sortland Grete Ellingsen (H) meiner dette i utgangspunktet er ein spennande ordning for kommunane i Nord-Noreg.

– Men det er heilt hol i hovudet at Sortland har falle ut.

Ellingsen forstår ikkje kvifor det skal vere slik. Sortland er den største kommunen i Vesterålen, men det er ikkje med stor margin.

Grete Ellingsen

Sidan Sortland er kommunesenteret i Vesterålen er det knutepunkt for mellom anna buss. Ordførar Grete Ellingsen trur ikkje det er til det beste for regionen at dei fell utanfor ordninga.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Rett bak kjem Hadsel som har både sjukehus og flyplass. Difor er det eit kunstig skilje sat om ein skal sørge for at regionen sine innbyggarar får gode tenester, seier ordføraren.

– Er du redd for at dette vil føre til at folk buset seg i nabokommunane i staden?

– Problemet er at folk drar ut av regionen. Vi treng at folk flyttar til denne regionen. Då er det viktig at vi har like rammer.

Sortland er for sentral i inndeling

Men kvifor hamnar Sortland utanfor det gode selskap?

Marit Knutsdatter Strand (Sp), nestleiar i utdannings- og forskingskomiteen fortel at dei har brukt SSB sin inndeling for kommunar der enkeltkommunar blir skilt ut som mest avsidesliggande og minst befolka.

Slik meiner ho at dei ha funne kommunane som har mest behov for tilflytting, mellom anna til læraryrket.

Her kan du søke opp din kommune og sjå om tiltaket kan gjelde deg:

Enkelt forklart delar SSB norske kommunar inn i kategoriar frå 1-6, der kategori 5 og 6 er dei minst sentrale.

Det er desse to kategoriane som blir omfatta av ordninga. Sortland er, i motsetning til kommunane rundt, i kategori 4, og er med andre ord ikkje avsidesliggande nok.

Marit Knutsdatter Strand

Marit Knutsdatter Strand (Sp), nestleiar i utdannings- og forskingskomiteen seier dei mellom anna har utbetra fylkesvegar nær Sortland og jobbar med å få på plass ny politistasjon.

Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet

Sortland scorar nemleg eit poeng unna kategori 5 som sluttar på 669.

Strand står fast ved at Sortland i denne samanhengen har eit så stort sentrum at den ikkje kan vere med i denne ordninga.

– Men dei er samstundes med i andre ordningar som lågare barnehagepris, generell skatte- og avgiftspolitikk der pendlarar kjem styrka ut mellom anna, seier politikaren.

Det blå gjerdet utenfor Kystvakten på Sortland, med en vernepliktig som passer porten. Skiltene viser veien til Gråsonen, Ny-Ålesund.

Nestleiaren i utdannings- og forskingskomiteen peiker på at dei mellom anna har sikra at kystvaktbasen blir bygd opp i Sortland. Sjølv om dei ikkje får vere med i ordninga med sletting av studiegjeld.

Foto: Beth Mørch Pettersen / NRK

Ho trur likevel Sortland vil få auka kompetanse og bli styrka samla sett, når fleire får betre økonomiske kår knytt til lån etter utdanning.

– Det er dessutan viktig for Sortland at det er sterke utdannings- og forskingsmiljø i Nord-Norge, og dette bidrar til det om terskelen for å ta utdanning blir senka, meiner Strand.

Urettferdig fleire stader

Leiar i Unge Høgre, Ola Svenneby, meiner at forslaget er galskap.

Han meiner dei største levekårsutfordringane for dei i etableringsfasen i dag er i dei største byane og viser til bustadkrisa i Oslo og auka leigeprisar i dei fleste byar og tettstader.

høyre-politistudent-050924 (60)

Leiar i Unge Høgre, Ola Svenneby, seier han ikkje synest noko om å velje seg ut éin gruppe og designe eit system for å tilfredsstille eigne veljarar.

Foto: Helle Westrum / NRK

Difor meiner han det blir urettferdig for ganske mange studentar frå kommunar som ikkje kjem inn under ordninga, men likevel bur i dyre kommunar med mykje studielån.

– Det er lett å berre snakke om Oslo, men i Bodø, Tromsø eller Hamar, eller nær sagt alle dei største byane i Noreg i dag aukar levekostnadane, seier han og legg til:

– Dersom økonomiske insentivar hadde fungert for å få folk til å flytte til rurale strøk, hadde dei gjort det allereie.

Meiner dei bør sjå til arbeidsgivarmodellen

No vil politikarane i Sortland jobbe med å påverke kva kommunar som er med i ordninga.

– Vi bygger landet òg gjennom regionar, der mange små kommunar er uløyseleg knytt til kvarandre, seier ordførar Ellingsen.

Ho meiner løysinga vil vere å sjå mot modellen på arbeidsgivaravgifta.

– Der er dei veldig store byane på ein måte unntatt å betale fullt, mens dei andre ikkje er det. Det ville tent formålet betre, seier ordføraren i Sortland.

Publisert 19.09.2024, kl. 17.11 Oppdatert 19.09.2024, kl. 17.18

Read Entire Article