Kyrre kan kjøpe alt han peikar på i ei gate i Bodø

3 hours ago 5



– Eg held på å bygge meg ei garasje, så eg er ute etter litt innreiing, seier Kyrre Kolvik.

Og på ein spesiell loppemarknad i Bodø fann han litt av kvart.

– Litt hyller, skap, stige og ei varmepumpe, seier Kolvik.

Og prislappen kom på litt over 1000 kroner.

Alt av byggematerialar og inventar til hus og hage kan kjøpast for ei billig penge i «Ombruksgata» i Bodø.

Fem hus skal rivast i det som eigentleg heiter Tolder Holmersvei for å gje plass til 95 leilegheiter fordelt på fire bygg.

Og for å redusere avfallsmengda, inviterer renovasjonsselskapet Iris folk til å hente det dei vil ha.

– Det er så flott at dei legg til rette for at ein kan bruke att ting som kan bli teke vare på, i staden for at det skal skrotast. Det er eit veldig bra tiltak, seier Kolvik.

Kyrre Kålvik henter ut ting fra ei garasje som skal rives i Bodø.

Kyrre Kålvik hentar ut ting frå ei garasje som skal rivast i Bodø.

Foto: Per-Magne Steen / NRK

Auking i byggeavfall

I 2022 blei det generert 2,1 millionar tonn avfall frå bygging, rehabilitering og riving. Det er ei auke på rundt 16 prosent samanlikna med året før, ifølge SSB.

– Ofte så hamna alt av byggematerialet og interiør som avfall. Men i dette samarbeidet med Iris så kan tinga brukast opp att og få eit nytt liv. Det er bra og berekraftig.

Det seier Stian Elstad, dagleg leiar i Molobyen-utvikling. Det er dei som skal bygge dei 95 nye leilegheitene i Bodø.

– Det har vore ei enorm interesse rundt dette. Mange ser ting med mykje verdi her.

Fem hus skal rivast i Bodø, og for å redusere avfallsmengda fekk folk hente det dei vil ha.

Fem hus skal rivast i Bodø, og for å redusere avfallsmengda fekk folk hente det dei vil ha.

Foto: Per-Magne Steen / NRK

Dagleg leiar i Iris produksjon, Andre Svendsen seier målet med prosjektet er å redusere avfallet, ikkje tene pengar.

– Det er ikkje beløpet i seg sjølv som er viktig for oss. Vi har lagt oss på ein veldig rimeleg pris på alt av inventar, vegger, parkett og alt. Det går unna, seier Svendsen.

På ein halv time hadde dei hatt 50 kjøp, hevda han.

– Det er alt frå store kjøkkeninnretningar til sikringsskap, parkett og ytterdører. Det er utruleg artig at vi har fått slik respons, seier Svendsen.

Sofa og peis i gjenbruksgata som er til salgs.

Alt av byggematerialar og inventar til hus og hage kan kjøpast for ei billig penge i «Ombruksgata» i Bodø. Som omnen og sofaen.

Foto: Per-Magne Steen / NRK

– Liv laga

– Trur du dette blir brukt?

– Ja, absolutt. Ut ifrå den responsen og kor oppteken folk er av at ting skal takast vare på og at det behandlast fint når det blir demontert, så er eg heilt sikker på at det får eit nytt liv. Då spara vi klima for produksjon av nye varar. Det syns vi som eit avfallsselskap, er utruleg stilig, seier Svendsen.

På landsbasis står bygg og anlegg for 35 prosent av alt avfallet som genererast. Med ein kvadratmeter med nybygg, så genererer det opp i mot 50 kilo med avfall.

– Og det at bransjen sjølv sett fokus på dette og ønskjer å gjere noko med det, syns vi er heilt fantastisk. All ære til Molobyen som tek dette initiativet og testa ut om dette er liv laga for framtida, seier Svendsen.

Andre Svendsen, dagleg leiar i Iris produksjon ikledd gul vest og står ute.

Andre Svendsen er dagleg leiar i Iris produksjon.

Foto: Per-Magne Steen / NRK

Loppemarknaden får mykje lovord frå kundar, avfallsselskap og utbyggar.

Men er dette løysinga på avfalls- og utsleppsproblematikken til byggebransjen?

Nja, svarar seniorforskar på Sintef, Petra Rüther.

– Å arrangere ein loppemarknad for å få mindre avfall og bruke om att ein stol frå bestemor, det blir for lite. Du kan ikkje løyse dette problemet berre med velvilje og engasjement, seier Rüther.

Stor hump i vegen

Byggebransjen står for ein stor del av avfall og utslepp i Noreg. Det har vore slik lenge, seier seniorforskaren.

Dei bruker mykje råvarer, og produksjonen står for mykje utslepp. Spesielt betong er ei stor kjelde til klimagassutslepp. Det blir brukt mykje betong, og det blir slept ut mykje CO₂.

Det beste ein kan gjere for miljøet i byggebransjen er å renovere. At ein oppgraderer i staden for å rive ned og bygge nytt. Men å bruke materiala på nytt er ein god nummer to, ifølge Rüther.

Å bruke om att material er «inn» i byggebransjen om dagen.

Men så er det ein stod hump i vegen for at ikkje dette er utbreidd i byggebransjen. Nemleg regelverket.

– Fordi du på brukte materiale ofte ikkje veit kva du får.

Materiala kan for eksempel innehalde farlege stoff, som asbest. Så regelverket skal sikre at bygga er trygge.

– For eksempel må eit vindauge ha ein viss varmeisolasjon og materiale må ha ei viss bereevne. Og når du har brukt det materialet, så har du ikkje den dokumentasjonen. Du kan ikkje avgjere det berre ved å sjå på det.

Dette er dokumentasjon profesjonelle aktørar, entreprenørar og byggherrar vil ha.

Må ta med heile byggebransjen

Ho seier vidare at det er fint med tiltak som gjenbruksgata i Bodø, men for at gjenbruk i byggebransjen skal ha noko effekt, må det løftast på eit større plan.

– Viss det skal ha ein påverknad på tala eg var inne på, så må ein gå til den profesjonelle marknaden. Til dei store prosjekta.

– Det må profesjonaliserast, legg ho til.

Det er mykje som skal til for å endre ein heil industri. Og til sjuande og sist handlar det i byggebransjen om økonomi.

– Viss du bruker noko som er gammalt og du må vurdere kvaliteten på nytt og du må organisere det og demontere og transportere, så kostar det meir enn at du kjøper noko nytt.

Ho meiner vi treng eit betre system for å sjekke brukte materialar og eit strengare regelverk som tvingar bransjen til å bruke om att materialar.

– Vi kan ikkje gå rundt å seie at byggebransjen må bli meir berekraftig, og håpe og ønske at det skal løysast innan ifrå.

Publisert 19.09.2024, kl. 22.24

Read Entire Article