Vil redde bygda med kristen privatskule

16 hours ago 5



– Det beste hadde vore å behalde ei offentleg skuleløysing i Lom, men det ser vi no blir vanskeleg, seier elevrådsleiar ved Lom vidaregåande skule, Eivind Maurstad Husom til NRK.

Då fylkestinget vedtok å leggje ned to skular og fire skulestader i Innlandet, sa lokale krefter at siste ord ikkje var sagt. No er alternativet til den nedlagde skulestaden i Lom lansert.

Ei kristen privatskule.

Frist 1. februar

Styreleiar i Tafi, Hanna Flækøy Skjåkødegård, seier til NRK at dei har gjort eit nøye arbeid med å sjå på moglegheitene for ein privatskole i Lom.

Portrett av Hanna Flækøy Skjåkødegård

SJØLVSIKKER: Styreleiar Skjåkødegård har tru på privatskole frå hausten 2025.

Foto: Privat

Utdanningsdirektoratet (Udir) må ha søknaden innan 1. februar, om gruppa skal ha håp om å starte opp frå hausten i år.

– Vi synest at søknaden vår stiller sterkt. Blant anna med tanke på omsyn til distriktet når det blir oppretta privatskule.

Mellombels skule

Frå hausten siktar dei mot ei fullprivat mellombels løysing, fram til dei eventuelt får godkjend ei permanent, kristen privatskule innan tre år.

Dei meiner den mellombelse skulen årleg vil koste 20 millionar kroner å drifte.

Difor frir dei til næringsliv, kommunar og privatpersonar for spons.

Det blir nøydd til å bli eit spleiselag, seier Sondre Morgen Bøye i Tafi.

Kristen-privatskule-stills

Sondre Morgen Bøye i Tafi har stor tru på privatskulen i Lom.

Foto: Even Lusæter / NRK

Ut ifrå dei signalane vi har fått så verkar både lokalt næringsliv, kommunane og privatpersonar veldig velvillige når det gjeld å sørgje for finansiering til den mellombelse løysinga, og få gjennom ein offentleg godkjent privatskule.

Blir skulen godkjend, vil den deretter kunne få dekt 85 prosent av utgiftene med å drive skulen.

Støttar ikkje privatskule

I 2022 talde Statistisk sentralbyrå eit hundre private vidaregåande skular i Noreg.

Seks av desse er i Innlandet.

Same år stramma regjeringa inn på privatskolelova, som fjerna moglegheita for å godkjenne profil- og yrkesfagskolar.

Samstundes kan private skular, som har eit livssyn i botnen, framleis startast etter innstramminga.

Fylkesordførar i Innlandet Thomas Breen (Ap) var blant fleirtalet på fylket som stemte for å leggje ned skular i Innlandet i fjor haust.

Han skriv i ein e-post til NRK at dei på generelt grunnlag er imot etablering av privatskular i Innlandet. Årsaka er det fallande elevtalet i fylket.

Vi kjem ikkje til å støtte noko privatskuleinitiativ.

Skoledemo-fylkestinget-møterelevene

Thomas Breen (Ap), fylkesordførar i Innlandet, vil ikkje støtte oppretting av privatskular i Innlandet.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Breen syner til at elevtalet har sunke og kjem til å falle, og at dette er årsaka til at dei vedtok å leggje ned skular i utgangspunktet.

Dette for å oppretthalde kvalitet og breidde i utdanningsmoglegheitene for elevane våre. Men òg for å auke forutsigbarheiten for arbeidslivet. Då hjelper det ikkje å opprette nye skular.

  • Førre veke var arbeidet med privatskulen i Lom tema på Dagsnytt 18. Sjå debatten her:

Vil starte kristen privatskole i Lom.

Vertsfylket skal få moglegheit til å uttale seg i søknadar om nye privatskular.

Det opplyser Einar Simonsen Plahter, avdelingsdirektør for internjuridiske tenester og private skular i Udir, på e-post til NRK.

Ifølgje Privatskoleloven skal Udir leggje vesentleg vekt på utsegna til vertsfylket.

Samstundes har ikkje fylket nokon vetorett, opplyser han.

Både fylket og søker kan klage på Udir sitt vedtak.

– Alle vil bli

Avdelingsleiar for Nord-Gudbrandsdalen vidaregåande skole avd. Lom, Tor Olav Mundal, seier til NRK at det er ei spennande moglegheit for både lærarar og elevar.

– For dei som jobbar i avdeling Lom, så er dette ei moglegheit for å framleis jobbe i Lom, seier Mundal.

Kristen-privatskule-stills

OPTIMIST: Tor Olav Mundal trur mange av lærarane føretrekker å bu i Lom enn å pendle til Otta, og er optimistiske til ny privatskole.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Blir lærarane med over på eit slik alternativ?

– Vi har ikkje hatt oppteljing på det, men inntrykket er at dei aller fleste lærarane vil vere med over på ein slik privatskole.

Skolevedtak-reaksjon-elever

BLIR: Elevrådsleiar Husom trur han og medelevane føretrekker privatskole over pendling.

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

Elevrådsleiar ved Lom vidaregåande skole, Eivind Maurstad Husom, er klar på at han trur elevane vil bli med det nye tilbodet, dersom det blir noko av.

– Eg trur nesten eg kan seie heilt sikkert at alle vil det.

Publisert 08.01.2025, kl. 16.17

Read Entire Article