Støre om Trumps Grønland-utspel: - Det er ikkje greit

11 hours ago 4



– Det er ikkje greit å antyde bruk av militær makt mot ein alliert. Det er ikkje greit å antyde at ein vil ta til seg land under andre sin suverenitet.

Det seier statsminister Jonas Gahr Støre i NRKs politisk kvarter.

– Du seier han vil at vi skal ta han på alvor, men ikkje bostaveleg?

– Førre periode med Trump lærte vi at ein ting er kva han seier, også er det måten han seier det på. Vi veit at det er ein politikar som kommuniserer politikk på ein annan måte.

Støre understreker at allereie i 2019 lanserte Trump ønsket sitt om å kjøpe Grønland. Noko som blei raskt avvist.

– Men eg har behov for å seie frå at det ikkje er greit å uttale seg på denne måten.

For Europa er dette alvorleg

– Heile vitsen med Nato er at ein har eit sikkerheitsfelleskap der tanken er å løyse konflikt utan tvangsmakt. No bryr han nettopp denne kontrakta.

Det seier Iver B. Neumann, direktør i Fritjof Nansens institutt.

– Trump har ikkje fått med seg at dette ikkje er forhandlingar i næringslivet, men eit spel med andre reglar. For Europa er dette alvorleg.

USA har gått frå å vere sikkerheitsgarantist til ei sikkerheitsutfordring.

Han meiner at vi skal vere glade for at norske politkarar er stort sett einige om utanrikspolitikken i motsetning til andre land, og at ein skal «halde hovudet kaldt» i møte med USAs kromspring.

– La oss huske at då Trump var president, hadde Noreg eit utvida samarbeid med USA i nord, skyter Støre inn.

Trump jr. landa i Nuuk

Det var tidlegare denne veka at Donald Trump jr. landa på Grønland. Med eit stort oppbod av fotografar og presse i ryggen var han der som turist, ifølge han sjølv.

Samstundes uttalte Donald Trump, som har vore tydeleg på at han vil ta over Grønland, at han ikkje ville utelukke bruk av militær eller økonomisk makt for å sikre at USA får kontroll over verdas største øy.

«Make Greenland great Again», skreiv Trump på sin eigen plattform.

Grønland er ein del av det danske kongerike, og Trumps framstøyt har skapt store reaksjonar der, og i resten av Europa.

Onsdag kalla Mette Frederiksen, Danmarks statsminister, inn til krisemøte. Tidlegare har ho sagt at Grønland ikkje er til sals.

– USA er vår absolutt nærmaste allierte, og vi ønsker alltid å jobbe tettare med amerikanarane, seier ho.

Publisert 09.01.2025, kl. 07.52 Oppdatert 09.01.2025, kl. 08.17

Read Entire Article