Cruiseskipet «Viking Sky» var ei hårsbreidd frå ein grufull katastrofe i 2019.
I full storm svikta all motorkraft, og skipet var sekund frå å gå på grunn, med 1373 personar om bord.
Ei alvorleg erkjenning kom til syne: Når svære cruiseskip er i havsnød, er det umogleg å hjelpe alle om bord.
– Vi bør ikkje med opne auge tillate ei verksemd som har så stor risiko i seg, når det er mogleg med nokre relativt enkle tiltak, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand i Vestland.
No er forslag til nye reglar lagt fram, som skal gjere det tryggare til havs:
Er vêrmeldinga dårleg, blir det forbode for svære cruiseskip å segle gjennom vêrharde havstrekk.
Da må skipa ta lange omvegar, eller rett og slett vente på betre vêr.
Kan by på trøbbel
– Vi klarer ikkje å dimensjonere ein beredskap for eit verste fall-scenario. Derfor må vi jobbe førebyggande, seier Arve Dimmen i Kystverket.
Det er dei som har laga regelforslaget, som gjeld skip over 150 meter når det er meldt over 20 sekundmeter vind i kasta.
I 2023 var det 136 dagar med så sterk vind ved Stad, som er eitt av områda i forslaget.
Reglane kan altså by på trøbbel for cruiseskip med stramme tidsskjema.
– Det kan ha konsekvensar for dei dagane med dårleg vêr, at du faktisk må ligge til kai eller vente med å gå inn i eit område, seier Dimmen.
Men ingen store cruise-aktørar NRK har snakka med, vil sei kva dei meiner om forslaget.
– Vi har notert oss forslaget. Dette er no under vurdering hos våre åtte reiarlag som seglar under Carnival-paraplyen, seier destinasjonsansvarleg for Carnival i Noreg, Sandra Diana Bratland.
Stadig meir cruise
Det blir stadig meir cruiseturisme i Noreg – også på vinteren når vêret er dårleg.
Dei største skipa har plass til over 7000 menneske.
«Viking Sky»-hendinga vart grundig evaluert. Forslaget som no er på høyring, er ei av tilrådingane i Cruiseutvalet sin rapport frå 2022.
Dimmen i Kystverket omtaler cruisebransjen som «ei veldig ansvarleg næring».
– I dag ventar mange når vêrforholda er dårlege. Så vi trur ikkje dette vil påverke så mange seglasar. Men det vil påverke nokon, seier han.
Publisert 09.01.2025, kl. 08.21