– Ingen skjønar kvifor dette blir innført. Men det må jo vere fordi det skal vere full likestilling, seier Max Mankowitz til NRK.
Han er trenaren til Omar Shiha, som i førre veke boksa seg til ein kvartfinale i VM.
– Det er urimeleg at jenter vil vere med i guteklassen. Nivået er jo høgare på gutesida, seier ein undrande Mankowitz.
TRENARPROFIL: Max Mankowitz er trenaren til norske Omar Shiha, som i førre uke boksa i VM.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB– Ingen kvinner vil lure seg inn
NRK har den siste tida skrive fleire saker på kjønnstesting i friidretten. Men det er altså ikkje berre der diskusjonane rundt testinga rasar.
I sommar la det nye internasjonale amatørbokseforbundet, World Boxing, fram planane om å kjønnsteste ikkje berre kvinner, men også menn før tevlingane sine.
Ordninga kjem som følge av oppstyret rundt algeriske Imane Khelif, som vann gull under OL i Paris i fjor.
– Eg veit ikkje om det er nødvendig å teste menn. Sjølvsagt skal same kjønn bokse mot kvarandre, det er alle einige om, seier Martin Skogheim, som er både trippel noregsmeister og nordisk meister i lett mellomvekt (70 kilo).
NOREGSMEISTER: Martin Skogheim (til venstre) i aksjon mot Lewis Richardson i Sheffield i England. Skogheim er fleire gonger noregsmeister.
Foto: Martin Rickett / Pa Photos / NTB– Det er heilt klart fysiske forskjellar mellom kjønna, og det kan ramme utøvarane sin helse i ein sport som boksing, legg Skogheim til.
NRKs bokseekspert Anders Werner Øfsti stussar også over planane til World Boxing.
Organisasjonen arrangerer VM-konkurransane og har også fått ansvaret for boksinga i sommar-OL i Los Angeles i 2028.
– Det er lite truleg at kvinner vil prøve å «lure» seg med i ein konkurranse for menn i boksing, seie Werner Øfsti.
BOKSEEKSPERT: Anders Werner Øfsti
Foto: Vegard T. Blakstad/NRKLike vilkår
I eit fråsegn frå World Boxing går ikkje forbundet konkret inn på kvifor også mennene må testast.
Men dei skriv at innføringa av den obligatoriske testinga «vil vere ein del av ein ny «policy» for kjønn, alder og vekt for å sikre sikkerheita til alle deltakarar og gje konkurransedyktige like konkurransevilkår for menn og kvinner», står det på organisasjonens heimesider.
Det er kvart enkelt nasjonale bokseforbund som får ansvaret for testinga, og må stadfeste kjønnet til sine utøvarar når dei melder dei på til konkurransar i regi av World Boxing.
Ifølgje Inside the Games er World Boxing det første forbundet som vil innføre kjønnstesting både for menn og kvinner.
NRK har lagt kritikken fram for World Boxing, men førebels ikkje fått svar.
– Risikerer å skade seg sjølv
Hos Norges bokseforbund ristar dei på hovudet over planane om å teste også menn, som truleg blir innført frå 1. januar 2026.
VISEPRESIDENT: Frank Walstad
Foto: PRIVAT– Viss menn vil bokse mot kvinner, har dei fått ein urettmessig fysisk fordel, men dersom kvinner prøvar å «lure» seg inn i herreklassen, har dei ingen konkurransefordel. Og difor ser vi ikkje dette som ein sannsynleg risiko, seier visepresident, Frank Walstad til NRK og held fram:
– Tiltaket er absolutt ikkje nødvendig fordi dette vil i praksis ikkje vere risikoreduserande. Dette vil berre vere ein praktisk og økonomisk ekstra byrde for oss. Ifølgje «knockout»-loven er målet innanfor boksing å redusere risikoen for skader. Dette tiltaket reduserer ikkje den risikoen som er i sporten, meiner han.
– Kjem dere til å lufte denne bekymringa til World Boxing?
– Ja, dersom dette blir innført, kjem vi til å gjere det. World Boxing har sin konferanse i India i slutten av november der dette garantert blir teke opp, seier Walstad.
VM-BOKSAR: Omar Shiha må kjønnstestast, til liks med alle konkurrentane sine, dersom det internasjonale forbundet får det som dei vil.
Foto: Beate Oma Dahle / NTBFor alle over 18 år
Også Anders Werner Øfsti poengterer at det vil vere farleg for ei kvinne å bokse mot menn.
– Sjølv om Henriette Jæger spring veldig fort på friidrettsbanen, trur eg ikkje ho har spesielt lyst til å konkurrere mot Karsten Warholm, seier Øfsti, som understrekar at han skjønar poenget med at kjønnstestinga blir gjort likt mellom kvinner og menn og at det følast rettferdig.
World Boxings nye politikk fører til at alle utøvarar over 18 år må gjennom ein såkalla PCR-test.
Dette er ein genetisk test som bestemmer kjønn og utførast gjennom nase/munnpinne, spytt eller blod, ifølgje informasjonen som er sendt ut av forbundet.
Vil ha ein debatt
Tidlegare boksar og ekspert hos Viaplay, Roar Njie Petajamaa seier han forstår ønsket om rettferd i sporten, men stiller spørsmål om kjønnstesting av menn er nødvendig.
Han ser fleire moglege konsekvensar ved testinga.
– Praktisk kan dei nye reglane gje forseinkingar og diskvalifikasjonar, slik vi allereie har sett når testresultat ikkje kjem i tide, seier Petajamaa.
– Boksemessig er eg usikker på om ein genetisk test faktisk seier noko om styrke, hormonprofil eller skadepotensial i ringen. Og for utøvarane kan dette opplevast som eit press som svekker rekruttering og mangfald, seier han vidare.
Han vil ha ein debatt rundt testinga.
BOKSEEKSPERT: Roar Njie Petajamaa
Foto: Berit Roald / NTB– Spørsmålet er kva vi oppnår med slike testar. Og om det finst betre måtar å sikre rettferd og tryggleik i sporten.
World Boxing blei oppretta i 2023 som ei motstemme til Det internasjonale bokseforbundet (IBA) som mista statusen som eit olympisk forbund.
Dermed er det World Boxing som skal organisere boksekonkurransane under OL i Los Angeles i 2028 etter å ha blitt godkjent av Den internasjonale olympiske komité (IOC) i mars.
Hvem tror japanere at Jakob Ingebrigtsen er? – Ser ut som han har mye penger 01:00
Publisert 16.09.2025, kl. 05.13