Vil innføra nye EU-reglar – kan bli milliardkostnad for norske kommunar

10 hours ago 6



Regjeringa annonserte fredag at ho vil gjennomføra EUs reviderte direktiv for avløp.

Det inneber strengare krav til betre reinsing, reinare vatn og meir moderne avløpsløysingar over heile landet, ifølgje regjeringa.

Kritikarar trur det vil bety urimeleg høge investeringar for mange kommunar, og at prislappen blir dumpa på forbrukarane.

Kan gi auka avgifter på 22.000 kroner

Dei nye EU-krava om kloakkreinsing vil krevja investeringar på opptil 33 milliardar kroner i norske kommunar, ifølgje ein rapport frå Miljødirektoratet.

Krava inneber at mindre tettstader med fleire enn 1.000 innbyggarar må oppgradera til to-trinnsreinseanlegg.

Innbyggarar i kommunane det gjeld, risikerer auka årsavgifter på opptil 22.000 kroner, ifølgje rapporten. Kommunar frå Agder til Finnmark vil bli ramma. Særleg i Agder, Nordland, Vestland og Møre og Romsdal.

– Avgjerande for miljøet og helsa vår

Regjeringa seier dei vil jobba for løysingar og tilpassingar som tek best mogleg omsyn til norske forhold og gjennomføringsevna til kommunane.

– God reinsing av avløpsvatn er heilt avgjerande for miljøet vårt og for helsa vår. Det er allereie behov for betydelege investeringar i vatn og avløp i åra framover for å redusera etterslep, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

I pressemeldinga frå regjeringa kjem det ikkje fram kor mykje krava vil kosta og kva kommunar som blir ramma.

– Me har sagt tydeleg i frå til EU om behovet for endringar i krava, og me er blitt høyrde på fleire punkt. Blant anna har tidsfristane blitt romslegare. Regjeringa jobbar for at omsynet til norske kommunar og innbygarar blir tatt best mogleg vare på, seier Eriksen.

Regjeringa vil senda forslag til nytt norsk regelverk på høyring. Og saka skal behandlast i Stortinget.

Illustrasjonsfoto fra renseanlegget til Veas.

Nye EU-krav om avløpsreinsing i mindre tettstadar kan bli eit kostnadssluk for norske kommunar.

Foto: Veas

Vedum: – Direktivet må stoppast

Fleire parti og interesseorganisasjonar reagerer sterkt på EU-direktivet.

– Dette er reinsekrav som er tilpassa storbyar. At Båtsfjord og Brussel skal ha same krav, er både dyrt og dumt, meiner Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum.

Han viser til rapporten Menon har laga for Miljødirektoratet.

– Det vil i snitt kosta rundt 3.000 kroner per husstand i Nord-Noreg. I Møre og Romsdal blir det 4.000 kroner, og i ein Agder-kommune er prislappen per husstand i snitt over 20.000 kroner.

Vedum meiner regjeringa må stoppa direktivet, og trur det kan skapa forrakt for systemet å gjennomføra det.

En mann som står ved en talerstol

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) meiner EU-krava til reinsing må stoppast.

Foto: Fredrik Varfjell/NTB

Raudt er også kritiske til avgjerda om å ta inn EU-krava.

– Dette er ei dårleg nyheit for folk som bur i distrikta våre. Regjeringa vil føya seg for EU og innfører symbolpolitikk som ikkje hjelper miljøet, men berre betyr ei gigantrekning for innbyggarane mange små stader i landet, seier Hanne Stenvaag (R), som er leiar i kommunalkomiteen på Stortinget.

Publisert 19.12.2025, kl. 12.52 Oppdatert 19.12.2025, kl. 13.45

Read Entire Article