Uro­meldingar om små barn får ingen konse­kvensar

1 hour ago 1



– Mange let til slutt vere å melde frå sidan dei veit at ingenting kjem til å skje. Det er fortvilande og uverdig.

Det seier Anne Karin Swang. Ho dagleg leiar i fagforeininga Helsesykepleierene NSF.

Nær halvparten av helsesjukepleiarar opplever sjeldan eller aldri at deira varslar vert tekne vidare i systemet. Dette gjeld dei som får dei minste barna inn på kontrollar.

Tala kjem fram i ei ny undersøking frå Barneombodet.

Det handlar om alt frå unormal motorisk utvikling og dårleg språkutvikling, til utfordringar i heime.

Ofte vert desse varsla altså berre liggande utan at noko tiltak vert gjort.

Portrettbilde av Ann Karin Swang, leder for landsgruppa av helsesykepleiere.

Anne Karin Swang er leiar av Helsesykepleierene NSF, ein del av Sykepleierforbundet.

Foto: Landsgruppen av helsesykepleiere NSF

– Problemet er at det er like mange måtar å organisere helse- og sosialhjelp på som det er kommunar, meiner Swang.

– I mange kommunar er dette nedprioritert i ein trong økonomisk kvardag.

Små kommunar like gode som store

På Familiens hus på Møllendal i Bergen er Kristine Solberg og vesle Live på sin første kontroll hos helsesjukepleiar.

Som hjå alle andre foreldre er Solberg var på dei minste teikn på at noko ikkje er som det skal.

– Veks ho normal? Et ho nok? Eg håper jo at vi skal få svar på alt vi lurer på.

Fram til Live vert fem år gamal har foreldra tilbod om å ta ho med til ekspertane – helsesjukepleiarane – mange gonger.

Barn og mor på helsekontroll

Kristine Solberg har teke med seg dottera Live til kontroll.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Familien Solberg sin heimkommune er Bergen. Undersøkinga seier ikkje noko om kva kommunar der misnøya er størst.

Men den viser at små, mellomstore og store kommunar er om lag like gode til å ta grep.

– Det er jo urovekkande at så mange helsesjukepleiarar opplever at det ikkje nyttar. Vi foreldre må jo stole på at vi får den hjelpa vi treng, seier Solberg.

Barneombodet roper varsku

Det er Barneombodet som har spurd over 600 helsesjukepleiarar frå heile landet om det vert teke tak i deira uromeldingar.

– Undersøkinga viser at det er store hol i tryggleiksnettet kring dei minste barna våre. Vi klarer å avdekke risiko, men ofte ikkje gjere noko med det.

Det seier barneombod Mina Gerhardsen. Ho trur samfunnet må betale dyrt for å ikkje ta tak i potensielle problem tidleg.

– Problema kan bli for store og vanskelege for å løyse seinare. Det kan bli særs dyrt for samfunnet.

Gerhardsen meiner at sjølv om ansvaret for å hjelpe ligg hos kommunane, må sentrale styresmakter ta grep.

Eit grep er å gje meir pengar som er øyremerka til helsestasjonane ute i kommunane.

en bygning med et fjell i bakgrunnen (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

På Familiens hus i Bergen er barn inne til helsesjekk hos helsesjukepleiarar.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Kommunane meiner meir pengar vil løyse problemet

KS meiner undersøkinga avdekker at mange kommunar er i ein pressa situasjon no.

– Mange kommunar har ein pressa økonomi. Det er og mangel på fagfolk, seier avdelingsdirektør for utdanning, kultur og oppvekst i KS, Kristin Holm Jensen.

Ho meiner det ikkje er slik at førebyggande arbeid vert prioritert sist no, men at alle deler av kommunesektoren er undre press.

Løysinga er meir pengar til kommunane, meiner Jensen. Likevel vil ho ikkje at ein større del skal øyremerkast helsestasjonane.

– Det kan vere andre tiltak som er vel så viktige for barn og unge. Dette veit kommunane best å prioritere.

Kristin Holm Jensen, avdelingsdirektør i KS

Kristin Holm Jensen hjå KS meiner undersøkinga avdekker tronge kår hjå kommunane.

Foto: Pressefoto

Publisert 16.02.2026, kl. 06.36

Read Entire Article