– Mi erfaring er at dei fleste veit kva førstegongstenesta er, men at dei ikkje er fullt så kjende med kva verneplikta elles er, seier visekorporal Mikael Brønnum Leonhardsen.
Han er landstillitsvalt for soldatane som er inne til førstegongsteneste.
No ber han om at skulen underviser elever på vidaregåande om kva verneplikta kan krevje av den enkelte.
Kvinner (fødde etter 1997) og menn er vernepliktige frå dei er 19 år, til og med året dei fyller 44 år.
Har du vore militært tilsett i Forsvaret i eit år eller meir, gjeld plikta til og med det året du fyller 55 år.
Norske soldatar i Gratangen i Troms under øvinga Joint Viking i 2023. Forsvaret skal auke talet på reservistar i åra framover. Fram til og med det året dei fyller 44 år kan vernepliktige bli kalla inn i tilfelle krise eller krig.
Foto: Helene Sofie Thorkildsen / Forsvaret– Viss beredskapen blir heva, så kan Forsvaret mobilisere og kalle inn fleire vernepliktige til teneste, seier Leonhardsen.
– Sjølv om du ikkje har vore inne til førstegongsteneste?
– Ja, sjølv om du slepp førstegongsteneste, så kan du i krise eller krig bli mobilisert, enten til å fylle ei særskild stilling eller til å bere våpen, om det trengst.
Verneplikta kan også bli beordra til ein bestemd sivil funksjon i samfunnet eller til å gjere teneste i Sivilforsvaret.
– Eg meiner at vi må snakke om verneplikta allereie i vidaregåande skule, nettopp fordi det er der førstegongstenesta og verneplikta treff norske ungdommar først.
Fleire skal ha førstegongsteneste
Talet på ungdommar som gjennomfører førstegongsteneste skal aukast frå drygt 9000 i året no til 13.600 innan 2036, ifølge langtidsplanen for Forsvaret.
– Eg ville vel ha kjent meg litt «lost» om eg plutseleg blei sendt ut for å krige. Forelda mine er litt urolege for det, seier Emma Haldorsen.
Foto: Per-Magne Steen / NRKKrigsfrykt gjer også at unge tek førstegangstenesta endå meir på alvor, ifølgje ei spørjeundersøking ifrå Opinion.
På Bodø videregående skole er Emma Haldorsen ei av mange som har vore på sesjon i Forsvaret.
– Det gjekk ganske bra, men var både tyngre og tok meir tid enn eg hadde trudd.
Ho veit at verneplikta er ein plikt til å stille opp for å forsvare landet.
– Viss ein i stand til å dra i krig og det trengst, så forstår eg jo at det er ei plikt, seier Noah Christoffer Olsen Kristiansen som går i tredje klasse på Bodø videregående skole.
Foto: Per-Magne Steen / NRK– Men eg trur at vi er litt for lite informerte om kva det betyr konkret. Mange trur jo at verneplikta betyr at «dei må i førstegongsteneste, og det er det». Men eigentleg er det jo meir seriøst, seier ho.
– Det er vel plikta til å dra i krig og forsvare landet om det trengst, seier medeleven Noah Christoffer Olsen Kristiansen.
Han har fått innkalling til førstegongsteneste.
Det har også også Gabriel Sindre Butwell, som synst det hadde vore fint å få vite meir om verneplikta på skulen.
– For det er jo vi som enten skal i militæret eller kjem til å ha eit forhold til forsvaret i åra framover, seier han.
Gabriel Sindre Butwell har fått innkalling til førstegongsteneste. Men han synest det hadde vore fint å lære meir om verneplikta på skulen.
Foto: Per-Magne Steen / NRKKunnskapsministeren: – Godt forslag
Undervisning om verneplikt er eit godt forslag, synest kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).
– Det er viktig at elevane lærer seg å bidra aktivt i samfunnet, og verneplikta er ein viktig del av det, seier ho.
Og ho legg til:
– Eg vil oppfordre skular som får tilbod frå Forsvaret om besøk, om å takke ja. Det kan vere eit viktig høve for elevane til å reflektere, stille spørsmål og ha ein open diskusjon om dette i klasserommet, seier ho.
Forsvarsminister Tore O. Sandvik seier at verneplikta er sjølve berebjelken i forsvaret av landet.
– Det er viktig at ungdom har god kunnskap om kva verneplikta inneber og kva den kan krevje av dei, dersom ein krisesituasjon skulle oppstå, seier han.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) ber vidaregåande skular som får tilbod om besøk frå Forsvaret om å takke ja.
Foto: William Jobling / NRKPublisert 19.03.2025, kl. 05.41