Sjukefråværet i Noreg er alt for høgt, ifølge regjeringa. No vil dei stramme inn.
Forslaga gjeld både tilsette og sjefar.
Er du sjukmeld, kan du få plikt til å gjere anna arbeid enn det som står i arbeidsavtalen din – viss det gjer at du kan jobbe.
Sjefen skal få tydelegare krav om å tilpasse arbeidet og kvardagen til den sjukmelde, ifølge forslaget.
Gradert sjukmelding bør vere hovudregelen, ifølge Jan Christian Vestre.
Foto: Cornelius Poppe / NTBGraderte sjukmeldingar skal vere hovudregelen – ikkje unntaket – ifølge helseminister Jan Christian Vestre (Ap).
– Dette er tiltak som skal bidra til ei friskare befolkning, seier han.
Passar ikkje alle
Torgeir Hoff Skavøy er fastlege i Bergen og leiar i Norsk forening for allmennmedisin. Han er sjølvsagt tilhengar av at flest mogleg skal bli friske og jobbe. Men:
– Det er ikkje alle tilfelle der graderte sjukemeldingar er eit reelt alternativ, seier han.
Torgeir Hoff Skavøy er fastlege i Bergen og leiar i Norsk forening for allmennmedisin.
Foto: Arne Frank Solheim / NRKTil dømes er det ikkje greitt å sette ein pilot i cockpiten utan å vere 100 prosent frisk, seier han. I mange turnusyrke kan det også vere krevjande.
I dag er rundt ein fjerdedel av alle sjukmeldingar graderte, og dette har auka dei siste åra.
Ifølge Skarvøy er god kommunikasjon mellom lege, arbeidsplass og pasient alfa og omega for å få fleire i gradert sjukmelding.
Kan bli friskare av å jobbe
Måndag skal regjeringa sende forslaget til endringar i både arbeidsmiljølova og folketrygdlova på høyring.
Det siste året har sjukefråværet gått litt ned. No er det på 6,5 prosent.
– Eg er opptatt at du skal kunne jobbe med den helsa du har. Og at du også skal kunne jobbe på dei dagane når du skrantar litt, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (Ap).
Arbeidsministeren seier at mange kan bli sjukare av å gå heime.
Foto: Jonas Fæste Laksekjøn / NTB– Er du ikkje redd for at arbeidstakarar kan bli pressa for fort tilbake til jobb?
– I mange tilfelle er det best å vere heime for å bli frisk. Men i mange andre tilfelle er fråvær frå arbeid ein årsak til at du kan bli sjukare, seier Stenseng.
Forslaget handlar også om å presisere at sjukmelde har plikt til å vere i «arbeidsrelatert aktivitet» så tidleg som mogleg og så mykje som mogleg.
I tillegg skal arbeidsgjevar få plikt til å levere den såkalla oppfølgingsplanen til Nav raskare enn i dag.
Publisert 12.12.2025, kl. 20.57

















English (US)