– Eg har jo alt eg treng i bilen, så eg treng ikkje tenke på så mykje anna.
Svenn Kellner smiler breitt. Bubilen står parkert på ein parkeringsplass i Tyskland.
Han sit tilbakelent i førarsetet. Gardinene er nede og alt av supporterutstyr er henta fram.
GUL JUL: Glimt-supporteren vassar i gule supportereffektar.
Foto: Marius Eriksen Guttormsen / NRKSkjerf, flagg og supporterutstyr ligg i «store dynger» i bubilen.
Reisa starta på Jessheim i Noreg og har gått til Dortmund i Tyskland. Så blir bubilen køyrd vidare til Madrid der det er meisterliga i januar. Sidan han helst styrer unna motorvegar – og legg inn ein del omvegar – endar på rundt 4.000 kilometer når han er i Madrid.
– Når det først er lidenskap, så går eg hundre prosent for det. Det er ikkje null eller ti. Eg går hundre prosent.
Lagar podkast i bilen
Han snakkar på inn- og utpust om den store lidenskapen sin. Kellner er ein ivrig Glimt-tilhengar og debattant. Han har eigen podkast om Bodø/Glimt og driv eit supporterforum.
Han har mykje, veldig mykje, på hjartet, og i bubilen har han alltid ein fast lyttar.
GODE VENNER: Svenn Kellner og hunden Fernando.
Foto: Marius Eriksen Guttormsen / NRKHunden Fernando fyller to år i desember, og er alltid med på tur.
– Om eg må reise ein stad, så puttar eg Fernando i sekken. Og så er vi klare for tur, seier han og smiler.
Kellner hadde neppe klart seg like bra utan den firbeinte vennen sin.
– Hund er viktig. Det er godt selskap, vi pratar masse saman. Men det er eg som gir han alle svara. Han er inderleg og glad i livet, seier Kellner.
FIRE BEIN PÅ FIRE HJUL: Hunden Fernando likar seg i bubilen, meiner Kellner.
Foto: Marius Eriksen Guttormsen / NRKDroppar jula: – For mykje mas
Sidan han nå køyrer mot Madrid, kjem han ikkje til å vere heime i jula. Julefeiringa hadde han uansett droppa.
– Eg feirar ikkje jul. Eg synest det er for mykje mas.
– Da eg budde i Spania nokre år såg eg kva fattigdommen gjorde med folk i jula. Det er galskap.
– Kor er du 24. desember?
– Kanskje Alicante?
Så blir det ny bortekamp i Europa før snuten blir vend mot Noreg igjen.
– Det er heilt sjukehus
Bubilen blei skaffa i 2024. Så bar det rett ut for å sjå Glimt i Europa. Den gongen gjekk turen til Latvia og Polen.
Sidan har det blitt nokre kilometer. I utgangspunktet var han ferdigkøyrd, men da Glimt tok seg til meisterligaen berre måtte han legge ut på ein ny tur.
Den blir avslutta i Madrid, der Bodø/Glimt skal møte Atlético Madrid i januar.
PÅ REISE: Svenn Kellner har hatt nokre timar i bubilen.
Foto: Marius Eriksen Guttormsen / NRK– Reisa vi er på nå. Eg får frysningar berre av å tenke på det. Det er heilt sjukehus. Eg kan ikkje seie noko meir. Kor skal det ende?
– Korleis er kvardagen?
– Akkurat som heime. Berre at eg drikk kaffi på senga.
– Er du sikker på at dette er siste tur?
– Nei. Haha.
Publisert 12.12.2025, kl. 21.20


















English (US)