– Kunsten ville blitt evakuert om vi fekk vite om sånne resultat på eit anna museum, seier forskingsleiar ved Munchmuseet, Gustav Jørgen Pedersen.
Munchmuseet stiller strenge krav når andre museum skal låne frå samlinga.
Men no blir dei instruert av Oslo kommune til å sende Munch-verk til rådhuset, der forholda er langt unna det dei aksepterer.
– Mange på museet opplever det som ganske sjokkerande og arrogant at vi ikkje blir lytta til når vi seier ifrå såpass tydeleg.
57 tilsette ved Munchmuseet har skrive fleire lesarinnlegg. Klassekampen publiserte det og omtalte saka først.
Kunstnar, Marianne Heske.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRKKunsten må fram
– Det kan bli litt hysterisk. Ja, det meiner eg verkeleg, seier Marianne Heske om reaksjonane.
Ho er aktuell med utstillinga «Frå Arkivet» på galleri Fineart, der ho hentar fram kunst frå sin eigen kjellar for å få han fram i lyset.
– Sjølvsagt skal kunsten bli hengt opp og brukt. Og glede menneske, det er ei sjølvfølge.
Det Munch ønska seg var å vise kunsten for folk, meiner ho.
Marianne Heske er aktuell med utstillinga Frå arkivet på galleri fineart.
Foto: Daniil Thorkild Ryvænge / NRK– Han sto ikkje der og måla berre for at det skulle hamne på eit lager i museet. Ein målar fordi ein er født med ei drivkraft. Ein har noko inni seg, som ein har lyst til å dele.
Saka handlar korkje om byråden eller fagfolk ved museet, men om kunsten sitt behov for å bli vist, meiner ho.
– Kva er det vi bruker livet til, både Munch og meg? Det er å formidle bilete og kunst ut til folket, for å skape kommunikasjon.
Bileta viser skadar på grafikk som har hengt i rådhuset tidlegare.
MunchmuseetAllereie skadd
Det har hengt Munch-kunst i rådhuset i fleire tiår, men i 2013 blei det oppdaga at bileta hadde fått skadar.
Kunsten blei tatt med til Munchmuseet, men i januar i år skreiv byrådsleiar i Oslo, Eirik Lae Solberg, eit offentleg brev til museet. Der bad han om at originale, grafiske verk skal hengast opp på ordføraren sitt kontor og byrådsleiaren sitt møterom.
Da slo fagpersonar ved Munch-museet alarm.
Forskingsleiar ved Munchmuseet, Gustav Jørgen Pedersen.
Foto: Jørn Veberg– Ein treng ikkje vere forskar for å forstå det. Dei fleste har hatt med seg ei bok på stranda og sett at papiret krøllar seg, seier Pedersen.
Dårlege lysforhold kan bleike bileta, og svingingar i temperatur gjer at materiala utvidar seg eller trekker seg saman.
Grafikken som skal hengast opp er mellom anna to versjonar av Madonna og eit av Kyss.
Som tilsette ved museum har dei plikt til å melde ifrå om dei trur kunsten står i fare for å bli skadd, fortel Pedersen.
– Vi har museum for å ta vare på kunstverk for ettertida. Og da er kjerneoppdraget vårt å sørge for at bileta er oppbevart trygt.
Byrådsleiar i Oslo kommune, Eirik Lae Solberg.
Foto: Bård Nafstad / NRKVil vise fram kunsten
Edvard Munch testamenterte alle eigne kunstverk til Oslo kommune i 1940. Kommunen eig heile samlinga på 20 000 verk.
Byrådsleiar i Oslo, Eirik Lae Solberg, vil ikkje stille til intervju, men skriv i brevet til Munchmuseet at Oslo rådhus og kunsten til Munch er tett knytt saman.
Internasjonale gjester, ambassadørar, nasjonale og lokale folkevalde, næringslivsleiarar, organisasjonar og skuleelevar besøker møteromma der kunsten skal henge.
Solberg skriv at «kunsten som oppheld seg på deira representasjonslokale er kjærkomne samtaleemne for både vertskap og gjester».
At det finst fleire versjonar av grafikkane han har bedt om, er eit argument i seg sjølv, sa han i Dagsnytt 18 i januar.
Dei 57 tilsette ved Munchmuseet meiner på den andre sida at eksemplarane ikkje er identiske kopiar, men ei rekke unike grafiske trykk som har stor kulturhistorisk verdi.
Tone Hansen er direktør ved Munchmuseet, og seier at det er naturleg at det finst sterke faglege syn i slike spørsmål.
– Vår oppgåve er å ivareta det faglege ansvaret vårt, og samstundes forhalde oss til dei avgjerdene som blir tatt. Dette er ei sak med lang historikk. Det er no vedteke at verka skal førast tilbake til rådhuset, og MUNCH gjennomfører dette på ein på best mogleg måte, skriv ho i ein e-post til NRK.
Publisert 22.02.2026, kl. 13.20














English (US)