Djupt nede i Sognefjorden bur det eit monster.
Nei, det er ikkje ein megablekksprut med enorme tentaklar slik som i den nye norske monsterfilmen Kraken.
Marinbiologen Johanne i møte med «monsteret» i spelefilmen Kraken.
Foto: Nordisk Film ProductionDet er snakk om ein liten organisme som et seg inn i kjøtet til dei små svarthå-haiane.
Ein hai som stort sett held seg langt nede i fjordmørket.
Det var forskning.no som først omtala det uhyre sjeldne fenomenet. Rur pleier vanlegvis å henga seg fast i fjellveggar og på båtskrog.
No har denne spesifikke ruren utvikla seg til å festa seg på svarthåen.
– Uhyre sjeldan
Henrik Glenner er forskar og marinbiolog ved Universitetet i Bergen. Han har i fleire år forska på denne parasittiske ruren som trivst godt nede i fjorddjupna.



Vanleg rur i sitt naturlege habitat
FOTO: Oddmund Reisæter Haugen/NRK– Det vi har her er ein levande organisme som heilt sikkert er midt mellom to livsformer. Det er uhyre sjeldan.
Han held nemleg på å forandra seg frå ein type organisme til ein heilt annan.
Frå rur til kjøtetande parasitt.
Pilene viser kor ruren festar seg på svarthåen.
Foto: David John Rees et al. / Current BiologyDette skal ha vekt interessa til sjølvaste Charles Darwin.
– Det han fekk tak i var eit veldig dårleg konservert eksemplar som han ikkje kunne bruka til så mykje. Likevel var det ein stor inspirasjon for han.
– Eg har alltid kjent på at det er noko der i djupna
Einar Loftesnes er produsent for spelefilmen Kraken som tek for seg uvissa om kva som lever nede i fjordmørket.
I filmen møter vi marinbiologen Johanne som uvitande lokkar fram eit gigantisk monster frå djupna i Sognefjorden.
Produsenten var ikkje klar over dette ordentlege «monsteret» som breier om seg i fjorddjupna.
– Det bekreftar jo berre premissen for filmen vår; det at havet er ganske uutforska.
Loftesnes er sjølv oppvaksen ved Sognefjorden og har alltid vore nyfiken på kva fjorden kan skjula.
– Eg har alltid kjent på at det er noko der i djupna.
Han er glad for at forskinga på fjorddjupna kan koma fram til det han lenge har hatt ei magekjensle om.
– Me har visst meir om månen enn me veit om havet vårt.
Einar Loftesnes er sogning og produsent for spelefilmen Kraken.
Foto: POUL IVERSENGunstig forskingsstad
Fenomenet skjer òg i andre fjordar, men i Sognefjorden går forskaren så langt som å kalla det vanleg.
Her er opptil 20 % av svarthåane infisert med denne parasittiske ruren. Det gjer fjorden gunstig for forsking på fenomenet.
Andre stadar vil ein aldri kunna henta opp nok eksemplar til å gjera god forsking.
– Men i Sognefjorden kan ein det.
Ikkje farleg for oss menneske
Marinbiologen er tydeleg på at det først og fremst er andre haiar som bør bekymra seg for parasitten, og ikkje oss menneske.
– Viss endringa er suksessfull, vil ho kunna spreia seg ut til ikkje berre svarthåen, men òg andre haiar.
Forskarane finn stadig meir ut av kva som rører seg på fjordbotnen.
Foto: Henrik Storm Henriksen / NRKSjølv om endringa skjer raskt i evolusjonær forstand, er tidsperspektivet til forskaren lenger enn som så.
– Det me tenker er at dette er starten på noko som kan bli langt meir utbreidd, skal me seia 200 millionar år frå no.
Publisert 22.02.2026, kl. 13.21














English (US)