Vil ha lågare terskel for å ransake unge

1 month ago 25



Ungdomskriminalitet

Frp meiner politiet må få større rammer i møte med unge kriminelle. Advokatforeininga meiner forslaget deira vil gjere vondt verre.

 Adnan Ayanle / PSP
KNIVSTIKKING: Natt til laurdag blei to menn i 20-åra angripe med kniv ved uteserveringa til Bølgen og Moi på Aker Brygge i Oslo. Foto: Adnan Ayanle / PSP

Publisert 06.08.2024 20:20

– Viss me ikkje føretar oss noko, så blir det svenske tilstandar i fleire byar. Det hastar, seier Helge André Njåstad, justispolitisk talsperson i Frp.

Den siste tida har det vore fleire alvorlege hendingar utført av ungdom, deriblant to valdssaker der dei same 17-åringane er sikta.

Ungdommar ranar ungdommar på gata og trugar dei med kniv.

Frp meiner det ikkje blir slått hardt nok ned på unge kriminelle, og at politiet ikkje har reiskapane dei treng for å handtere utfordringa. 

– Politiet må få nye reiskapar i møte med ungdomskriminaliteten. Dei må få lov til å ransake ungdom igjen, seier Njåstad. 

 Terje Pedersen /NTB
EI REKKE TILTAK: Frp ønskjer ei rekke innstrammingar på kriminalfeltet, som til dømes å senke den kriminelle lågalderen, stramme inn på straffenivået og gi politiet meir rom til å ransake kriminelle unge. Foto: Terje Pedersen /NTB

Stor debatt

Debatten om politiets bruk av tvangsmidlar som ransaking i narkotikasaker, har rast dei siste åra. 

Etter at Solberg-regjeringa la fram forslag til rusreform i 2021, såg Riksadvokaten seg nøydd til å sende ut ei klargjering om når politiet har lov til å ransake i saker om rus. 

Ransaking er nemleg ein straffeprosessuell handling, som politiet må ha påtalemakta si avgjerd for å gjennomføre, og som krev at det er skjellig grunn til mistanke. 

Riksadvokaten sa mellom anna at politiet ikkje kan tvinge folk til å teste seg for rusmidlar med blod- og urinprøver, og at politiet ikkje kan ransake ein person som er mistenkt for rusmiddelbruk om formålet er å avdekke ein ukjend selgar av stoffet. 

 TV 2
STØRRE RAMMER: Frp meiner politiet må få større rammer til å handtere ungdomskriminalitet Foto: TV 2

Klargjeringa førte også til ein omfattande gjennomgang av politiets rutinar for ransaking, etter fleire historiar om feilpraktisering. 

Ein rapport frå same år viste at klargjeringa skapte stor usikkerheit hos politifolk, som vegra seg for å ransake av frykt for å gjere feil. 

– Ein hemsko 

No vil Njåstad blåse liv i debatten på ny. 

Han meiner tolkinga til Riksadvokaten skapar problem for politiet.

– Tolkinga til Riksadvokaten er ein hemsko for politiet. Dei er sett i sjakk matt i møte med unge kriminelle, seier Njåstad.

Han tar difor til orde for å senke terskelen for når politiet kan ransake ungdom ved mistanke om kriminalitet knytt til narkotika eller våpen.

– Utviklinga går i feil retning. Kriminelle opplever at risikoen for å bli tatt blir mindre. Meir bruk av ransaking vil gjere at det blir større risiko for å bere våpen.

Advokatforeininga er kritisk 

– Dette utfordrar barna sin rettstryggleik og gjer ofte vondt verre for dei barna som møter politiet, seier Mette Yvonne Larsen, leiar i Advokatforeininga si forsvarargruppe. 

Ho er kritisk til forslaget til Helge André Njåstad, og meiner meir ransaking ikkje er eit godt verkemiddel. 

 Alf Simensen / TV 2
VONDT VERRE: Advokat Mette Yvonne Larsen meiner meir bruk av ransaking blant unge berre vil føre til meir opposisjon og mindre samarbeid og førebyggande arbeid. Foto: Alf Simensen / TV 2

– Vi fryktar det ville ført til barn blir utsett for unødige tvangsinngrep. Det kan og bli fare for etnisk profilering, seier Larsen. 

Ho viser til ei kartlegging advokatforeininga har utført, som mellom anna viste at barn som utfører kriminelle handlingar ofte er ressurssvake, har vanskelege levekår og treng andre verkemiddel. 

– Forsvarargruppa er einig i at utviklinga i ungdomskriminaliteten er urovekkande og at verkemiddel må drøftast. Vi meiner likevel at lovverket ikkje skal endrast, seier Larsen.

Read Entire Article