Ferja frå Stord til Kvinnherad i Sunnhordland sig lenge langs land og bruker 40 minutt. Med ei direkte fjordkryssing kunne ho i teorien brukt under halvparten av tida.
Skjersholmane har vore midlertidig ferjekai på Stord i snart 23 år, då ferja blei flytta ut av sentrum på grunn av for mykje trafikk.
Sidan har pendlarar og næringsliv vore frustrerte, og kommunane har vore ueinige om kor ferjeleia bør ligga.
– No har me halde på i nesten 25 år med å segla langs land. Det er heilt meiningslaust, seier Geir Inge Sjo. Han rakk akkurat ikkje ferja, og må venta i 50 minutt på den neste.
– Det skulle jo vera mellombels, men det ser ut til å drøya. Eg håpar ein kan få korta ned reisetida, seier Paul Karsten Sjo, som var heldig og rakk ferja.
– Det er ein altfor lang ferjetur. Eg får håpa det blir ei endring i mi tid, men det trur eg neppe, seier Arnfinn Mølster.
Foto: Eli Bjelland / NRK
Greier ut vraka forslag på nytt
Mange alternativ som inneber både nye ferjeleie og bruer er diskuterte, undersøkte og forkasta.
– Næringslivet på begge sider av fjorden er veldig tydelege på at ferjeturen må bli kortare. Mange firma på Stord har arbeid i Kvinnherad og motsett, seier ordførar i Stord kommune, Sigbjørn Framnes (Frp).
No bruker kommunane og Vestland fylke fleire millionar kroner på å greia ut eit alternativ som tidlegare er undersøkt, men lagt vekk fordi det blir dyrt og vanskeleg.
Ein ferjekai og hamn i Djupavikjo på Stord er kostnadsrekna til mellom to og tre milliardar kroner.
Ferjeturen blir då korta inn med dryge 11 minutt.
Det blir også planlagd nytt ferjeleie i Bestevika i Kvinnherad, og då blir innsparinga litt meir enn 14 minutt.
Det nye er at også store fartøy, som cruiseskip, kan koma til. Og at delar av prosjektet skal finansierast med inntekter frå eit interkommunalt hamneselskap.
Med nytt ferjeleie i Djupavikjo på Stord, vil reisetida til Kvinnherad kortast ned til mellom 25 og 30 minutt. I dag tar ferja 40 minutt.
Meiner utbygginga er urealistisk
I geologiske utgreiingar både i 2008 og 2011 kjem det fram at ein tunnel til ferjeleiet vil gå i eit område med mange bustadhus og der det er middels til låg overdekning.
– Sånn som det framstår i dag, er det eit luftslott. Det er lite realistisk å bygga tunnel i dette området. Då ser me ikkje heilt kva effekt desse utgreiingane skal gi.
Det seier Per Jarle Kosior Valvatne i Stord Arbeidarparti, som understrekar at partiet er samde i behovet for å korta ned reisetida.
– Tre milliardar er nesten like mykje som ny tunnel under Tokagjelet skal kosta. Dette vil jo konkurrera med prosjekt som går på liv og helse elles i Vestland, seier Valvatne, som også sit i fylkestinget.
Vil finansiera hamn med fleire cruiseskip
Ordførarane meiner likevel det skal vera mogleg.
– Du veit ikkje kor realistisk det er før du har greidd det ut, meiner Stord-ordførar Framnes.
– Fakta må på bordet før me konkluderer, seier Kvinnherad-ordførar Vegard Bjørnevik (H).
Kvinnherad har forplikta seg til å betala 1,5 til 3 millionar kroner i prosjektet.
– Det nye no er at det er ein god dialog mellom kommunane til å prøva å finna løysingar. Tidlegare har Kvinnherad peika på Stord og Stord har peika på Kvinnherad, ifølgje Bjørnevik.
Stord kommune har sett av 4 millionar kroner og eitt årsverk til prosjektet i 2026, skriv Sunnhordland.
I Djupavikjo ser kommunane og fylket for seg at det kan bli mogleg å kombinera ferjekai med molo og ei fleirbrukshamn som skal ta imot cruiseskip og andre store båtar.
Foto: Eli Bjelland / NRKFylket med fordi kommunane er samde
Vestland fylke har sett av 1,5 millionar kroner til prosjektet i år.
– Det er viktig å sjå på grep som kan korta inn reisetida, meiner avdelingsleiar for infrastruktur og veg, John Martin Jacobsen.
– Det er jo spesielt at her blei det gjort noko for over 20 år sidan, og sidan har dei reisande vore på eit fjordcruise langs Stord-landet for å koma seg dit dei skal.
Den sjeldne semja mellom Stord og Kvinnherad påverkar også saka.
– Grunnen til at me er med, er at kommunane no er samde. No skal me inn og sjå på kva det kostar, og om det er mogleg å gjera prosjektet enklare og billigare, seier Jacobsen.
Ferja frå Skjersholmane går lenge langs land, før ho kryssar fjorden mot Halsnøy i Kvinnherad.
Foto: Eli Bjelland / NRKEnn så lenge sig ferja forbi land på Stord. Og det finst dei som synest det er ei god løysing.
– Eg synest det er heilt greitt med denne ferjekaien. Eg synest ikkje ein skal øydelegga verken natur eller miljø når ein har eit anlegg ein kan bruka, seier Solveig Huse Furevik.
Solveig Huse Furevik bur ved Skjersholmane, og går tur med hunden.
Foto: Eli Bjelland / NRKPublisert 07.02.2026, kl. 16.31










English (US)