I november i fjor blei det sett i gang ein omfattande redningsaksjon, etter at det blei observert fleire nødbluss i Ulstein kommune på Sunnmøre.
Søket varte i over ein time.
Med på søket var redningshelikopter, politi, ei hurtigrute, redningsskøyte, brannvesen, luftambulanse og sivile båtar.
Til slutt melde fire menn i 20- og 30-åra seg sjølve til politiet. No er dei dømde i Sunnmøre tingrett for brot på straffelova §187, som gjeld falsk alarm.
Må betale erstatning
Dei fire er alle dømde til å betale bøter på 5000 kroner kvar.
I tillegg må dei betale nesten 76.000 kroner i erstatning til Hovudredningssentralen i Sør-Noreg.
Tre av mennene blei også dømde til fengsel i 21 dagar, medan den fjerde blei dømd til fengsel i 18 dagar. Fengselsstraffene er på vilkår med ei prøvetid på to år.
Ein av mennene fekk nokre dagar i strafferabatt fordi det var han som ringde til politiet og fekk avblåst aksjonen.
To av dei dømde er frå Møre og Romsdal, medan dei to andre er frå andre fylke.
Dei fire mennene erkjente straffskuld då dei møtte i retten nyleg.
– Kjeda seg
Mennene har forklart at dei var på ein køyretur den aktuelle kvelden og at dei hadde kjeda seg, står det i dommen.
Ein av dei hadde to nødbluss liggande i bilen, og dei ønskte å skyte opp desse.
For å unngå at andre skulle sjå blussa køyrde dei til det dei meinte var ein aude stad, Flø i Ulstein kommune. Der fyrte dei opp det første nødblusset. Så køyrde dei til Garnes der det andre nødblusset blei brukt.
– Dei har forklart at dei fyrte av nødblussa i retning sjøen, og at det ikkje tok lang tid før blussa hamna i sjøen, står det i dommen.
Vidare står det at ingen av mennene har erkjent å ha fyrt av det første blusset. Men utifrå forklaringane deira, meiner retten det er bevist kven av mennene som gjorde det.
Helikopter søkte i sjøen etter at nødblussa blei fyrt opp.
Foto: Berge Myrene / NRK– Kunne ha halde på heile natta
I retten forklarte Hovedredningssentralen at det var usikkert kor lenge aksjonen hadde halde på, dersom dei ikkje hadde fått melding om at det var ein falsk alarm, men at det kunne ha halde på heile natta.
Ved straffeutmålinga la retten vekt på konsekvensane av at dei fire fyrte opp dei to nødblussa.
– Ytterlegare konsekvens var at eventuelle andre og seinare oppdrag ikkje kunne blir prioritert fordi alle ressursar var ute, og at det er reglar for kviletid for mannskapet.
Vidare har retten vektlagt at det blei fyrt opp nødbluss frå to forskjellige stadar. Noko som vanskeleggjorde naudetatane sitt arbeid fordi det måtte bli søkt i to område, står det i dommen.
Kjem truleg ikkje til å anke
NRK har så langt kome i kontakt med to av advokatane til dei dømde mennene.
– Retten har hatt ei fornuftig tilnærming til straffeutmålinga. Dei varsla politiet på eige initiativ tidleg etter at dei hadde sendt ut nødblussa. Dette har retten tatt omsyn til. Det er ikkje aktuelt å anke, seier Paul-Inge Angelshaug.
– Dommen er velfundert og fornuftig. Det er lite sannsynleg at vi kjem til å anke, seier advokat Stein Nilsen.
Publisert 25.03.2026, kl. 12.08








English (US)