– Vi veit at dette er ein innsats i motbakke, for her er det sterke krefter, men det er samstundes der politikken trengs, seier statsminister Jonas Gahr Støre til VG.
No vil regjeringa endre lova for å innføre ei absolutt aldersgrense på 15 år på sosiale medium, og lover at dei kjem til å handgheve lova mykje strengare enn i dag.
Slik vil dei gjere det:
- Når du lager deg ein brukar på sosiale medium i dag, må du samtykke til at dei kan hente inn personopplysningene dine. I personopplysningslova står det i dag at du må vere 13 år for å kunne samtykke til dette.
- Regjeringa foreslår no å endre denne lova, slik at det skal stå 15 år.
- Neste steg er å finne ut av korleis born ikkje berre kan trykke seg vidare om dei ikkje er gamle nok, gjennom elektronisk identifisering.
Publisert 23.10.2024, kl. 06.53 Oppdatert 23.10.2024, kl. 06.54