Meir enn halvparten av kommunestyrerepresentantane til Senterpartiet (Sp) meiner Trygve Slagsvold Vedum bør trekke seg som partileiar.
Det viser ei spørjeundersøking Norgesbarometeret har gjort for VG.
Undersøkinga vart sendt ut til 8167 kommunestyrerepresentantar. Det kom inn 1688 svar, av dei 226 frå Sp-representantar.
Partiet fekk berre 5,6 prosent av stemmene i stortingsvalet førre veke. Det var ein nedgang på nesten 8 prosentpoeng frå 2021.
Det gjorde at partiet enda opp med berre ni stortingsrepresentantar.
Det er det lågaste talet på stortingsrepresentantar partiet har hatt sidan det vart stifta i 1920.
– Det er ei låg oppslutning, sa Vedum til NRK tidlegare måndag morgon.
Måndag skal sentralstyret i partiet møtast for fyrste gong etter valet.
Nestleiar Bjørn Arild Gram ville ikkje seia noko om eiga posisjon eller leiarspørsmålet då NRK møtte han på veg inn til møtet.
Meiner Vedum bør halda fram
Sp-profil Geir Pollestad er éin av dei ni som har sikra seg stortingsplass dei neste fire åra.
Han meiner Vedum bør halda fram som leiar.
– Ja, han er vald av landsmøtet fram til neste landsmøte og eg ser ingen grunn til å endra på det, seier han til NRK.
Pollestad er likevel klar på at partiet må ta undersøkinga på alvor.
– Me har vunne som lag og denne gongen tapt som lag. No meiner eg det er viktig å ta lærdom av evalueringar frå valet.
Òg parlamentarisk leiar Marit Arnstad seier ho har full tillit til Vedum.
– Han har leia partiet gjennom fire svært gode val, og han bør få moglegheita til å jobba med partiet den neste fireårsperioden, seier ho til Dagbladet.
Del av raudgrønt fleirtal
Senterpartiet er framleis del av den raudgrøne blokka på Stortinget, som har fleirtal med 88 mandat.
Vedum seier partiet vil få ein «nøkkelrolle» og at dei kan avgjere fleirtalet i fleire saker, men vil ikkje fastslå kva saker dei vil samarbeide med regjeringa om.
Det vart ikkje mykje å jubla for på valvaka til Senterpartiet.
Foto: Rodrigo Freitas / NTBHan sa også at han var motivert for å leie partiet vidare.
Det same skriv han i ein e-post til VG i samband med undersøkinga.
– Eg er motivert og klar til å leia Senterpartiet vidare, skriv han til avisa, og peiker samstundes på at han skjønar at mange er skuffa over det dårlege resultatet.
Publisert 15.09.2025, kl. 09.45 Oppdatert 15.09.2025, kl. 09.46