Verdas raskaste kvinne greip mikrofonen – slik blei superduellen mellom Warholm og Duplantis til

1 week ago 9



– Eg har eit spørsmål til Mondo, rett frå Jamaica.

Det er 11. september 2022, og pressekonferansen dagen før Diamond League-stemnet i Brussel er i ferd med å bli runda av.

Då grip den jamaikanske sprintlegenda Shelly-Ann Fraser-Pryce mikrofonen og ser rett på det svensk-amerikanske stavsprangfenomenet Armand «Mondo» Duplantis.

Så kjem spørsmålet:

– Kor fort vil du seie du kan springe ein 100-meter? Mot meg?

– Kva sa du? svarer Duplantis først.

Etter ein kjapp oppklaringsrunde kjem svaret:

– Eg hadde slått deg, seier han – og smiler lurt.

– Det er løgn, kontrar Fracer-Pryce.

Veddemålet det ikkje blei noko av

Duplantis viser til at han sprang nokre gode 100-meter på high school. Og hevdar at han har blitt «mykje raskare» sidan den gongen.

– Vil du vedde? spør Fracer-Pryce.

– Eg vil vedde, svarer Duplantis.

Så tar dei kvarandre i handa.

– Neste år, 100 meter, meg mot Shelly-Ann, fastslår Duplantis.

Det har enno ikkje blitt ein duell, og det er heller ingenting som tyder på at det blir det.

– Vi prøvde å fikse det og få på plass ein konkurranse, men det blei ikkje noko av, seier Duplantis til NRK nesten to år seinare.

Karsten Warholm og Armand Duplantis

KVEN ER RASKAST? Onsdag kveld får Karsten Warholm og Armand Duplantis svaret.

Foto: Fredrik Tombra / NRK

Warholms manndom sett på prøve

Men han hadde fått blod på tann med tanke på å teste seg på ein 100-meter. Han skulle finne sin motstandar litt på impuls.

20. juli 2023 førebudde han seg nemleg til Diamond League-stemnet på Stade Louis II i Monaco. Det same gjorde ein norsk verdsrekordhaldar.

Karsten Warholm fortel korleis han hugsar det.

– Vi dreiv og gjorde litt sprintar og sånn, og så held vi på å diskutere piggsko. Så kom vi inn på det her, og så utfordra han meg då. Utan å tenke, så måtte jo mannen i meg berre takke ja til det. Eg kan ikkje tole å bli utfordra og takke nei, seier Warholm.

Dei tok kvarandre i handa. Og allereie på pressekonferanse same dag fekk verda høyre om planane.

Eg har sannsynlegvis dårlegare sjanse til å vinne mot Warholm enn eg ville hatt med Shelly-Ann. Heilt sikkert. Men eg skulle veldig gjerne gjort det, og eg trur at han er ganske lysten òg, sa Duplantis.

Når ein stavhoppar trur han kan slå meg på 100-meter, så er det klart at manndommen min klarer ikkje å stå av den utfordringa. Eg trur at eg kan slå han, så eg måtte sjølvsagt akseptar, repliserte Warholm.

Duplantis: – Avviste meg

Vel ein månad seinare blei duellen igjen tema på ein pressekonferanse. Denne gongen i Zürich.

Da avslørte Duplantis at Warholm først hadde vore skeptisk.

– Då eg først nemnde det, avviste han meg litt. No lèt han som om eit vil blir ein bra konkurranse, men då eg først foreslo det, var det «ok, du trur verkeleg du kan slå meg?». Det var kjensla eg fekk, sa svensken.

– Eg trur ikkje du hadde utfordra meg viss du ikkje trudde du hadde ein fair sjanse til å vinne. Og eg ville ikkje akseptert utfordringa viss eg ikkje trudde at eg kom til å audmjuke deg, så eg trur det ville vore ein god kamp, svarte Warholm da.

Karsten Warholm, Armand Duplantis og Colin Jackson

HUMØR OG ALVOR: Dagen før duellen blei Karsten Warholm og Armand Duplantis grilla av den gamle 110 meter hekk-legenda Colin Jackson.

Lyles set pengane på Warholm

Ved sida av dei sat den raskaste mannen i verda, Noah Lyles, og smilte. Så fekk han spørsmål om kven han såg på som favoritten.

– Du kan å bruke blokker, sa han og peika på Warholm.

– Eg har aldri sett deg bruke blokker, sa han og retta peikefingeren mot Duplantis.

– Eg trur eg set pengane mine på Karsten. Berre av den enkle grunn, konkluderte han.

Det var ingen veg tilbake. No møtest Warholm og Duplantis til duell på 100 meter på Letzigrund stadion, i regi av arrangørane av Diamond League-stemnet i Zürich og to felles sponsorar.

Duellen onsdag kveld kan du sjå på NRK1. Sendinga startar 21.15.

– Vanskeleg å forstå

– Det er framleis litt vanskeleg å forstå at det faktisk har blitt ei verkeleg greie ut av det. Og at det har blitt så stort som det har blitt. Det er heilt utruleg, seier Duplantis dagen før løpet.

– Kven trur du vinn?

– Eg. Eg trur at det er eg som kjem til å vinne.

– Kvifor?

– Fordi eg er ein vinnar. Korleis seier ein det: «Winners win». Det er mentaliteten min, at eg vil vinne og eg tenker ikkje på noko anna, seier han.

Kanskje ikkje overraskande, spår Karsten Warholm ein annan vinnar.

– Eg trur faktisk eg vinn. Må eg seie meir? Nei, seier sunnmøringen til NRK og smiler breitt.

Kven vinn 100-meteren?

Avstemningen er lukket. 44606 stemmer totalt

Publisert 04.09.2024, kl. 18.12

Read Entire Article