Frå hausten 2026 startar eit omfattande anleggsarbeid som vil påverka alle som køyrer E16 mellom Bergen og Oslo via Lærdal.
Statens vegvesen går no ut med ei kraftig oppmoding til trafikantane: Planlegg reisa godt, elles kan ein rekna med store forseinkingar.
– Vi har forståing for at dette skapar utfordringar. Nettopp difor går vi ut med informasjon allereie no slik at trafikantane kan førebu seg på ein ny reisekvardag til hausten, seier prosjektsjef Stig Magnus Berg-Thomassen i Statens vegvesen.
Stenger 12 timar kvar natt
Den største endringa skjer i Lærdalstunnelen.
Verdas lengste biltunnel skal oppgraderast for å møta dagens krav for trafikktryggleik.
Arbeidet er planlagt å starta i september 2026 og vil vara i to år.
Her vil tunnelen bli heilt stengd mellom kl. 18.00 og 06.00.
Det tyder at om du kjem til bommen etter klokka 18, må du belaga deg på lange omkøyringar. Køyrer du til vanleg aust-vest via Hemsedal eller Filefjell vil dette råka deg.
Hol-Aurland, Hardangervidda, Vikafjellet er aktuelle omkøyringar, men er vêrutsette høgfjellsovergangar. Haukeli kan og vera eit alternativ.
Statens vegvesen har eigne avtalar med naudetatane i forhold til gjennomkøyring når Lærdalstunnelen er stengd.
I høgtidene jul og påske, i tillegg til nokre veker om sommaren, vil det bli periodar med heilt open veg.
Stig Magnus Berg-Thomassen er prosjektleiar i Statens vegvesen. Han oppmodar bilistar om å planlegge godt til hausten.
Foto: Sigurd Hamre / NRKHer kjem køane til å stå
Det er ikkje berre i Lærdal det blir gult lys og kjegler.
Statens vegvesen og Bane Nor skal i gang med fleire prosjekt som vil påverka reisetida di:
Vegvesenet sitt råd: Bruk appen
Med mykje vegarbeid mellom aust og vest, kan det bli utfordrande å berekna kva tid ein faktisk rekk fram til Lærdalstunnelen før den stenger for kvelden.
– Då er det viktig å hugsa på at anleggsarbeid på både Aust- og Vestlandet vil medføra at ein brukar lenger tid enn vanleg fram til Lærdalstunnelen, forklarar Berg-Thomassen.
Statens vegvesen oppmodar bilistane å halda seg oppdaterte ved å bruka nettsida deira eller lasta ned appen «Vegvesen trafikk» for å få varsel om strekninga ein skal køyra.
I tillegg oppmodar dei bilistane om å køyra på dagtid om ein har moglegheit til det.
Stenginga av Lærdalstunnelen skjer frå september, men den nøyaktige datoen blir klar så snart kontrakten med entreprenør er signert før sommaren.
– Vi lovar å informera trafikantane så snart datoen er klar, seier Berg-Thomassen.
VERDAS LENGSTE: Den 24,5 kilometer lange Lærdalstunnelen går mellom kommunane Lærdal og Aurland i Vestland fylke.
Foto: Terje Pedersen / NTBPublisert 07.05.2026, kl. 10.09














English (US)