Vennane heidra Linus (17) med kortesje gjennom bygda

2 hours ago 1



— Slik han ville ha heidra oss også, seier kameraten Emelius Aaberg (17).

 Emelius AabergHYLLAR VENEN: Mopeden til Linus blir frakta først i kortesjen venene har arrangert for å heidre han. Foto: Emelius Aaberg
Oppdatert søndag 28. juni kl. 13:50

Natt til fredag omkom Linus Mork Fauske (17) i ei badeulykke ved Grevsneset i Volda.

Guten hoppa i vatnet for å bade, men fekk problem. Ei venninne fekk han i land og kontakta nødetatane, men livet stod ikkje til å redde.

No har vennane hans samla seg for å hylle han.

Bilde av Emelius AabergEmelius Aaberg

Kameraten til Linus og initiativtakar for minnekortesjen.

Emelius Aaberg (17) er ein av kameratane som står bak minnekortesjen som skal køyre frå Mork til Volda.

Ei strekning Linus (17) sjølv kjente godt til.

Heilt fremst skal hans favorittbil køyre. Hengaren er fylt med roser og Linus sin moped.

— Mange av vennene var jo i rånemiljøet. Så vi ville heidre han slik han ville ha heidra oss, seier Aaberg.

Blei tatt godt imot

Aaberg er ikkje frå Volda sjølv, men flytta dit for å bu på hybel. Der blei han kjent med Linus gjennom sykkelmiljøet.

— Då eg flytta hit blei eg så godt tatt i mot. Han var ein av dei, seier 17-åringen.

— Vi har alltid funnet på noko “crazy” saman. Og han hjelpte alltid til om det var noko som måtte fiksast på sykkelen.

 PrivatMopeden til Linus skal køyre fremst i kortesjen. Foto: Privat

Linus var ifølge kameraten ein stor del av MC- og rånemiljøet i Ørsta og Volda.

— Ein fantastisk kar: Full i humor og elska høg musikk. Det var så gøy å vere med han. Det går ikkje an å forklare kor fantastisk han var, seier Aaberg.

— Det er noko som manglar

Dei siste dagane etter ulykka har vore harde, fortel kameraten.

— Han var den som ville sette på høg musikk, når det var vanskeleg. Eg kjem til å sakne han. Det er verkeleg noko som manglar no, seier Aaberg.

 PrivatMopedane til kompisane på rekke og rad. Foto: Privat

Han trekker fram stundene på vegen som dei aller beste minna.

— Det var køyreturane midt på natta. Ingenting som slår det, seier Aaberg.

Pregar hele lokalsamfunnet

Ordførar i Volda kommune, Sølvi Dimmen, har tidlegare uttalt til VG at ulykka pregar heile bygda.

— Det pregar heile Volda, heile lokalsamfunnet i dag, sa Dimmen.

Kommunen har hatt samling for ungdommane på samfunnshuset.

— Det er sterkt. Eg har djup medkjensle for foreldre, søsken og kjente, sa ordføraren.

 Google Street ViewUlykka skjedde ved Grevsneset i Volda. Foto: Google Street View
 PrivatVed staden der Linus (17) omkom, har fleire lagt ned blomster for minne han. Foto: Privat

Rektor ved Ørsta VGS, Bjørnar Sæterås, fortalde at Linus tidlegare var elev ved skulen.

— Mange av elevane våre var sjølvsagt venn med han, og mange er råka i lokalsamfunnet. Våre tankar går til Linus sine nærmaste og alle rundt han, skreiv rektoren til VG.

Tips oss illustrasjon

Har du tips?

Send oss informasjon, bilder eller video.

Read Entire Article