Varslar svært dårleg luft i dei store byane

2 hours ago 2



Måndag morgon har Norsk institutt for luftforsking (NILU) sendt ut raudt varsel for luftforureining i dei største norske byane:

Både Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger kan få så høg luftforureining at det kan gi alvorlege helseplager.

– Dette er eit varsel ein må ta på alvor, seier Guro Birkeland, generalsekretær i Noregs Astma- og Allergiforbund i ei pressemelding.

Raudt varsel er det nest høgste nivået av luftforureining.

Miljødirektoratet sine nettsider kan du sjekke luftforholda der du bur.

Kaldt, tørt og lite vind

Ifølgje Meteorologisk institutt heng den dårlege luftkvaliteten saman med kaldt, tørt og lite vind denne perioden.

– Når vi har kaldt og tørt vêr, blir ikkje lufta skifta ut. Då blir forureining frå mellom anna biltrafikk og vedfyring liggande og samle seg nær bakken, seier meteorolog Espen Biseth Granan.

Han forklarar at mangelen på vind og omrøring i lufta gjer at forureininga blir verande, noko som gir dårleg luftkvalitet, særleg i byane.

Meteorologen ventar at situasjonen kan vare i fleire dagar framover.

– Dette er ein vêrtype som ser ut til å halde seg nokre dagar, så det er grunn til å følgje ekstra godt med, spesielt for dei som er plaga av dårleg luft, seier Granan.

Forbetring kjem først når vêret endrar seg.

– Det som må til, er mildare vêr, nedbør og meir vind. Då får vi meir bevegelse i lufta og forureininga blir ikkje liggjande på same måten, forklarar han.

tabell som viser høyt nivå eller moderat nivå i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger

Denne tabellen viser korleis varselet ser ut dei neste dagane.

Grafikk: Miljødirektoratet

Barn spesielt utsette

– Dette er skadeleg for alle, men for personar med astma, andre luftvegssjukdommar og hjarte- og karsjukdommar kan konsekvensane vere særleg alvorlege, seier Birkeland i Astma- og allergiforbundet.

Ho viser til at barn er spesielt utsette, fordi dei pustar inn meir luft per kilo kroppsvekt enn vaksne og er under utvikling.

I tillegg pustar dei inn luft nærare bakken der forureininga er meir konsentrert, sidan dei er lågare enn vaksne.

kartet viser eit gult område med raud kjerne som strekker seg langs vegane og i bergen sentrum og på sotra

Dette kartet viser luftforureininga i Bergen ved 16-tida måndag ettermiddag.

Illustrasjon: Miljødirektoratet

Unngå hard fysisk aktivitet

Astma- og allergiforbundet har fleire tips for å redusere eksponeringa for luftforureining.

  • Vel alternative gang- og sykkelvegar som ikkje ligg tett inntil trafikkerte vegar, særleg ved jobb- og skulelevering.
  • Unngå springeturar og hard fysisk aktivitet utandørs i område med høg trafikk.
  • Om mogleg, opphald deg utanfor byområda der lufta er reinare.
  • Ver merksam på at skjerf og enkle masker ikkje beskyttar deg mot gassar og fine partiklar. Berre eigna partikkelfilter gir beskyttelse.
  • Unngå å lufte bustaden via vindauge eller ventilar som vender mot trafikkerte vegar. Luft heller kort og effektivt frå ei side som vender vekk frå forureiningskjelder.

Publisert 26.01.2026, kl. 08.19 Oppdatert 26.01.2026, kl. 08.53

Read Entire Article