Varslar bubil­bonanza langs norske vegar: – Må ta grep no!

6 days ago 9



Dei har reist over heile Noreg, men betaler sjeldan for overnatting.

Denne varme septemberkvelden har det tyske ekteparet parkert bubilen for natta langs vegen i Hardangerfjorden.

– Vi finn alltid ein plass å overnatte, sjølv om det av og til er smalt langs vegane, fortel Birgitte Renken.

Tyske bobilturister i Hardanger.

Olaf og Birgitte Renken har køyrd bubil over heile Noreg.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Dei fortel at det dei alltid passar godt på å rydde etter seg, og at dei ikkje har opplevd at dei er uvelkomne der dei bruker natta.

Ventar stor vekst

Frå kontoret til reiselivsorganisasjonen Fjord Noreg i Bergen har direktør Stein Ove Rolland registrert at det vert stadig fleire gnissingar mellom lokalbefolkning og bubilturistar og andre overnattande i det fri.

I Ullensvang er mange irriterte over bubilturistar som parkerer på tronge vegar og gjer frå seg i det fri.

I Voss overnattar somme kvar dei vil.

I Bergen er det nesten uråd å finne ein stad å parkere bubilen utan å plage dei som bur her fast.

Stadig oftare skaper villcamparar trengsel og irritasjon. Fastbuande opplever at det ikkje er plass til dei på populære stadar, og at det vert forsøpla.

Stein Ove Rolland, adm. dir., Fjord Norge AS

Stein Ove Rolland i Fjord Noreg fryktar at bubilturismen vert eit aukande problem.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Rolland trur ikkje det gjer at det vert færre av denne typen turistar. Tvert om.

– Ikkje budd på det som kjem

Han viser NRK artiklar frå store tyske aviser, og reklamekampanjar frå bubilselskap.

Felles er at dei marknadsfører Noreg som ein stad der ein er fri og har mykje plass.

– Kommunane er ikkje budd på det som kjem. Dei må regulere plassar til bubilar, så kjem dei i forkant av noko som kan bli eit stort problem, meiner reiselivsdirektøren.

Frykta er mellom anna flust av parkerte bubilar på møteplassar og vegskulder på tronge norske vegar og tømming av kloakk på stader som kan føre til forureining i natur og drikkevatn.

Faksimile frå Die Zeit

Den store tyske avisa Die Zeit hadde i sumar eit hovudoppslag med reiseguide til Noreg.

Foto: faksimile

Bubilturismen er estimert til å auke med 10 prosent årleg framover.

SSB-tal syner at overnattingar på campingplassar, vandrarheimar og hyttegrender viser ei auke på 8 prosent kvart år.

Det finst ikkje gode tal på kor mange som overnattar langs vegane.

Rolland peiker på at det så langt er eit gode for landet vårt at så mange vil kome her.

Han seier dei aller fleste bubilturistar oppfører seg bra, og har laga ein guide til korleis dei skal oppføre seg som campande her i landet.

Kom som turist, blei ordførar

Ein gong for mange år sidan kom han sjølv til Noreg i ein bubil. Saman med onkelen hadde Timo køyrd frå Tyskland.

– Vi overnatta ikkje på campingplass ein einaste gong. Det er jo denne myten om fridomen i Noreg som er så tiltrekkande for folk i Mellom-Europa, seier han i dag.

Timo Knoch likte seg så godt at han busette seg i landet med den sterke allemannsretten. I dag er han ordførar i Eidfjord, inst i Hardangerfjorden.

Timo Knoch. Ordfører i Eidfjord kommune (Ap).

Eidfjord-ordførar Timo Koch kom til Noreg første gong i ein bubil.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Kommunen hans har fleire gonger i sumar telt overnattande i bilar langs vegane og på parkeringsplassar.

– Då er sjølv var med og talde var det om lag 240 bilar med sovande turistar. Mest bubilar, men og person- og varebilar, fortel Knoch.

Uorganisert overnatting som dette blir ofte kalla villcamping.

Arbeidarparti-ordføraren meiner dette ikkje er eit stort problem slik det er i dag, men innser at det ikkje er så langt frå ei tolegrense.

– Men vi bør nok ta grep og regulere for overnatting fleire stader.

Ved å bygge toalett og sette ut søppelspann på store parkeringspalassa er vona at bubilturistane tek færre kreative løysingar i bruk enn dei gjer no.

– Bør bli strengare

Denne septemberkvelden er det litt over halvfullt på campingplassen til Lars Inge Thorset, sentralt i Eidfjord.

Han fortel om eit særs godt år for verksemda hans. Dei har som regel hatt fullt av bubilar i sumar.

Likevel meiner han at villparkeringa er i ferd med å komme ut av kontroll.

– Det har vore ei sterk auke av dette dei siste åra. Det er eit problem for det organiserte reiselivet som ikkje får vekst, og for grunneigarar der bubilar parkerer, seier Thorset.

Lars Inge Thorset driv Kjærtveit camping i Eidfjord.

Lars Inge Thorset har hatt eit godt år på Kjærtveit Camping.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Han meiner kommunane må stenge for overnatting fleire stader enn i dag.

Thorset er og styreleiar i UIlensvang reiselivslag.

I den Hardangerkommunen er Roald Aga Haug (Ap) ordførar.

– Må fortsette å vere rause

– Dei aller fleste bubilturistar oppfører seg godt. Det er viktig å hugse på at dei legg att pengar dei og.

Sjølv om og han tenker at ein må regulere meir, har Aga Haug har ei klar oppmoding til hardingane.

– Vi må fortsette å vere rause. Dette har ikkje vore eit stort problem til no. Tenk på det som ei mogelegheit!

Camping forbudt ved båthamna i Eidfjord.

Stadig fleire parkeringsplassar vert stengde for camping.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Publisert 12.09.2024, kl. 16.38

Read Entire Article