– Jørgen Graabak er diska grunna noko asymmetrisk med ei binding. Vi forstod eigentleg ingenting. Vi legg inn motprotest, varslar sportssjef Ivar Stuan.
Noreg må etter disken starte 1,42 minutt bak leiande Austerrike.
I utgangspunktet skulle Noreg ha starta først – 20 sekund før Austerrike.
Dermed er lagkonkurransen i kombinert snudd på hovudet etter hoppinga.
Misnøgd Riiber
Jarl Magnus Riiber og Noreg slakta seg sjølv etter hoppinga.
– Det er dårleg, altså. Eg slaktar mitt eige hopp. Eg burde ha vore rutinert nok til å stå imot presset, men det var litt rusk. Det var ikkje det eg hadde sett føre meg, sa Riiber til NRK.
Han hoppa 134,5 meter – nok til at Noreg hadde ei klar leiing på 20 sekund på Austerrike før langrennet startar klokka 15.30 – før Noreg vart deplassert.
Men det var altså ikkje nok til at Riiber var nøgd sjølv,
– Eg vart rett og slett svimmel. Eg klarte ikkje å handtere det på ein god måte. Eg må puste med magen.
– Svimmel? Det høyrest litt ubehageleg ut?
– Det er ofte det skjer når stresset aukar. Eg har vore borti det før, men det var i det minste ikkje totalhavari, seier Riiber.
– Ikkje nervøs
Ein som derimot handterte preset var Noreg sin første hoppar, Simen Tiller.
DEBUTANT: Simen Tiller.
Foto: NTB– Det høyrest heilt dust ut, men eg var ikkje nervøs. Eg har hoppa ekstremt mykje bra på ski i det siste, sa Tiller til NRK etter superhoppet.
– Simen trivest veldig når det er trykk. Eg er veldig, veldig nøgd med han, sa lagkamerat Jørgen Graabak.
Simen Tiller hoppa nemleg 136 meter og fekk 18,5, 18.5 og 19 som teljande stilkarakterar.
Berre Franz-Josef Rehrl frå Austerrike hoppa lengre.
Tiller sørga for at Noreg leia med 10,3 poeng ned til Tyskland allereie etter første runde.
– Eit fantastisk godt hopp av Tiller. Han får god kontakt med skia. Han sette eit perlenedslag, sa NRK-ekspert Magnus Moan.
– Trur vi har kontroll
29 år gamle Tiller hadde aldri tidlegare delteke i ein lagkonkurranse for Noreg i verdscup eller meisterskap.
Under Tiller sin meisterskapsdebut i 2023 vart han diska etter hoppdresskontrollen – i det eine individuelle rennet han fekk delta i.
– Det er cocky å seie at ein har kontroll, for ein veit jo aldri. Men eg trur vi har bra kontroll. Det har vore bra dei siste åra, sa Tiller til NRK etter fredagens hopp.
Tiller har ein 17. plass som beste plassering i verdscupen denne sesongen. Den kom i Seefeld i januar.
Han har derimot vunne to renn i kontinentalcupen.
SKUFFA: Jørgen Graabak fekk det ikkje heilt til i hoppbakken.
Foto: Torstein Georg Bøe / NRK– Litt rusk
Jørgen Graabak var andre nordmann ut og hoppa 126.5 meter.
– Han har eit betre hopp inne, meinte Magnus Moan.
Noreg heldt likevel på leiinga – grunna Tiller sitt gode hopp.
Vidare hoppa Jens Lurås Oftebro 132,5 meter og Jarl Magnus Riiber 134,5 meter.
– Det er ei nyting å sjå på, sa Magnus Moan om Riiber sitt hopp.
Riiber var altså ikkje heilt einig.
SLAKTA SEG SJØLV: Jarl Magnus Riiber.
Foto: Torstein Georg Bøe / NRKVart utsett
Lagkonkurransen skulle eigentleg gått torsdag.
Etter fire kortare utsetjingar vart det bestemt at ein måtte vente til fredag med å hoppe.
Då hadde forholda i bakken blitt langt betre.
UTSETT: Mykje vind gjorde at lagkonkurransen vart flytta frå torsdag til fredag.
Foto: NTBTredje Riiber-gull?
Jarl Magnus Riiber har allereie to gull denne meisterskapen, eitt individuelt i kompaktøvinga og eitt i blanda lagkonkurranse.
Også Jens Lurås Oftebro var med på det gullet.
Han tok sølv i den individuelle konkurransen.
Riiber legg opp etter sesongen.
Publisert 07.03.2025, kl. 12.43 Oppdatert 07.03.2025, kl. 13.27