«Utnytta» 14-åring: Tre mindreårige dømd

1 month ago 34



– Det var ikkje snakk om utforsking av eigen seksualitet mellom likeverdige partar, men utnytting av ein situasjon skapt av fornærma sin rus og interesse for ein av dei, konkluderer dommarane i Sør-Rogaland tingrett.

Sommaren 2022 skal ei då 14 år gamal jente ha blitt utsett for eit gruppeovergrep på ein «heime-aleine»-fest.

For dei fleste involverte var det den aller første festen dei var på. På bordet i stova stod det alkohol og brennevin, fritt tilgjengeleg for alle.

«No er det min tur»

I september i år måtte fire gutar, alle under 18 år, møte i retten for det som skjedde på eit soverom under festen.

– Alle sa «pul henne»

Jenta har forklart at ho i utgangspunktet var inne på soverommet for å vere saman med éin av gutane, som ho hadde kyssa med i stova.

Så skal dei andre brått ha kome inn.

– Alle sa sånn «pul henne» og «no er det min tur», har den fornærma jenta forklart.

Ifølge to av dei tiltalte var det derimot jenta som sa «pul meg» etter kvart som fleire kom inn på soverommet.

Tre dømd – éin frikjend

Dei tiltalte nekta enten for å ha vore på rommet, eller nekta for å ha gjort det som er skildra i tiltalen. 

Dei som var der, oppfatta at fornærma gav samtykke og at dei ikkje skal ha «stått i ein ring og venta på tur».

No er dommen frå Sør-Rogaland tingrett klar.

Tre av gutane er dømde til samfunnsstraff for grov seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år. Den fjerde, som arrangerte «heime-aleine»-festen, er frifunnen.

– At min klient er frifunnen er sjølvsagt gledeleg, men òg venta ut frå bevissituasjonen, seier forsvarar Vegard Bråstein.

 Bjarte Fossfjell / TV 2
FRIFUNNEN: Vegard Bråstein er forsvarer for den frifunne guten som hadde festen heima hjå seg. Foto: Bjarte Fossfjell / TV 2

Retten er ikkje overtydd om at han var med på den seksuelle omgangen med jenta. Dei meiner heller ikkje at gutane har låst døra eller halde den igjen med makt, slik at venninnene til jenta ikkje kom til.

Ein femte gut vart aldri tiltalt, fordi han var under kriminell lågalder då forholdet skjedde.

Mindreårige tiltalt: – La oss være ærlige

Statsadvokat Angjerd Kvernenes seier retten har følgt påtalemakta sin argumentasjon når det gjeld jambyrdes alder og kva dei tiltalte visste om alderen til jenta.

Likevel er nokre bevis vurdert annleis.

– Vi vurderer å anke frifinninga, seier Kvernenes 

Krevjande bevisvurdering

Tingretten legg ikkje skjul på at det er fleire forhold i saka som har gjort bevisvurderinga krevjande.

Forklaringane «sprikar i alle retningar», hendinga er skildra i bruddstykker og nokre forklaringar lar seg ikkje foreine. Noko av dette handlar utvilsamt om at dei involverte er unge folk som har vore overstadig rusa på ein fest.

Dommarane skriv at dei ikkje «ut over kvar ein rimeleg tvil» kan sjå vekk frå dei tiltalte sine forklaringar, som mellom handlar om at nokre av dei berre forsøkte å ha seksuell omgang med jenta.

Det er «uvisse om kven og kor mange av gutane som faktisk hadde sex med fornærma», heiter det i dommen.

– Vart utnytta

Dei konkluderer likevel med at forsøka på å ha sex med jenta kvalifiserer til «seksuell omgang». 

Under rettssaka var det eit viktig poeng for forsvararane at det er liten forskjell i alder mellom dei involverte.

– Det er framstilt nesten som dei var 25 år, og ho var 14. Det var eitt år forskjell her, det skal ein hugse på, sa forsvarar Aleksander Barkved Steinsvåg til retten.

Til det svarar retten at dei likevel meiner jenta er blitt utnytta. 

Dei meiner altså det er bevist at jenta var interessert i ein av dei dømde, men at dei andre «utnytta situasjonen saman til å ha seksuell omgang med henne etter tur».

Kalla «hore» på Snapchat

Retten fekk også sjå utskrifter av chatteloggar frå Snapchat. Ein av loggane stammar frå ein gruppechat mellom fleire av dei tiltalte, same kveld.

Der blir jenta omtalt som ei «hore», og det blir skildra at gutane hadde «kvar sin tur». I ein anna chat skriv ein av dei tiltalte at «alle pulte same jente».

«Kven var jenta», er spørsmålet tilbake.

«Ingen veit», var svaret frå ein av dei involverte.

Bistandsadvokat til den fornærma jenta, Inger Marie Sunde, skriv i ein SMS til TV 2 at ho ikkje har merknader til dommen. 

– Etter mi meining var det riktig å domfelle, og eg forstår grunnane til frifinninga av den eine tiltalte. 

 Bjarte Fossfjell / TV 2
BISTANDSADVOKAT: Inger Marie Sunde meiner dommen er riktig, og seier ho forstår at retten valde å frifinne éin av dei tiltalte. Foto: Bjarte Fossfjell / TV 2

Frådrag

Samfunnsstraffa er på i utgangspunktet 90 timar. 

Ein av dei dømde får derimot 120 timar samfunnsstraff, fordi han filma ein kort snutt av den seksuelle omgangen og viste den «til eit fåtalas personar».

Dei tre, som alle var 15 år på gjerningstidspunktet, må betale 60.000 kroner kvar i oppreisningserstatning til jenta.

På grunn av dei tiltalte sin alder har fengselsstraff utan vilkår vore uaktuelt. Gutane får også frådrag i straff på grunn av lang saksbehandlingstid.

To av dei dømde har allereie anka dommen. Den tredje har tatt omtenkingstid.

Read Entire Article